Frp føreslo valfritt sidemål – solid fleirtal i Oslo bystyre vedtok styrking av nynorsk og teiknspråk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I byrådet onsdag føreslo Aina Stenersen (Frp) å innføra valfritt sidemål i Osloskolen. Det fekk berre eit mindretal av stemmene. Raudt fremja eit motforslag som samla eit breitt fleirtal i bystyret i Oslo (alle unntatt H/Frp/FNB) onsdag kveld.

I forslaget går fleirtalet inn for at byrådet skal legga til rette for at bruken av begge målformer og at teiknspråk blir styrkt i grunnskulen og barnehagen.

– Det er ekstremt viktig å ta vare på språkmangfaldet og den kulturarven me har gjennom å ha to likestilte skriftspråk, seier Ylva Holm Torsteinson, bystyrerepresentant for Raudt, til Framtida.no.

Raudt fekk eit solid fleirtal for forslaget sitt.

– Byrådet må legga til rette

Ylva Holm Torsteinson seier det no blir byrådet si oppgåve å følgja opp saka vidare.

– Byrådet må legga til rette for dette. Det er deira oppgåve. Det er viktig at det ikkje blir opp til kvar skule om dei vil følgja opp dette. Dette skal vera ei oppgåve alle skular og barnehagar får, og der dei får i oppgåve å inkorporera dette i undervisinga.

Ho viser til gode erfaringar med skulebøker på nynorsk i fleire fag på Holmlia.

– Viss det skal vera likestilling i praksis, så må ikkje nynorsk vera noko ein kan velja vekk.

Det gir ein fridom å beherska begge skriftspråka. Det er mange jobbar der ein har behov for kompetanse i nynorsk, seier Ylva Holm Torsteinson. Ho viser òg til forsking som viser at auka nynorskkompetanse gjev betre total språkkompetanse.

Ylva Holm Torsteinson ventar no at byrådet legg fram ein plan for korleis vedtaket skal følgjast opp i praksis.

Fantastisk!

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er strålande nøgd med vedtaket i Oslo.

– Det er fantastisk. Det er veldig kjekt å sjå at fleirtalet i Oslo vil styrka språkmangfaldet. Det vil òg vera til glede for dei som har bokmål som hovudmål i skulen. Det skriv seg inn i ei forteljing om at det blæs ein nynorskvenleg vind i dei største byane. Det er veldig kjekt å sjå, seier han til Framtida.no.

Han vil be om møte med utdanningsbyråden for å gi klare råd til korleis dette kan følgjast opp.

– Det er klart at intensjonane frå fleirtalet er veldig tydelege, held han fram.

Vedtaket i Oslo kjem to og eit halvt år etter at byrådet i Bergen la fram ein plan for korleis nynorsken skal styrkast i byen mellom dei sju fjella. Her har bystyret mellom anna vedtatt å oppretta ein eigen nynorskklasse i Bergen sentrum, løyvd pengar til innkjøp av nynorskbøker og sett krav til minst ti prosent informasjon på nynorsk frå kommunen.


Marit Voldsund Fjeldvær tok bilete av FpU sin nynorskplakat på skuledebatt i Trøndelag. Foto: Marit Voldsund Fjeldvær, Tobias Eikeland