Tett oppfølging hjelper unge uføre ut i arbeid: – Ingen er god på alt, men alle er god på noko
Frida Sture (25) har på grunn av si funksjonsnedsetting vore uføretrygda sidan ho var 16 år. No har ho fått jobb gjennom prosjektet #syktbrajobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nav-prosjektet #syktbrajobb hjelper unge uføre under 35 år ut i ordinært lønna arbeid. Frida Sture (25) er ei av dei:
– Eg valde å søke jobb gjennom prosjektet fordi det var litt utfordrande å komme inn på jobbmarknaden og finne ein jobb som passa mine føresetnadar, seier ho.
Diagnosen hennar gjer det vanskeleg å prate over telefon, men via e-post får Framtida.no vite at ho i tillegg til å drive eigen blogg og vere arbeidsleiar for eigne assistentar, i dag arbeider fire timar i veka på Sammen, studentsamskipnaden på Vestlandet. Der lagar ho statistikkar og bustadoversikter, og svarar spørsmål frå studentar.
– Eg trivst veldig godt, både med jobben og kollegaane. Eg føler at eg har funne min «plass» og noko eg meistrar, skriv ho.
Mange vil jobbe
Nav definerer det å vere ufør som å ha «varig nedsett arbeidsevne». Om du ikkje er i stand til å arbeide skal uføretrygda erstatte den delen av inntektsevna di som er svekka, livet ut.
– Det blir brukt store ressursar for å sjekke om behandling, utdanning, arbeidsretta tiltak eller andre ting kan hjelpe folk i arbeid. Om ein finn ut at det ikkje er mogleg å arbeide på grunn av helsa, får ein uføretrygd, forklarar jobbspesialist i Nav, Ane Bysheim.
Men sjølv når ein har fått innvilga uføretrygd er det mange som framleis ønsker å jobbe. For andre kan livssituasjonen endre seg til det betre, men ein står då kanskje utan arbeidserfaring.
– Å få innvilga uføretrygd er ein tryggleik som varer livet ut. Om nokon likevel føler seg klar for å kome i jobb etter kvart, er det utruleg viktig at samfunnet tek imot, seier Bysheim, og presiserar:
– Vegen inn i uføretrygd er regulert av mange lovar – men tilbodet ut bør også vere der viss folk sjølv ønsker det.
Tett oppfølging fungerer
Bysheim er ein av jobbspesialistane som følgjer opp dei unge som tek kontakt med #syktbrajobb. Ho og kollegaane tilbyr både arbeidstakar og arbeidsgjevar oppfølging så lenge dei sjølv ønsker det. Så langt har 24 av 78 deltakarar i prosjektet starta i minst éin jobb.
– Me trur det er viktig å gjere «friske» ting sjølv om du er sjuk. Jobb kan vere ein slik ting, seier Bysheim.
Metoden dei brukar vert kalla individuell jobbstøtte. Den skil seg frå tradisjonelle tiltak som arbeidstrening og jobb i skjerma bedrifter ved at deltakarane byrjar direkte på ein ordinær arbeidsplass. Studiar har vist at fleire som får denne type oppfølging blir verande i jobb, og tiltaket har vist seg å ha særleg god effekt for personar med moderat eller alvorleg psykisk sjukdom.
– Mange med til dømes angst treng tett oppfølging og støtte for å stå i arbeidet, forklarar Bysheim.
Fleire unge uføre
Andelen unge som mottek uføretrygd har auka dei siste åra, viser tal frå SSB. I 2020 bikka talet på uføre i alderen 18-29 år 20.000 personar, det høgste nokon gong. Fleire enn 60 prosent er uføretrygda på grunn av psykiske lidingar eller åtferdsforstyrringar.
I årets perspektivmelding frå regjeringa blir den aukande andelen nordmenn som står utanfor arbeidslivet trekt fram som ei av bekymringane for framtida.
I åra og tiåra som kjem vil Noreg få fleire eldre, og færre i arbeidsfør alder. Om talet på unge som ikkje kjem seg i arbeid samstundes aukar, vil det bety store kostnadar for samfunnet.
Vegen inn i uføretrygd er regulert av mange lovar – men tilbodet ut bør også vere der viss folk sjølv ønsker det
Bysheim meiner samfunnet bør satse på at alle som sjølv ønsker å kome i arbeid skal få moglegheita til det, uansett kor stor eller lita stillinga er. Det trur ho vil gagne både samfunnet og enkeltpersonane det gjeld.
– Eg trur det er viktig å forstå at alle ikkje kan arbeide fulle dagar og veker. Vår erfaring er at nokon treng å starte forsiktig. Ei ti prosent stilling kan til dømes vere utruleg viktig for den det gjeld personleg, men også i eit folkehelseperspektiv, fortel Bysheim og utdjupar:
– Det å ha ein jobbidentitet, å ha kollegaar og å kjenne at nokon har bruk for deg, er utruleg viktig. I tillegg til det økonomiske, sjølvsagt.
– Gje alle sjansen til å vise sine styrker
Psykiske vanskar er eit døme på korleis livssituasjonen kan endre seg til det betre etter at ein har fått innvilga uføretrygd, forklarar Bysheim:
– Om ein har vore psykisk sjuk vil det ikkje alltid seie at du for resten av livet er psykisk sjuk. For mange unge handlar det om å få tid til å bli kjent med eigen diagnose, og å komme ut av ein usunn livssituasjon.
Bysheim seier uføre er ei gruppe som opplever mykje stigmatisering.
– Mange vil jobbe, men kan ikkje på grunn av sjukdom eller skadar, seier ho.
Frida Sture håpar stigmatiseringa uføre møter i samfunnet kan bli møtt med openheit.
– Eg tenker det er viktig å gje alle ein sjanse til å vise sine styrkar, og ikkje setje folk i båsar. For ingen er god på alt, men alle er god på noko, skriv ho.
Slit med rekruttering
Framover håpar Nav tilbodet skal klare å fange opp endå fleire som ønsker slik oppfølging.
– Me har brukt mykje tid på å gjere oss kjend på ulike flater, men det er uvisst kor mange i målgruppa som veit om oss. Så langt er det berre omlag to prosent i målgruppa som har teke kontakt, seier Bysheim.
Sture er fornøgd med oppfølginga ho har fått undervegs i jobbsøkarprosessen, og anbefalar andre i same situasjon å nytte seg av tilbodet. Sjølv ser ho for seg å halde fram i jobben på Sammen i tida framover.
– Eg tenker at det er viktig at unge får kjennskap til prosjektet og får vite at det finst folk som kan hjelpe til i denne prosessen. Det trur eg kan gje mange ein motivasjon.
Er du nysgjerrig på kva ulike yrke inneber? Les meir i spalta Yrket mitt!
- Fredrik (33) er aksjemeklar: – Exit har nok vore med på å skape nokre feiloppfatningar av yrke i finans.