Skal brøle for klimahandling i fire samanhengande år

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vi kjem til å høyre i morgon er at det brenn på dass. Det må grunnleggjande systemendringar til innanfor alle samfunnssektorar, ikkje dei kompromissendringane som har prega klimatiltaka både i Noreg og i verda, seier Even Nord Rydningen.

Framtida.no slår på tråden torsdag morgon, og 37-åringen har mykje på tapetet, for fredag går startskotet for Klimabrølet.

I 2019 drog Rydningen i gang eit landsdekkjande brølekor, der nesten 60.000 stemmer deltok og ropte for klimahandling.

I år er målet å samle to millionar brøl. 

– Vi skal bygge vidare på arven med å ha modige og hårete mål, og vi skal gå all in.

Nøler i frykt for å miste stemmer

Startskotet for årets Klimabrøl vert markert både i Oslo og andre stadar i landet, og heile Noreg vert oppmoda til å sende inn sitt brøl for klimahandling. Alle bidraga vert samla i eit Brølebibliotek og skal synast fram i Brølofonen, ein kunstinstallasjon som vert avduka framfor Stortinget fredag.

Rydningen håpar å skape tidenes klimamarkering – fire samanhengande år med unike brøl.

– Det er framleis slik at den viktigaste og vanskelegaste utfordringa i klima- og naturkampen er å byggje ei breiare folkeleg oppslutning om dei modige, djuptgåande tiltaka som politikarane må ta på vegner av oss, konstaterer Rydningen og held fram:

– Politikarane veit i all hovudsak kva som må gjerast, at det løner seg, at teknologien er på plass og at næringslivet pushar på, men dei nøler av frykt for å miste stemmer.

Arkivbilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

I 2019 var klima for første gong peika fram som den aller viktigaste politiske saka for norske veljarar. Også i fjor vart klimaendringane løfta fram som vår tids største utfordring.

Klimabrøl-arrangøren legg ikkje skjul på at han håpar årets val vert eit klimaval, for han meiner det er no eller aldri.

– Vi har ein historisk kontekst der alt står på spel. Vi er med opne auge i ferd med å sende ei rekning til etterkomarane våre som dei ikkje kan betale. Alvoret er monumentalt.

Dina (14): – Betre å brøle enn å setje seg ned og vere redd

Ein av dei som har tenkt å sende inn sitt brøl er 14 år gamle Dina Lau-Henriksen, som er leiar av Barnas klimapanel i Miljøagentane.

– Vi treng at noko blir gjort no. Vi har ikkje tid til å vente, seier Lau-Henriksen.

Dina Lau-Henriksen skal brøle for å fortelje politikarane at vi ikkje har tid til å vente på klimahandling i 20 år. Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentene

Ho var med då det første Klimabrølet vart arrangert for to år sidan, og har tenkt å stille framfor Stortinget også i år. Ho meiner denne typen demonstrasjon kler alvoret i klimakrisa godt:

– Det passar betre å brøle enn å setje seg ned og vere redd.

14-åringen fortel at ho har forståing for dei som synest at resultata i den nye klimarapporten til FN, som synte at oppvarminga av kloden ligg an til å nå 1,5 grader innan 20 år sjølv med djupe og raske utsleppskutt, er ekle å tenke på. Sjølv har ho også kjent på klimaangsten, og fortel at ho bli stressa av kjensla av at det ikkje er håp. 

– Det er håp! Men vi er nøydde til å gjere noko, for det lovar jo ikkje godt. Min måte å takle det på, er at eg prøver å gjere noko. Når eg føler at eg er med på å gjere ein forskjell, tek det vekk mykje av angsten.

Drøymer om at prestar og Staysman brøler

Første gong Even Rydningen brølte for klimaet tok han permisjon frå jobben i UDI i fem månadar og trappa opp framfor Stortinget kl. 12 kvar einaste dag. I år har han planlagt utan å ta fri, og han medgjev at det har vore utfordrande å få alle brikker på plass:

– No har eg sete åleine med laptopen heime. Folk er koronatrøytte, og det har vore einsamt og vanskeleg.

Sjå videoen av lunsjbrøla til Rydningen i 2019:

Men omsider er puslespelet klart. Med på laget har Klimabrølet fått ei rekkje store bedrifter og organisasjonar, frå Norges Idrettsforbund til Pensjonistforbundet og fleire bispedøme frå Den Norske Kirke, samt profilar som Röyksopp, Sigrid og Mari Boine.

– Klimabrølet er ein måte å gje folk ein enkel, morosam og partipolitisk uavhengig måte å engasjere seg på, seier Rydningen og utdjupar:

Ein skal tenkje at «dette er gøy», «sjefen min diggar det, presten, korleiaren og kjendisen diggar det», slik at alle kjenner at dei har ei tilhøyrsle i klimakampen.

– Kven er ditt draumebrøl? 

– Eg seier Staysman! svarar Rydningen etter litt tenkjetid. 

Klimabrøl-arrangør Even Nord Rydningen drøymer om at Stian Thorbjørnsen (Staysman) skal brøle for klimahandling. Her frå ein drive-in-konsert i 2020. Foto: Lise Åserud / NTB

– Han kan vere ein brubyggjar. Han kan vise unge på bygda at dei sjølvsagt har ei avgjerande rolle å spele i tidenes kamp. Vi skal vinne den kampen, men vi kan berre gjere det saman. 

– Må stå saman

Brølofonen med alle dei innsende brøla skal forhåpentlegvis reise landet rundt dei neste fire åra, men den første månaden vert han ståande utanfor Domus Juridika, nybygget til juridisk fakultet hjå UiO.

Klimabrølet hadde håpa Brølofonen fekk stå på Eidsvolls plass framfor Stortinget, men fekk nei på søknaden, noko Rydningen tykte var skuffande, men ikkje overraskande.

Innan siste brølet er spelt av, om fire år, håpar Rydningen at landet har staka ut ein ny kurs som gjer det mogeleg å oppfylle forpliktingane frå Parisavtalen og held temperaturauken godt under 2 grader. Noreg satsar på fornybart, forbruker mindre og prioriterer annleis.

Vi må stå saman og vere samde om at dette vert ein vanskeleg veg å gå, men at vi vil gå han saman.


Valerio og Dina er uroa over ekstremvêret. Dei trur likevel ikkje at det vil føra til politiske endringar. Foto: Eirik Tangeraas Lygre