Klimaskuffelse over SVs exit: – Ein gedigen tabbe av Støre
Frå fleire hald blir det uttrykt skuffelse over at SV ikkje fekk gjennomslag for sin miljø- og klimapolitikk i regjeringssamtalane med Ap og Sp.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bellona-leiar Frederic Hauge seier til VG at Arbeidarpartiets leiar, og truleg Noregs nye statsminister, Jonas Gahr Støre, har gjort ein gedigen tabbe.
– Støre må ha trudd at SV var så regjeringskåte at dei ikkje meinte alvor med krava sine om endringar av olje- og klimapolitikken. Det er ein gedigen tabbe av Støre, kanskje den største i livet hans, seier Hauge til VG.

Venstre-leiar Guri Melby seier det er skuffande om Støre ikkje makta gje SV gjennomslag på miljøog klima.. Foto: Oda Scheel/Venstre
Venstre-leiar Guri Melby seier til Dagbladet at det er ein mørk dag for norsk klimapolitikk.
– Vi har heile tida sagt at det trengst eit miljøparti i regjering, og med ei Støre-regjering måtte SV ta den rolla. Viss ikkje Støre har klart å gi SV dei gjennomslaga dei trengde på miljø og klima, er det veldig skuffande, seier Melby til Dagbladet etter at det vart klart at SV trekkjer seg frå regjeringssonderingane.
Trekte seg
SV-leiar Audun Lysbakken peika på klimapolitikken som eitt av to område der avstanden mellom partia som har sete i samtalar på Hurdalsjøen Hotell, var for stor.
SV søkjer derfor heller opposisjonstilværet på Stortinget enn å sitje i regjering og skuffe veljarane med ein klimapolitikk partiet ikkje kan stå inne for.
Det er trist at dei raudgrøne forhandlingspartane ikkje har klart å bli samde om «vår tids aller viktigaste saker», meiner WWF Verdens naturfond.

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdens naturfond. Foto: Haakon Nordvik /WWF Verdens naturfond
Takkar SV
– No kviler det stort ansvar på partia som er igjen. Vi står midt i ei klimakrise og ei naturkrise, og politiske avgjerder som blir tekne dei neste åra får stor påverknad på livsvilkåra for menneske og natur i mange generasjonar framover, seier generalsekretær Karoline Andaur.
Dyrevernorganisasjonen Noah takkar SV for å stå på krava i naturvernpolitikken.
– Noah er glade for at SV held løfta og ikkje går med på uakseptabel politikk for natur og trua dyr, seier leiar Siri Martinsen i Noah.
- Les også om kvifor Dina (14) vil vere med å brøle i fire år: – Det passar betre å brøle enn å setje seg ned og vere redd.