I dag er jordas ressursar for i år brukte opp
Torsdag blir overforbruksdagen markert over heile verda. Noreg er blant verstingane, men betre enn Danmark, Sverige og Finland.

– Vi kan ikkje halde fram med å leve i djup gjeld til naturen utan at det får alvorlege konsekvensar, seier generalsekretær Karoline Andaur i Verdsnaturfondet WWF i ei pressemelding.
Earth Overshoot Day er dagen då verda har brukt opp ressursane som naturen sjølv klarer å gjenopprette på eit år. Etter dette lever befolkninga på lånte ressursar.
Menneskeslekta lever no som om vi hadde 1,8 jordklodar til rådvelde, åtvarar WWF. Overforbruksdagen kjem rekordtidleg i år, over éi veke tidlegare enn i fjor, då han var 1. august.
Noreg er blant landa som forbrukar aller mest, med nasjonal overforbruksdag allereie 16. april. Ifølgje Andaur ville vi trunge 3,6 jordklodar om alle levde som nordmenn.
Øvst på lista er Qatar, med overforbruksdag 6. februar, etterfølgd av Luxembourg (17. februar) og Singapore (26. februar), ifølgje Global Footprint Network.
Flinkast i klassen er Uruguay, med overforbruksdag så seint som 17. desember. Nest best er Indonesia (18. november), medan Nicaragua (11. november) har 3.-plassen.