Erna Solberg sår tvil om oljeleiting i nye område

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsministeren svarer kontant når ho får spørsmål om krava frå regjeringspartnar Venstre om full stans i leitinga etter meir olje og gass:

– Det er ikkje aktuelt for Høgre.

– Det er ikkje aktuelt?

– Nei, det er ikkje aktuelt. Og vi kjem til å bruke tyngda vår i eit regjeringssamarbeid til å vere tydelege på at vi har ei stor og viktig næring som vi framleis skal jobbe med, seier Erna Solberg til NTB.

Venstre, MDG, SV og Raudt har alle programfesta full stans i leitinga etter olje og gass på norsk sokkel, medan KrF vil avgrense leitinga til modne område der det allereie er olje- og gassverksemd.

Høgre, Frp, Ap og Sp går derimot til val på at leitinga skal halde fram.

To formar for konsesjonsrundar

Solberg svarer likevel meir uforpliktande når ho får spørsmål om leiting i nye område.

– Det er tema som sikkert kjem opp, seier ho.

Bakteppet er at det i oljeforvaltninga i Noreg blir skilt mellom to former for konsesjonsrundar: nummererte rundar og TFO-rundar.

Nummererte konsesjonsrundar har vorte gjennomført sidan 1965. I desse rundane blir umodne delar av sokkelen der uvissa er større utforska, men der det samtidig er mogleg å gjere store funn. Den 25. konsesjonsrunden vart fullført i juni.

TFO-rundane fokuserer derimot på modne delar av sokkelen. Desse rundane blir haldne årleg.

Bru: – For tidleg å seie

Ifølgje olje- og energiminister Tina Bru, som er nestleiar i Høgre, er utgangspunktet til partiet at både dei nummererte rundane og TFO-rundane skal halde fram i framtida.

Tina Bru, Høgre. Foto: Høgre

– Høgre er ein garantist for at petroleumsnæringa også i åra framover vil få tilgang på leiteareal. Det er viktig for å halde oppe aktivitet i næringa, seier ho.

Bru viser til at TFO-runden for 2021 allereie er send på høyring. I denne runden blir det teke sikte på tildeling tidleg i 2022.

– Det er derimot for tidleg å seie noko om ein eventuell 26. konsesjonsrunde, seier Bru.

Olje- og energidepartementet opplyser at det så langt ikkje er sett i gang noko arbeid med ein eventuell 26. runde.

TFO-rundane blir viktigast

Solbergs svar er at ho trur TFO-rundane blir viktigast framover.

Statsministeren legg til at ho nok trur det blir halde minst éin nummerert konsesjonsrunde til. Men ho er langt frå kategorisk:

– Vi skal i alle fall ikkje leggje vekk at det blir ein 26. konsesjonsrunde, seier ho.

Bru meiner det berre er naturleg at dei nummererte konsesjonsrunde har vorte litt mindre i omfang enn før.

– Det kjem av at det meste av det opna arealet i dei opna havområda våre byrjar å bli modent og godt utforska.

Venstre lover kamp

Venstre-leiar Guri Melby blir for sin del berre meir og meir overtydd om at full leitestans er riktig.

– Det er stadig fleire som erkjenner at vi ikkje kan halde fram som før, at klimaet ikkje toler det, og at vi ikkje kan halde fram med å gamble på at Parisavtalen ikkje skal oppfyllast, seier partileiaren til NTB.

Ho lovar no å kjempe hardt for å få Høgre med på ein leitestans viss dei borgarlege skulle klare å snu trenden på meiningsmålingane og vinne valet.

Venstre-leiar Guri Melby. Foto: Venstre

I stortingsmeldinga «Energi til arbeid», som vart lagt fram for berre to månader sidan, gjekk regjeringa derimot inn for å vidareføre dagens praksis med jamlege konsesjonsrundar på norsk sokkel.

– Den meldinga er basert på det som i dag er regjeringsplattforma. Men vi ønskjer å endre ho viss vi skal halde fram i ein ny periode, forklarer Melby.

– Betyr det at de trekkjer støtta til «Energi til arbeid»?

– Det betyr at vi må forhandle politikken på dette området på nytt.


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher på Unsplash