Lakseburgar og høg swing-faktor: Slik er det på sommarleir med Senterungdommen

– De trur kanskje at vi er bønder, men ikkje alle er det, seier senterungdom Akalya Sivananthan. Også jegerar, sankarar og trønderar var representerte på sommarleiren til ungdomspartiet.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

På vegen ut mot Senja er det større fare for å treffe på ein elg langs vegen, enn ein Tesla.

Vi er nærare Svalbard enn Ring 3.

Både grisar, sauar og kyr beitar i vegkanten.

Jau då. Det er Senterungdommen sin sommarleir vi er på veg til.

På Gibostad skule på Senja, 2,5 timar i bil frå Tromsø (om du tar den kortaste vegen og er heldig med ferja), samlast 45 senterungdommar frå heile Noreg til sommarleir.

Midnattssola har kome og gått for i år. Men sola varmar framleis, tergar skyene som bryt ut i torevêr, før det klarnar opp igjen.

Framtida møter senterungdommane på utflukt til oppdrettsselskapet Salmar ASA. Dei unge politikarane får ein nøye gjennomgang av drifta gjennom både omvising, båtturar på fjorden, besøk i slakteriet, storslegne filmar og ein omstendeleg kviss om bedrifta.

Til lunsj er det dessutan lakseburgar som ungdomspolitikarane får i oppgåve å lage sjølv, til stor glede for fotografen frå Framtida.

Norsk mat frå ei stor og viktig næring i distriktet verkar å falle i god smak hos dei fleste senterungdommane. Og dei som har dei største innvendingane mot oppdrettsnæringa, er truleg på sommarleiren til Grøn Ungdom; ikkje her.

Kult og fascinerande

– Besøket hos Salmar har vore eit høgdepunkt så langt! Det er så kult og fascinerande, seier Akalya Sivananthan (18), som har teke vegen nordover heilt frå Akershus.

Ho seier at noko med det kjekkaste på leiren er å møte senterungdommar frå heile landet. Ho skildrar ein typisk senterungdom som jordnær, og det er uvisst om den doble tydinga er medviten eller ikkje.

– Vi er glade i landet, og alt som er nært oss. Vi vil ha politiet nært oss – alt. Og senterungdommar er så velkomne. De trur kanskje at vi er bønder, men ikkje alle er det. Men vi er veldig glad i naturen, seier ho.

– Og så får vi vere på Senja, eventyrøya! Det er fantastisk, seier ho.

Trener på debatt

Etter besøket hos Salmar drar senterungdommane tilbake til Gibostad skule. I god sommarleirtradisjon søv ungdommane på oppblåsbare madrassar i klasseromma, som er delte inn i «gutar», «jenter» og «trønderar».

På kjøkenet byrjar nokre å lage dagens middag – taco –, medan resten av deltakarane samlast til debattrening.

Her får dei trene på å bygge opp argument, svare på angrep frå andre parti, og terpe på kjernesakene til Sp. Ikkje minst får dei eksponeringsterapi. Skulevalet nærmar seg, og mange av ungdommane som er på leiren, skal stille i debatt på skular rundt i landet. Nokre har gått debatt i fleire år, medan andre er heilt ferske.

Slått av KrF

– Det enklaste i debatt er å repetere seg sjølv til du blir kvalm av det du seier, seier nestleiar Ashish Kumar Bhargava til forsamlinga.

Stemninga i Senterungdommen er spent opp mot det kommande valet. Senterpartiet er ikkje ein storfavoritt blant dei unge. I førre stortingsval gjorde Sp eit brakval med 13,5 prosent av røystene, medan partiet berre fekk 7,9 i skulevalet. Sidan det har både moderpartiet og Senterungdommen mista medlemmer medan Sp sat i Støre-regjeringa.

Unge veljarar vert trekte mot høgresida. I ei måling frå mai sa berre 2,7 prosent av menn mellom 17 og 25 at dei ville røyste på Sp.

– Til og med KrF slår oss! seier Bhargava.

Han meiner Sp har vore for snille, og treng å bli meir offensive.

– No når vi ikkje er i regjering, kan vi vere så frekke vi vil, seier han.

Han viser til at ein debattant frå Frp kan rope om billegare alkohol og snus, og få vill jubel frå salen i skuledebattar.

Det er dette dei skal møte på. Debatt kan vere vanskeleg og skummelt. I alle fall den første.

– Men etter at du har gått din første skulevalkamp så kan du klatre Mount Everest, seier Bhargava.

Glad i å prate

Isak Nygaard Takle (16) er blant dei på leiren med kortast reiseveg til Senja. Frå heimstaden hans, Salangen, er det berre knappe to timar med bil.

– Å få mange søringar hit og vise dei rundt i Troms, på flotte Gibostad, er veldig gøy, seier han.

