Kan bli historisk regjering for nynorsken

Om Støre si draumeregjering leverer nynorskpolitikken dei har lova i dei tre programma sine, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har enorme forventingar til Jonas Gahr Støre og dei han får med seg. Alle dei raudgrøne partia har gått til val på ein offensiv nynorskpolitikk, og det er umogleg å sjå for seg at ei ny regjering ikkje skal føre ein betre politikk for nynorsken enn Solberg-regjeringa.

Det seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han er tydeleg på at det no må kome eit taktskifte på veg mot reell likestilling av nynorsk og bokmål, og meiner det raudgrøne fleirtalet må syne at dei meiner alvor på vegner av nynorsken.

Nynorskvenlege program

I etterkant av landsmøtesesongen, gjekk Mållaget gjennom språkpolitikken partia vedtok. Dei tre partia i Støre si draumeregjering – Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti – fekk alle ros for nynorskprioriteringane sine.

Ifølgje Lofnes Hauge har dei tre partia samla sett gått til val på alle hovudkrava til Noregs Mållag.

– Arbeidarpartiet har aldri gått til val på betre nynorskpolitikk enn i år, og har kjempa for nynorsken på Stortinget denne perioden. Senterpartiet har ein solid nynorskpolitikk og SV sin nynorskpolitikk kunne vore henta rett ut av arbeidsprogrammet til Noregs Mållag, seier han.

I slutten av august føreslo Solberg-regjeringa å innføre språkdelte ungdomsskular, noko mållagsleiaren forventar at den nye regjeringa sikrar.

I tillegg forventar Lofnes Hauge at den komande regjeringa styrkjer den obligatoriske sidemålsopplæringa, og sikrar at nynorskelevane får den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel og læringsverktøy som bokmålselevane.

– Den nye regjeringa bør ha som overordna språkpolitisk mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg. Dette må følgjast opp med aktive tiltak for å styrkje nynorsken på alle samfunnsområde – og særleg i skulen, slår mållagsleiaren fast.


Ylva Holm Torsteinson sit i Oslo bystyre for Raudt. Foto: Eivind Volder Rutle