Ny opplæringslov skal sikre eigne nynorskklassar òg i ungdomsskulen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 26. august sender regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring.

– Eg håper det vil føre til at fleire elevar vel å bruke nynorsk som hovudmål òg i ungdomsskulen. Målet er å styrke rettane til elevane, men òg å styrke det norske språket. Eg ser på det som positivt både for elevar som brukar bokmål og nynorsk, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til Nynorsk pressekontor.

I dag har elevar i barneskulen rett til å gå eiga nynorskklasse i barneskulen sjølv om fleirtalet av elevane på skulen har bokmål, så lenge dei er over 10 nynorskelevar på trinnet. Fram til no har ikkje denne retten vore for ungdomsskulen.

I forslaget til ny opplæringslov heiter det ifølge Kunnskapsdepartementet at regjeringa vil utvide retten til å gå i eiga skriftspråkgruppe òg til ungdomstrinnet.

Minst ti elevar

– Det vil seie at dei kan velje om det er ei gruppe der dei skal ha alle timane med dei same elevane eller ei eiga gruppe berre i nynorskundervisninga. Det vil avhenge litt av kor stor gruppa er og av organiseringa. Men det er ein veldig tydeleg rett til å få bruke det skriftspråket du har, seier Melby.

Endringa er i hovudsak retta mot nynorskelevar i skulekrinsar med både bokmål- og nynorskelevar, for å sikre god opplæring for elevar som har eit skriftspråk som er minoriteten.

– Om ein får ei eiga gruppe der alle har nynorsk, blir det lettare. At læraren skriv på tavla på di målform, gjer det lettare for deg å halde på språket, seier Melby.

Historisk språkrett

Mållaget har i lang tid fremja språkdelt ungdomsskule som eit hovudkrav til den kommande opplæringslova, og er godt nøgde med den varsla endringa i lova.

– Det er ein historisk ny språkrett for nynorskelevane. Det er kjempesiger både for målrørsla og for nynorskelevar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– At Guri Melby føreslår å innføre ein heilt ny språkrett for nynorskelevar, er heilt historisk. Dette er noko Mållaget har jobba med i mange år. Det viser ein kunnskapsminister som tar nynorskelevane på alvor, som har ambisjonar for nynorsk i opplæringa og som har tatt inn over seg at det er annleis å vere nynorskelev enn bokmålselev i skulen.

Leiar i Mållaget Peder Lofnes Hauge meiner det er historisk at regjeringa vil utvide retten til å gå i eiga skriftspråkgruppe til òg å gjelde ungdomstrinnet. Foto: Noregs Mållag

Digitale læremiddel

Mållaget har òg store forventningar til retten til digitale læremiddel. Dei krev at nynorskelevar skal ha same rett og tilgang på eiga målform på pc og ipad som det bokmålselevane har. Dei krev òg at skriveprogram skal vere kompatible både på nynorsk og bokmål.

– Vi meiner bestemt at det må vere krav om at skriveverktøy som blir brukt i skulen, forstår både bokmål og nynorsk, seier Hauge.

I eit skriftleg svar om digitale læremiddel i det nye lovforslaget, skriv Kunnskapsdepartementet at «Regjeringa er opptatt av at alle elevar får digitale læremiddel på sitt hovudmål. Det er eitt av temaa i lovforslaget. Eit konkret forslag er at vi vil lovfeste at skulane, så langt det er mogleg, skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk».

Kunnskapsministeren er tydeleg på at det er viktig for nynorskelevane i ungdomsskulen å møte sitt eige skriftspråk i undervisninga.

– Eg trur det er viktigast for nynorskelevar fordi det er vanskeleg for ein elev å halde på målforma om ein går i ein klasse med fleire bokmålselevar. Eg trur ungdomstida er ein kritisk fase for å innarbeide språket og bli trygg på det, finne si eiga stemme og tørre å halde på eit val som gjer deg litt annleis, seier Melby.


Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge reagerer på valplakatane til FpU. Denne hang hjå Charlottenlund skole i Trøndelag i førekant av ein skuledebatt måndag. Foto: Foto: Noregs Mållag, Marit Voldsund Fjeldvær (sentralstyremedlem i Norsk Målungdom). Kollasj: Framtida.no