Målrørsla jublar over ny opplæringslov – men etterlyser krav til digitale læremiddel

Norsk Målungdom etterlyser krav til digitale læremiddel og verktøy som er mykje brukte i skulen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag, torsdag, la regjeringa fram forslag til ny opplæringslov. Målrørsla jublar over at ungdomsskuleelvar no også skal få rett til å gå i eiga nynorskklasse, og er glade for at samisk-og kvensk-brukande elevar får styrka rettane sine.

– Eg er utruleg glad for at regjeringa har lytta til oss. Språkdelt ungdomsskule, som me kallar det, har vore vårt viktigaste innspel til opplæringslova. Dette kjem til å gjera ein enorm forskjell for dei elevane det gjeld, seier leiar i Norsk Målungdom, Frida Pernille Mikkelsen.

– Det er rett og slett historisk! Eit stort steg fram for nynorsken, legg Mikkelsen til.

Skuffa over læremiddel-formuleringar

Dei siste åra har mange uroa seg over mangelen på digitale læremiddel og verkty på nynorsk. Ifølgje undersøkingar som Framtida.no har gjennomført, blir dei aller fleste nynorskelevane tvinga til å bruka digitale læringsressursar og hjelpemiddel på bokmål kvar einaste veke.

– For nynorskbrukande elevar er det viktig at læremiddel-formuleringane er presise. Det treng vi for å sikra at materiale som blir brukt i skulen også kjem på nynorsk. Dei nye formuleringane tek meir omsyn til digitale læremiddel, men eg ønskjer meg klarare krav, avsluttar Mikkelsen.

– Skandale

Opplæringslova seier at det i opplæringa berre skal bli brukt læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, og at desse krava gjeld for læremiddel som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.

– Her syner regjeringa vilje og anerkjenner problema, men dei går ikkje heile vegen for at det skal vera like lett å vera nynorskelev som bokmålselev i skulen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Peder Lofnes Hauge er leiar for Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto / Noregs Mållag

Når regjeringa held på dagens formulering om digitale læremiddel, kjem mange av problema til å vera dei same. Nynorskelevane må få fleire læremiddel og læringsverktøy å velje mellom.

– Det er ein skandale at nynorskelevar i dag må læra seg å skriva i program som gjev dei raude strekar under ord dei skriv rett, seier Peder Lofnes Hauge.

Leiaren i Noregs Mållag synest det derfor er svært gledeleg at regjeringa vil gjera noko med mangelen på skriveprogram som støttar nynorsk. Når regjeringa likevel legg inn eit atterhald om at dette berre skal gjelde «så langt som råd», er det ikkje godt nok.

– Me må våga å stilla dei krava som trengst for at dei store multinasjonale selskapa skal levera eit produkt på nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Held på folkerøysting

Dei siste dagane har Noregs Mållag fått nesten 1000 nye medlemmer og har no det høgste medlemstalet sidan 1987.

– Utvalet som føreslo ny opplæringslov hadde fjerna retten til folkerøysting om opplæringsspråk. Når regjeringa no held på slike rådgjevande røystingar, er det svært gledeleg, og Noregs Mållag er heilt samd med regjeringa i at dette vil kunna bidra til eit forsterka medvit og ein viktig språkdebatt lokalt, seier Peder Lofnes Hauge.

Styrkar samiske rettar

Regjeringa foreslår også at elevar som har hatt opplæring i samisk i grunnskulen, skal ha same rett til opplæring i vidaregåande. I tillegg inneheld forslaget ein rett til opplæring i kvensk eller finsk for kvenane som er busette i Troms og Finnmark.

– Det har lenge vore stort behov for ei styrking av rettane til samiskbrukarar og kvensk- eller finskbrukarar. At ein no får styrka retten til opplæring i og på språket deira er eit viktig steg i riktig retning, seier målungdomsleiaren.


LES OGSÅ: Talet på samiske elevar er det høgaste på 13 år: – Har blitt meir kult med samisk

Aile Maria Martinez Hætta (15) og Mia Kristine Nystad Eskonsipo (15) vil halda fram med samisk på vidaregåande til hausten. Foto: Privat