MDG stiller oljeultimatum

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nok er nok! Nok er nok! Nok er nok!

Det var det taktfaste ropet då MDG arrangerte valkampstart i Kubaparken i Oslo tysdag.

Partileiar Une Bastholm ser no ein historisk sjanse til å få endra oljepolitikken i Noreg. Ho viser til kampen om Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) som døme og håpar no at det skal vere mogleg å få til det same i kampen om leitestans.

– MDG set derfor som absolutt krav for å støtte eller sitje i ei regjering at ein ikkje deler ut nye leitelisensar på sokkelen og heller ikkje nye utvidingar eller investeringar på sokkelen, seier Bastholm til NTB.

Ifølgje henne kan ein knapt kalle seg eit miljøparti i Noreg i dag utan å krevje dette.

Utfordring til Venstre og SV

På valkampopninga kom MDG samtidig med ei utfordring til SV og Venstre om å stille same ultimatum som dei.

Lan Marie Berg, som er MDGs listetopp i Oslo, viste til at Arbeidarpartiet ønskjer å ha SV inn i regjering, men har utelukka å sitje i regjering med MDG.

– Lurer du kanskje på kvifor? spurde Berg retorisk.

– Eg trur eg fekk svaret då eg såg eit oppslag med Audun Lysbakken i går, då han stod der med sånne dådyrauge og spurde Jonas veldig fint om han ikkje kunne vere så snill og kanskje revurdere om dei måtte leite etter meir olje etter valet, sa ho.

Medan SV, Venstre og Raudt alle går til val på full leitestans, er MDG det einaste partiet som stiller dette som absolutt krav, heldt Berg fast på.

MDGs førstekandidat i Oslo, Lan Marie Berg, utfordrar SV og Venstre til å stille ultimatum om leitestans for å støtte eller sitte i ei regjering. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

SV seier nei

SVs nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes uttaler i ei tekstmelding til NTB at det for SV er uaktuelt å sikre fleirtal for ei regjering som ikkje tek klima på alvor.

– Men vi vil ikkje stille oss på sidelinja i denne uhyre viktige kampen ved å stille ultimatum før vi går i forhandlingar, skriv Fylkesnes.

Han minner om at det heller ikkje vart stilt ultimatum om LoVeSe.

– Vi har vunne kampen mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, og det gjorde vi utan ultimatum. Vi skal vinne dette òg, men vi kjem dit mykje raskare viss MDG er meir konstruktive enn dette, seier Fylkesnes.

Vil heller forhandle

Venstres nestleiar, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, meiner MDG eigentleg berre stiller eit ultimatum til seg sjølv.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker

– Når du stiller ultimatum før forhandlingane er byrja, så betyr det som regel berre at du ikkje eingong får sett deg ved forhandlingsbordet, seier Rotevatn til NTB.

Også han trekkjer fram LoVeSe som døme.

– Vi har aldri stilt ultimatum om ikkje å ha oljeverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Men alle har forstått at det har vore ei utruleg viktig sak for oss og regjeringsdeltakinga vår. Og vi har vunne fram i forhandlingar fordi vi har sete ved bordet, seier Rotevatn.

Kraftig medlemsvekst

Dei siste målingane tyder på at MDG heller ikkje vil komme i posisjon til å kunne stille nokon krav i saka – fordi ei eventuell ny regjering ikkje vil vere avhengig av MDG for å ha fleirtal i Stortinget.

Men MDG ligg godt an til å komme over sperregrensa, og etter at FNs klimapanel (IPCC) måndag la fram den nye rapporten sin, har MDG fått over 750 nye medlemmer.

Ifølgje Berg er ei stemme til MDG «den aller beste medisinen mot klimaangst».

– Vi har fått ein klimarapport som er ekstremt skremmande. Og det er berre MDG som tek han på alvor. Det seier eigentleg alt om kor lite klimasaka har fått dominere norsk politikk til no, seier Berg til NTB.

– Har du tru på at denne klimarapporten kan endre valkampen for dykk?

– Eg håpar det. For vi har forferdeleg dårleg tid viss vi skal klare å kutte klimagassutsleppa nok til å redde verda frå katastrofale klimaendringar.


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher på Unsplash