Talet på samiske elevar er det høgaste på 13 år: – Har blitt meir kult med samisk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 25.12.2021 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skuleåret 2020/2021 er det 2522 elevar i grunnskulen som har samiskopplæring. Ikkje sidan 2008 har det vore så mange elevar med samisk på skulen. Berre sidan førre skuleår har det blitt 107 fleire elevar, viser tal frå Utdanningsdirektoratet som Framtida.no har sett saman.

– Det har blitt meir populært å ta tilbake det samiske. Samisk har òg blitt meir kjent, seier Aile Maria Martinez Hætta (15) i 10. klasse på Sommerlyst skole i Tromsø.

Ho nemner KEiiNO, Vegard Bjørsmo og Ella Marie Hætta Isaksen som unge forbilde som har eksponert mange for det samiske.

– Det har blitt meir kult å vera samisk, seier Mia Kristine Nystad Eskonsipo (15).

Håpar på fleire

Etter fleire år med nedgang, har det snudd dei siste åra. Lulesamisk har hatt ein samla vekst på 57 prosent dei siste ni åra. Sørsamisk har vakse med 36 prosent sidan 2014. For nordsamisk har det vore ein auke på 20 prosent sidan skuleåret 2016/2017.

Mikkel Eskil Mikkelsen er rådsmedlem av Sametingsrådet med ansvar for oppvekst og utdanning. Foto: Kenneth Hætta, Sametinget

Og for første gong på 11 år er det no fleire enn tusen elevar som har samisk som førstespråk.

Sjå grafar for utviklinga nedst i saka!

Mikkel Eskil Mikkelsen er rådsmedlem i Sametingsrådet med ansvar for oppvekst og utdanning. Han er strålande nøgd.

– Heilt nydeleg! seier han om veksten.

Men Mikkelsen meiner likevel det er for få elevar med samisk på skulen.

– Målet vårt er å gi flest mogleg elevar ei best mogleg opplæring i samisk.

Mikkelsen trur at fleire unge samiske forbilde har bidratt til at fleire vel samisk i skulen.

– Me får stadig fleire unge forbilde som synleggjer samisk kultur og språk på ein god måte, seier han til Framtida.no.

Kjelde: GSI, Utdanningsdirektoratet

– Gøy å snakka samisk

Aile Maria Martinez Hætta og Mia Kristine Nystad Eskonsipo går i 10. klasse saman med to medelevar som snakkar samisk. Først var det uvant for dei andre i klassen at dei snakka samisk saman, men no har dei blitt vande med det.

Ingen av jentene har merka nokon negative haldningar på skulen eller elles.

– Her i Tromsø er det eit ganske stort samisk miljø, og det er òg mange skilt på samisk, så eg trur folk er vande med det, seier Mia Kristine Nystad Eskonsipo.

– Eg synest det er gøy å snakka samisk, legg ho til.

Begge snakkar samisk heime, og vil halda fram med samisk på vidaregåande.

Rektor Judith Martinsen og fagleiar Marina Olsen er klare til å feira dagen på Prestvannet skole fredag. Foto: Privat

Auke i Tromsø

I Tromsø har talet på elevar med samisk gått opp. Kring 30 skular i kommunen har no elevar som får opplæring i anten nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk.

Marina Olsen er fagleiar for Prestvannet skole i Tromsø, og har ansvar for koordineringa av samiskopplæringa i Tromsø kommune.

– Det er veldig positivt og artig at talet går opp. Det betyr veldig mykje for den samiske befolkninga, understrekar ho.

– Eg trur det er mange av dei yngre med samisk opphav som vil ta tilbake den samiske kulturen og språket, seier Marina Olsen.

Maia Lisa Kappfjell er mor til ein fjerdeklassing og ein sjuandeklassing på Prestvannet skole. For ho var det sjølvsagt å la borna hennar byrja i ein samisk klasse.

Eli Maret Henriksdatter Kappfjell Gaup (13) håpar ho får mest mogleg samisk på ungdomsskulen. Foto: Privat

– Eg er sørsamisk og mannen min er nordsamisk, og for oss var det heilt utenkeleg å senda ungane våre nokon annan stad når me hadde dette tilbodet her, seier ho.

Dottera Eli Maret Henriksdatter Kappfjell Gaup (13) er nøgd med å ha gått i samiskklasse heile barneskulen.

– Då får me snakka samisk heile tida, seier ho.

I klassen hennar er det fire elevar på sjuande trinn som går saman med elevar på sjette og femte trinn.

No når det er korona så får dei berre snakka samisk, sidan dei andre elevane på skulen som snakkar norsk er for seg sjølv.

Håpar på eigen ungdomsklasse

På Prestvannet skole har dei tre grupper med nordsamisk som opplæringsspråk på barnetrinnet.

Men når Eli Maret Henriksdatter Kappfjell Gaup skal på ungdomsskulen til neste år, så kjem ho i klasse der mesteparten av undervisinga går på norsk. I Tromsø manglar dei ein eigen samisk klasse for ungdomstrinnet.

No håpar ho på at meir av undervisinga vil skje på samisk.

Fagleiar Marina Olsen håpar òg at kommunen allereie frå hausten får ei gruppe på ungdomstrinnet der elevane får undervisning i minst to fag på samisk. Kommunen held no på med ei utgreiing av tilbodet for dei samiske elevane i kommunen.

vangsnes,

Professor Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

– Må gjerast eit krafttak for samisk

Øystein A. Vangses, professor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, tar til orde for ein eigen samisk skule i Tromsø

– Det må gjerast eit krafttak for samisk i skulen, seier han.

Han åtvarar mot fråfallet undervegs i skuleløpet og særleg i løpet av ungdomstrinnet. Det er særleg gjeldande utanfor det samiske kjerneområdet i Finnmark.

– Eg trur me må innsjå at den samiske opplæringa er innretta mot dei som har sterke språkmiljø. Pedagogikken er ikkje innretta for dei som ikkje møter samisk så ofte i kvardagen, seier han.

Vangsnes meiner det er knapt med to og tre timar samiskundervising, slik elevane med samisk som andrespråk får. Han trur ein med fordel kan nytta språkbadmodellen, der ein lar elevane møta språket i fleire fag og fleire samanhengar.

Hausten 2019 kom Riksrevisjonen med kritikk av opplæringa i samisk. Mangel på lærarar, læremiddel og manglar i fjernundervisinga var det viktigaste dei peika på.

Avgjerande med nok lærarressursar

Marina Olsen i Tromsø kommune meiner det er avgjerande med nok lærarressursar.

– Det er viktig med mange nok lærarar og barnehagelærarar med språkkompetanse og forståing for den samiske kulturen som motiverer elevane, seier ho og legg til:

– Kommunane og utdanningsinstitusjonane har ei kjempeviktig rolle for revitaliseringa av samisk kultur og språk. Tromsø er i ein ganske unik posisjon. Dei er ikkje ein del av det samiske forvaltningsområdet, men likevel er det mogleg å få samisk frå barnehagen og heilt til universitetet.

Tala på elevar er henta frå GSI, Utdanningsdirektoratet. Grafikk: Framtida.no


Ella Marie Hætta Isaksen. Foto: Beate Haugtrø

Fakta: Elevar i grunnskulen med samisk i skuleåret 2020-2021

  • Nordsamisk: 2308 (+122)
  • Sørsamisk: 101 (-12)
  • Lulesamisk: 113 (-3)

(endring frå førre skuleår i parentes. Tabellar med utvikling over tid nedst i saka)