Oljeministeren om FNs klimarapport: – Vi kjem ikkje til å endre norsk oljepolitikk i dag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med klimarapporten frå FNs klimapanel (IPCC) som dystert bakteppe, la statsminister Erna Solberg måndag fram Høgres sju valløfte for dei neste fire åra.

Kutt i klimagassutslepp er eitt av områda Høgre seier dei vil prioritere i kommande stortingsperiode.

Men stans i oljeleitinga kjem ikkje på tale.

– Eg trur ikkje på det som ei einsidig løysing, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) til NTB.

– Viss Noreg hadde slutta å leite etter olje i morgon, så ville ikkje det hatt nokon global effekt. Vi må redusere etterspurnadssida for å lykkast med det, og då hjelper det ikkje berre å strupe tilbodssida, seier Bru.

Statsministeren støttar Bru

– Så – så lenge det er etterspurnad etter olje, skal vi altså halde fram med å produsere?

– Viss det er global etterspurnad, vil det bli brukt olje og gass – og då ser eg det som eit dyrt og symboltungt klimatiltak om vi skulle kutta produksjonen vår einsidig, seier Bru.

Statsminister Erna Solberg (H) støttar olje- og energiministeren, samtidig som ho seier at Noreg sørgjer for at marknaden for fossilt brennstoff blir mindre.

– Ja, det er slik at nye olje- og gassfelt vil samsvare med klimapolitikken vår, viss vi klarer å kutte 50 prosent av utsleppa i den sektoren. Samtidig gjer vi oljeetterspurnaden mindre i verda gjennom eit stort grønt skipsfartsprogram, heile overgangen i samferdsel og så vidare, seier Solberg til NTB.

Statsminister og partileiar Erna Solberg presenterte måndag Høgres største valløfte for stortingsvalet 2021. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

– Dødsstøyten for fossile energikjelder

FNs generalsekretær António Guterres meiner IPCC-rapporten må bli byrjinga på slutten for kol- og oljenæringa. Forbrenning av kol og olje står for ein stor del av utsleppet av CO2 i verda.

– Denne rapporten må bli dødsstøyten for kol og fossile energikjelder, før dei øydelegg planeten vår, seier han i ei fråsegn.

Bru seier at ho er djupt bekymra for konklusjonane i FNs klimarapport, men avviser at det betyr at Noreg bør slutte å leite etter olje.

– Vi kjem ikkje til å endre norsk oljepolitikk i dag på grunn av denne rapporten. Det er etterspurnaden vi må jobbe med, seier Bru, som viser til at produksjonen på norsk sokkel allereie er fallande.

Etterlyser oljedebatt

Solberg meiner hovudproblemet er manglande konkrete planar for kutt i klimagassutslepp frå store land.

– Vi håpar å få fleire land på plass fram mot klimatoppmøtet i Glasgow, med klare og tydelege ambisjonar der ein tek i bruk nye verkemiddel, seier ho.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby etterlyser på si side ein oljedebatt i partiet. Heller ikkje han vil at politikarane skal vedta ein sluttdato for norsk olje- og gassproduksjon, men han meiner ordningane som styrer leiting og produksjon, må gjennomgåast.

– Eg saknar ein debatt i Høgre om insentiva, seier Svenneby til Aftenposten.

Slår tilbake mot hundredagarsplanar

Då Solberg presenterte Høgres fireårsplan måndag, kom ho samtidig med eit stikk mot Arbeidarpartiets hundredagarsplan og Senterpartiets hasteplan som vart lagt fram tidlegare i sommar.

Solberg gjorde eit poeng av at ho og Høgre tek mål av seg til å presentere eit langsiktig perspektiv.

– Hundredagarsplanar og hasteplanar er sikkert gode gimmickar. Men hastverk er ein dårleg måte å styre eit land på, sa ho.

Planen inneheld sju hovudtema som utgjer løfta til partiet for den neste perioden. Desse handlar mellom anna om å få fleire til å gjennomføre vidaregåande skule, kutte ventetid i helsevesenet og å skape fleire arbeidsplassar – hovudsakleg i privat sektor.


Foto: Jess McMahon / Unsplash