Han slår fast at folka er det beste med å vere på leir. Han vil skildre senterungdommane som engasjerte, utadvente, og folk som bryr seg og torer å stå opp for det dei meiner.

– Eg har vorte fortalt sidan eg var liten at eg er glad i å prate og seie kva eg meiner. Eg enda nok opp i politikken for å ha ei plattform til å snakke med andre om politikk, seier han.

Isak Nygaard Takle (16) frå Salangen i Troms er på sommarleiren til Senterungdommen på Senja. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Godt humør

Victoria Helene Gjelsvik Høydalsvik (15) fortel at ho melde seg inn i Senterungdommen då ho var 13, fordi det verka som om folka i organisasjonen var hyggelege med godt humør. Det har vist seg å stemme, seier ho.

– Det finst mange ulike senterungdommar. Men noko ein kan kjenne igjen, er at dei har godt humør, er inkluderande og har lyst til å lære om folk dei møter. Og dei bryr seg om dei lokale sakene sine, seier ho.

Høgdepunktet hennar for leiren har endå ikkje skjedd når Framtida snakkar med henne: Temafest laurdag kveld. Temaet for festen er eventyr, og deltakarane har vorte oppmoda til å kle seg ut som til dømes karakterar frå eventyra om Askeladden, Dei tre bukkane bruse, Pannekaka eller Frost.

Attpåtil feira Senterungdommen-leiar Nils Forren 25-årsdag same dag.

Høg swing-faktor

Og det skal seiast: Senterpartiet har rykte på seg for å vere gode på fest. Når Framtida har intervjua dei andre ungdomspartileiarane, har både Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre, Tobias Stokkeland i Grøn Ungdom, Ola Svenneby i Unge Høgre, Audun Hovda i SU (spoiler!) og Gaute Skjervø i AUF svara at Sp er det partiet dei helst ville vore på fest med. Senterungdom-leiar Nils Forren slår sjølv fast at Sp er best på fest.

Difor er det ein liten tragedie at Framtida ikkje hadde høve til å sjekke stemninga på ein fest med Senterungdommen, når ein først har reist til Senja for å dekke sommarleiren.

Vi tek difor ein telefon til Jonas Haugsbø frå Høyanger i Vestland. Som sentralstyremedlem – og dessutan nattevakt – heldt Haugsbø seg edru heile kvelden, og hugsen hans er dimed skarp. Han kan skrive under på at Senterungdommen, nett som moderpartiet, veit å lage fest.

– Dei fleste av oss har vore på ein god bygdefest. Det er kjekkare det, enn mykje anna. Eg trur rett og slett vi har den gode bygdekulturen med oss der vi går. Det lagar god stemning. Eg torer å påstå at Sp har den største delen av medlemmar som kan danse swing, seier han.

Haugsbø slår fast at dei viktigaste ingrediensane i ein god bygdefest er eit godt måltid, kjekke folk og artig musikk. Og så kan det vere ein bonus om du har noko i posen som klirrar.

– Kva musikk speler de på fest med Senterungdommen?

– Det er faktisk imponerande variert. Gode, typiske slagerar og lokale artistar frå Senja og andre stader. Hans Rotmo og Vømmøl-slagerar står alltid høgt i kurs. Og så vert det alltid allsong og god stemning når nokon set i gang Olav Tveiten!

Eventyrtolking

På kostymefesten dukka medlemmane opp i ulike tolkingar av ordet «eventyr». Både Teskjekjerringa (viss det framleis er lov å seie) og Askeladden var representerte.

Sjølv hadde Haugsbø ei original tolking av temaet:

– Eg jobbar som fabrikkarbeidar, så eg tok på meg arbeidskleda mine og kledde meg som eit norsk industrieventyr.

Haugsbø understrekar at med deltakarar under både 20 og 18, var det viktig å sørge for at festen var kjekk for alle, alkohol eller ei. Delegasjonsleiarar og sentralstyret heldt seg alle edru.

– Vi skal vere opne og inkluderande for alle, og særleg dei yngre, seier han.

Krangling på møterommet – vener utanfor

Haugsbø fortel at det sosiale aspektet er viktig av ulike grunnar. For det første skal det helst vere kjekt å vere del av ein organisasjon.

For det andre skal Senterungdommen ha rom for både dei som ønsker å klatre den politiske stigen og bli framtidige stortingsrepresentantar og statsrådar, men også dei som berre vil møtast i ny og ne og drikke øl med likesinna.

– Det er ein stor fordel om folk i partiet kjenner kvarandre og er vener. Vi kan krangle så busta fyk på møterommet, og så går vi ut derifrå og er gode vener. Det gjer det lettare å arbeide med krevjande saker som kan splitte både partiet og folket, seier han.