Dette er dei yngste på Stortinget – 14 under 30 år er valt inn

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Arbeidarpartiet

Åse Kristin Ask Bakke (25)

Parti: Arbeidarpartiet
Valkrins: Møre og Romsdal
Frå: Harøya
Yrke:
Sjukepleiar

Åse Kristin Ask Bakke vert den yngste stortingsrepresentanten som skal ta plass på Stortinget dei neste fire åra. Ho er 19 dagar yngre enn Raudt-politikar Tobias Drevland Lund, som er nest yngst.

Sjukepleiaren frå Harøy har likevel lang politisk erfaring. Allereie som 19-åring, i 2015, vart ho varaordførar i heimkommunen Sandøy. Ho er truleg den yngste varaordføraren gjennom tidene.

Før den tid var Bakke aktiv i ungdommens kommunestyre, ungdomspanelet i Møre og Romsdal, og som representant på Ungdommens storting.


Foto: Didrik Sten Ingebrigtsen/Raudt

Tobias Drevland Lund (25)

Parti: Raudt
Valkrins: Telemark
Frå: Kragerø
Yrke: Statsvitskapstudent og butikkmedarbeidar

Då Raudt kom seg over sperregrensa for første gong, og sikra seg utjamningsmandat kom også Tobias Drevland Lund inn på Stortinget for første gong.

Lund har arbeidd som butikkmedarbeidar hjå ulike butikkar i åtte år, og på valdagen fortalde han NRK at han hadde heilgardert seg for hausten: Han hadde spurt sjefen på Kiwi om å få kome attende i arbeid der, om han ikkje kom inn på Stortinget.

25-åringen frå Kragerø har tidlegare vore leiar i ungdomspartiet Raud Ungdom frå 2018 til 2020. Frå 2015-2019 var han òg kommunestyrerepresentant i heimkommunen.


Foto: Senterpartiet

Anja Ninasdotter Abusland (25)

Parti: Senterpartiet
Valkrins:
 Aust-Agder
Frå: Songdalen
Yrke: Sjukepleiar

Det var lenge usikkert om Anja Abusland skulle kome inn på tinget, men det gjorde ho!

Dette er første gong Abusland er innvald, ifølgje lokalavisa N247 er ho den første stortingskandidaten frå Finsland på over 100 år.

25-åringen vart vald inn i kommunestyre i 2015, då ho berre var 19 år gamal, og var senterpartirepresentant der til 2019.  No sit ho i bystyre i Kristiansand.

Abusland tek plass på Stortinget våre neste år, etter at foreldrepermisjonen er over.


Foto: SV

Freddy André Øvstegård (26)

Parti: Sosialistisk Venstreparti
Valkrins: Østfold
Frå: Sarpsborg
Yrke: Stortingsrepresentant

Freddy André Øvstegård vart vald inn på Stortinget for første gong i 2017. Då var han 22 år gammal, og den yngste av alle av representantane.

Øvstegård har til no vore medlem av familie- og kulturkomiteen og kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Før 26-åringen hamna i rikspolitikken studerte han statsvitskap og idéhistorie på Universitetet i Oslo.

Øvstegård vart medlem i Sosialistisk Ungdom som 14-åring, og skipa Sarpsborg SU med nokre kameratar på ungdomsskulen. Då han vart folkevald for første gong, var Øvstegård nestsleiar i ungdomspartiet.


Foto: Høgre

Aleksander Stokkebø (26)

Pari: Høgre
Valkrins: Rogaland
Frå: Stavanger
Yrke: Student og stortingspolitikar

Aleksander Stokkebø heldt på å få eit direktemandat til Stortinget ved valet i 2017, men då stemmene var talde opp så glapp plassen.

Men sidan partikollega Bent Høie skulle halde fram som helse- og omsorgsminister, vart Stokkebø fast møtande stortingsrepresentant som vara. No er Stokkebø på tinget igjen!

På Stortinget har 26-åringen vore medlem i utdannings- og forskingskomiteen, og sist finanskomiteen. I Stavanger har han vore medlem i Stavanger bystyre mellom 2015-2019.

Før han tok til på tinget var Stokkebø aktiv i Unge Høgre, Europeisk Ungdom og Ungdom mot rasisme.


Foto: Bente Kjøllesdal

Andreas Sjalg Unneland (27)

Parti: Sosialistisk Venstreparti
Valkrins: Oslo
Frå: Sotra
Yrke: Jurist

Andreas Sjalg Unneland er vald inn på Stortinget for første gong, men har tidlegare vore fjerdevara frå Hordaland.

27-åringen har lang fartstid i ungdoms- og studentpolitikken, og var leiar i Sosialistisk Ungdom frå 2018 til 2020.

I fire år var Unneland einaste SV-representant i kommunestyret i Fjell kommune.


Foto: Senterpartiet Rogaland

Lisa Marie Ness Klungland (27)

Parti: Senterpartiet
Valkrins: Rogaland
Frå: Nerheim, Ølen
Yrke: 
Sjukepleiar

Lisa Marie Ness Klungland sikrar seg eitt av Senterpartimandata frå Rogaland.

