Klimarapport set fyr på oljedebatten: Miljørørsla krev norsk stopp i oljeleitinga

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye rapporten bør få alle parti til å vakna, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB.

– Det er opplagt at vi må stoppe å leita etter meir olje, og eg utfordrar alle partia til å leggja fram konkrete planar for korleis me kan nå klimamåla, slik SV har gjort, uttalar han.

MDG-leiar Une Bastholm seier rapporten gjer henne livredd.

– Dette er ei påminning om kor livsfarleg norsk oljepolitikk er. Med olja er me den sjuande største eksportøren i verda av klimagassar, og me har til og med tent oss rike på det, påpeikar ho.

Rask oppvarming

Den nye storrapporten frå FNs klimapanel (IPCC) viser at oppvarminga av jordkloden ligg an til å nå 1,5 grader innan 20 år.

Det vil skje sjølv med djupe og raske kutt i utsleppa.

Held utsleppa fram å auke, kan oppvarminga nå så høgt som katastrofale 5,7 grader mot slutten av hundreåret.

FNs generalsekretær António Guterres meiner rapporten må bli «dødsstøytet» for kol og fossile brensel.

– Denne rapporten er kode raud for menneskja. Alarmklokkene er øyredøyvande, og bevisa er uomtvistelege, seier han.

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus. Foto: Raud Ungdom

Raud Ungdom-leiaren: – Dritlei

Leiar i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus, seier at klimarapporten er ei stadfesting av at klimaendringane er i gang, og at dei er livsfarlege.

– Rapporten viser at me er ganske på etterskot allereie, og han viser at olja må fasast ut. No må me gjera alt det me kan for framtida, seier Bekkhus på telefon til Framtida.no.

Ho er lei av at dei største partia i Noreg framleis vil halda fram med å leita etter olje på norsk sokkel.

– Komande generasjonar blir rævkøyrd av dagens vaksne politikarar.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) karakteriserer IPCCs nye storrapport som dyster lesing. Men det er framleis mogleg å komme ned mot 1,5 grader, meiner han. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Fleirtal for framleis leiting

Også regjeringspartiet Venstre går til val på stans i oljeleitinga.

– Men det er klart at per i dag er fleirtalet på Stortinget eit heilt anna. Det er eit stort fleirtal for framleis leiting, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) til NTB.

LES OGSÅ: Rotevatn om klimarapporten: – Vi har framleis tid til å klare dette

Greenpeace Norge seier at rapporten er ein marsjordre til Høgre, Ap, Sp og Frp om å stoppa ny oljeleiting på dagen.

– Noreg fortener leiarar som tør å handla for å redda klimaet og skapa trygge arbeidsplassar. Regjeringas skamlause leiting etter ny olje i sårbare arktiske farvatn er ein hån mot vitskapen og kommande generasjonar, seier leiaren i Greenpeace Norge, Frode Pleym i ei pressemelding.

– FNs klimapanel og Det internasjonale energibyrået er samstemde i at det ikkje er plass til meir olje og gass om me skal nå klimamålet. Derfor er det utruleg viktig at land som Grønland, Danmark og Costa Rica er godt i gang med å fasa ut oljeproduksjonen, men det er tragisk at Noreg heng etter, og sinkar ei grøn og rettferdig omstilling med framleis ny oljeboring, seier Pleym.

Håpar på vendepunkt

Naturvernforbundets leiar Truls Gulowsen håpar valet i haust blir eit vendepunkt.

– Det internasjonale energibyrået har allereie slått fast at det ikkje er plass til meir olje- og gassleiting viss vi vil spare oss sjølv og barna våre for dette, seier Gulowsen til NTB.

– Men Noreg er ikkje berre ein klimasinke i europeisk samanheng: Vi planlegg utvida fossil utvinning i mange år framover, åtvarar han.

Ketil Solvik-Olsen (Frp) åtvarar mot å slutta å leia etter olje på norsk sokkel. Foto: SD/Tor Midtbø

Frp: – Hovudlaust

Framstegspartiets Ketil Solvik-Olsen meiner på si side at politikarane må halda hovudet kaldt.

– Me kuttar ikkje globale utslepp ved å leggja ned Noreg som energistormakt eller flytta ut industriarbeidsplassane våre, seier han.

– Det betyr tvert imot auka makt til Opec og Russland og vekst i industriproduksjon i Asia.


LES OGSÅ: Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda

Ein hjort vandrar rundt blant øydelagde bilar og hus i Greenville i Dixie-brannen, den største brannen i Californias historie. Foto: NTB / AP Photo/Noah Berger