Ny studie: Å leige klede er verre for klima enn å kaste dei

Det er særleg frakt og reins som gjer at utleige-klede er mindre grønt enn å kaste dei i søpla.

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ein studie publisert av det finske vitskap-tidsskriftet, Environmental Research Letters.

Studien vurderte miljøpåverkinga av fem ulike måtar å eige og kvitte seg med klede på: vanleg bruk og kast, bruke plagg lenger enn det som er vanleg i dag, videresal, gjenbruk og deling/leige.

Utleige av klede hadde den høgaste klimapåverkinga av dei alle, synte studien.

Dei skjulte klimakostnadane var i frakt til og frå varehuset, samt i reinsinga av klede, melder The Guardian, som først omtalte saka.

Studien viser òg at fleire utleigemerke misbruker begrepet sirkulær økonomi, og driv med såkalt «greenwashing».

Grådigheit

Dana Thomas, forfattar av Fashionpolis: The price of fast shopping and the future of clothes, seier til den britiske avisa at vi bør tenkje på utleige av klede som noko vi berre gjer av og til, til dømes ved spesielle høve som ball og bryllaup.

Thomas fortel at regulering av industrien er einaste løsning på å få han til å tenkje grønt.

Ingen selskap, i nokon industri vil frivillig akseptere tap for planeten si skuld. Dei vil gjere det når det er i lova. Den største hindringa er grådigheit, seier ho til The Guardian.

Kjøp færre varer, bruka kleda lenger

Også i Noreg er det vorte meir populært å leige både klede og utstyr, og ifølgje ei undersøking frå Klarna seier 10 prosent av alle under 30 år at dei ynskjer å leige klede og mote framfor å kjøpe det.

Studien utelukkar ikkje at å leige klede kan bli meir klimavennleg om leigeselskapa endrar logistikken sin. Da kan dei kome på same klimanivå som vidaresal, skriv The Guardian.

Ifølgje studien var den mest berekraftige måten å konsumere mote på å kjøpe færre varer og bruke dei så lenge som mogeleg.

Ein svensk rapport frå 2019 peika på at ein kan få ned klimagassutsleppa med nesten femti prosent ved å bruke plagg oftare.

Kvar Black Friday åtvarar miljøorganisasjonane mot overforbruk. For å hjelpe fleire med å ta vare på kleda sine tipsar Tekstilaksjonen om at du bør: reduce (reduser), reuse (bruk på nytt), repair (reparer), remake (redesign) og recycle (resirkuler).


Les meir om klede og klimagassutslipp her: Bruk kleda dobbelt så lenge – halver klesutsleppa dine.

Illustrasjonsbilete av klede: Foto: Becca McHaffie/Unsplash