Miljøorganisasjonar med felles krav til ny regjering
Seks miljø- og solidaritetsorganisasjonar har samla seg om tre felles krav til dei raudgrøne partia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medan Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sonderer på Hurdalsjøen Hotell, har ei rekkje pressgrupper komme med krav og ønskjer til det som kan bli ei ny raudgrøn regjering.
No har dei seks miljø- og solidaritetsorganisasjonane Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, Greenpeace, SPIRE og Attac samla seg om tre felles krav.
– Det er ein formidabel jobb den nye regjeringa vår står overfor. Vi forventar at dei utviser mot og handlekraft og gjennomfører dei nødvendige grepa som må til for at vi skal stanse naturkrisa og kutte utslepp i det tempoet verda no treng, seier leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender i ei pressemelding.
Må vekk frå bruk-og-kast
Dei tre krava er som følgjer:
- Noreg må slutte å leite etter meir olje og gass.
- Naturen må vernast. Det betyr mellom anna strengare regulering av hytteutbygging, meir skånsam utbygging av vegar og vindkraft og nei til dumping av gruveavfall i fjordane.
- Det må byggjast ein sirkulær økonomi med mindre sløsing og meir gjenbruk.
– Det vi treng, er tiltak som omgåande set ein stoppar for nedbygginga av norsk natur og som tek oss vekk frå den bruk-og-kast-økonomien vi i dag styrer etter, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.
- Les også intervjuet med Spire-leiaren i førekant av FN-toppmøte: – Menneskerettar må vike for storselskapa sine interesser