Annankvar nordmann vil handle på Black Friday – miljøorganisasjonane åtvarar mot overforbruk
Fredag er det fleire motarrangement med åtvaring om at Black Friday fører med seg unødig overforbruk. 56 prosent av nordmenn seier dei vil opne lommeboka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Delen som planlegg å handle vil dermed stige med 10 prosent frå i fjor, ifølgje tal innhenta av GroupM.
Virke anslår at nordmenn vil bruke om lag 3,8 milliardar kroner på handelen – 100 millionar kroner meir enn i fjor.
- Les også: Slik var den eigentlege Black Friday
Åtvarara mot overforbruk

Gaute Eiterjord, leiar i Natur og ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Fleire miljøorganisasjonar åtvarar om at dagen fører til stort overforbruk.
– Problemet er at det høge materielle forbruket vi har i Noreg skaper miljøproblem. Vi har mange fleire ting enn vi eigentleg treng, seier leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom til NTB.
Eiterjord seier Natur og Ungdom skal ha rundt ti motarrangement fleire stader rundt i landet – mellom anna i Oslo, Bergen, Hamar og Alta.
Framtiden i våre hender har òg rundt ti motarrangement i samband med handledagen.
Kritisk til handelsstanden
Eiterjord meiner ansvaret for det store forbruket ligg på handelsstanden. Leiar Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender stemmer i.

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender. Ho meiner media spelar ei viktig rolle i klimakampen. Foto: Renate Madsen
– Black Friday er eit utspekulert påfunn frå handelsstanden, som handlar om å få vanlege folk til å kjøpe mest mogleg ting, seier Riise.
Ho legg til at forbruket vi har i Noreg i dag «går langt ut over tolegrensa til planeten».
– Ta til dømes klede, som mange handlar mykje av på BF. Eit par olabukser kan krevje ein stad mellom 3.000 og 7.000 liter vatn, og i konvensjonell bomullsproduksjon blir det brukt enorme mengder sprøytemiddel, som truar insekt og biologisk mangfald, seier Riise.
Riise understrekar at det likevel ikkje er noko gale i å kjøpe ting på sal.
Kan òg ramme julegåvehandelen
Bransjeanalytikar Eirik Melle i Danske Bank seier at handledagen på sikt òg kan skade bedriftene, mellom anna ved å ete opp delar av julegåvehandelen. 45 prosent av dei som seier dei skal handle fredag, forventar å kjøpe julegåver.

Eirik Melle i Danske Bank. Foto: Danske Bank
– Black Friday var meint å skulle vere ein handledag der detaljhandelen kunne kvitte seg med ukurante varer, men det har utvida seg til å bli eit massiv salskampanje med heilt kurante varer, forklarer Melle.
Han seier det kan bidra til å endre folks handlemønster.
– Når alle forventar dei store tilboda, så blir det veldig stille i forkant, og veldig stille i etterkant. Det blir til at ein heile tida ventar på moglegheita til å gjere gode kjøp. Det gjer noko med heile handelsmønsteret vårt.
- Les også: Fleire ynskjer seg brukte julegåver i år