27-åringen er utdanna sjukepleiar og arbeider til dagleg hjå Stavanger Universitetssjukehus. No er det derimot duka for pendlarbustad i hovudstaden og politikk på fulltid.

Tidlegare har Klungland vore leiar i Rogaland Senterungdom, frå 2019 til 2021.


Foto: Høgre

Erlend Svardal Bøe (28)

Parti: Høgre
Valkrins: Troms
Frå: Florø
Yrke: Politikar

Florøværingen Erlend Svardal Bøe er vald inn på Stortinget for aller første gong.

28-åringen har ei rekkje verv bak seg, mellom anna som generalsekretær i Unge Høgre frå 2015-2017. Dei siste seks åra har han representert Høgre i kommunestyret i Tromsø.

Endå det er første gong Bøe er folkevald til Stortinget, så har han vore i stortingsapparatet før. I periodar har han nemleg vore konstituert statssekretær til partikollega og helse- og omsorgsminister Bent Høie.


Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen via Høgre/Flickr/CC BY-NC 2.0

Mathilde Tybring-Gjedde (28)

Parti: Høgre
Valkrins: Oslo
Frå: 
Oslo
Yrke: Jusstudent og stortingsrepresentant

Mathilde Tybring-Gjedde kom inn på Stortinget for andre gong, også i 2017 var ho ein av dei yngste representantane som fekk plass.

Før ho sjølv byrja møte fast på Stortinget, var Tybring-Gjedde politisk rådgjevar for helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Tybring-Gjedde har sete i utdannings- og forskingskomiteen sidan stortingsstarten.


Foto: Stortinget

Emilie Enger Mehl (28)

Parti: Senterpartiet
Valkrins: Hedmark
Frå: Lørenskog
Yrke: Advokatfullmektig og stortingsrepresentant

Emilie Enger Mehl er òg innvald for andre gong, og var den yngste Senterpartipolitikaren som fekk plass i 2017.

Før ho tok steget inn i moderpartiet, var Mehl fylkesleiar i Hedmark Senterungdom i tre år (2012-2015) og organisatorisk nestleiar i Senterungdommen (2015-2016).

28-åringen er òg kjend utanfor politikken. I 2015 gjekk ho av med sigeren i første sesong av NRK-serien Anno. På valdagen var Mehl oppteken med ei ny reality-innspeling, nemleg den nyaste sesongen av Kompani Lauritzen.


Foto: Senterpartiet

Marit Knutsdatter Strand (29)

Parti: Senterpartiet
Valkrins: Oppland
Frå: Lørenskog
Yrke: Stortingsrepresentant

Marit Knutsdatter Strand vart stortingsrepresentant for første gong i 2017, og er no innvald igjen for Oppland.

Strand sit i utdannings- og forskingskomiteen, og har gjort det frå starten av.

Tidlegare har 29-åringen vore leiar av Oppland Senterungdom frå 2012-2014, og sentralstyremedlem i Senterungdomen frå 2015-2016.

Marit Knutsdatter Strand har i tillegg hatt ei rekkje verv i studentdemokratiet og i organisasjonslivet.


Foto: Arbeidarpartiet

Even A. Røed (29)

Parti: Arbeidarpartiet
Valkrins: Buskerud
Frå: Veggli
Yrke: Lærar

Even A. Røed er til vanleg lærar i Kongsberg, og nestleiar i Kongsberg Arbeidarparti. No er han inne på Stortinget for første gong.

Røed har tidlegare vore i kommunestyret i heimkommunen Rollag, samt fjerdevara frå Buskerud i siste stortingsperiode.


Foto: Høgre

Sandra Bruflot (29)

Parti: Høgre
Valkrins: Buskerud
Frå: Lier
Yrke: Nesten ferdigutdanna lærar

Den tidlegare Unge Høgre-leiaren Sandra Bruflot er vald til Stortinget for første gong.

Bruflot har lang erfaring frå ungdomspolitikken både på fylkesbasis og sentralt, og kom i 2013 på andreplass i eliteprogrammet til Unge Høgre. I 2018 tok ho over som leiar i ungdomspartiet, og sat ved roret i to år.

Mellom 2011-2015 var Bruflot medlem av Lier kommunestyre og planutval, og frå 2013 til 2017 var ho sjette vararepresentant for Buskerud på Stortinget.


Foto: Venstre

Ingvild Wetrhus Thorsvik (29)

Parti: Venstre
Valkrins: Vest-Agder
Frå: Skeie, Mandal
Yrke: Advokat

Ingvild Wetrhus Thorsvik bur til vanleg i Kristiansand, der ho arbeider som advokat.

Det er første gong 29-åringen vert vald inn på Stortinget, men bak seg har ho fire år som varaordførar i Mandal (2015-2019).


15. september, klokka 13.00: Saka er oppdatert med at også Anja Abusland (Sp) kom inn på Stortinget. 


Les også om korleis det har vore å drive valkamp for eit heilt nyoppstarta parti: – Det er ein stor dugnad, fortalde Simen Bondevik før valdagen

Simen Bondevik er leiar i Unge Sentrum. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg