Yrket mitt: Britt (29) er pianostemmar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var litt tilfeldig at det gjekk opp for meg at «dette er eit yrke som finst», fortel Britt Linn Hjellum på e-post til Framtida.no.

Den 29 år gamle bergensaren er nemleg pianoteknikar. Ho fortel at dei fleste kjenner omgrepet «pianostemmar», men at det berre rommar ein del av kva ein gjer i yrket.

Reparasjon og vedlikehald er også svært viktig, då det er innsida av pianoet som avgjer kvaliteten:

– Når ein tangent sit fast, instrumentet er tungt å spele på, noko knirkar eller klangen er ujamn, så er det i mekanikken du må gjere dei riktige justeringane.

Det er ikkje berre-berre sidan eit flygel består av kring 12.000 delar.

Måtte til Sverige for utdanning

Då Britt Linn Hjellum først hadde vorte merksam på at der var ein mogeleg karriereveg, gjekk ho heim og las om yrket. Ho fann fort ut at yrket var ei blanding av interessene ho hadde – det var musikk, musikkteori, handverk, instrument og detaljarbeid i same pakke.

– Eg tok kontakt med ein pianoteknikar i nærområdet, fekk prate litt om yrket og prøve meg litt på eit gamalt piano.

Då ho høyrde om ei utdanning som skulle starte opp i Sverige, drog ho dit på opptaksprøve. Ho kom inn og starta utdanninga hausten 2015.

Før kunne ein lære seg faget på yrkesfaglinjer i Noreg, men gradvis forsvann tilbodet. I 2010 måtte også siste skanse, Rud vidaregåande skule i Bærum, leggje ned linja. Frykta for at ferdigheitene skulle forsvinne frå landet, då både talet autoriserte pianostemmarar sokk og gjennomsnittsalderen gjekk opp, førte til at Norges musikkhøgskole opna eit toårig bachelorstudie i 2017. Av dei 50 som søkte var det berre fem som fekk plass på første kull.

Sjå korleis pianostemming går føre seg her: 

https://youtu.be/J3t4YRdm-4U

Tek tid å utvikla «kjensla» i fingrane

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Defintivt! Det var ein veldig praktisk retta utdanning som var bygd opp realistisk etter korleis jobbkvardagen kom til å sjå ut.

Hjellum fortel at den meste av tida brukte dei i verkstaden eller på å øve å stemme.

– I verkstaden lærte vi å justerte mekanikk, byte ut deler, eller reparerere dei eksisterande delane. Vi hadde også ein del teori om til dømes svevning, frekvens, overtonar, inharmonisitet og så vidare, fortel 29-åringen og legg til at dersom ein interesserer seg for matte og fysikk, er det mykje å lese på.

Ein kan ikkje lære seg yrket godt via bøker eller instruksjonsvideoar på nett, forklarar Hjellum.

Ho fortel at mykje handlar om korleis pianisten opplever å spele på instrumentet. Er det tungt eller lett? Tregt eller kanskje ujamnt?

– Det tar tid å utvikle «kjensla» i fingrane, synet, gehøret og å kunne bedømme kva som trengst gjerast. Ein lærer seg å kunne sjå eller føle ørsmå justeringar som krevst i mekanikken. Du må bruke tid med erfarne pianoteknikarar som kan vise og korrigere undervegs.

Ein treng mykje utstyr for å stemme eit piano. Foto: Veslemøy Furuseth

Frå eit piano ete på av mus – til eit instrument til ein million kroner

– Svarte det til forventningane?

– Dette er eit yrke ein ikkje forstår seg heilt på før ein har starta, så eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til.

29-åringen fortel at yrket er meir allsidig og mindre einsformig enn det ho såg føre seg. Di meir ho lærer, di meir går det opp for ho alt ho ikkje kan.

– Men det er eg glad for, for det betyr at eg aldri blir ferdig utlært, og at det alltid er meir å oppdage. Det eg var mest nervøs for var eigentleg å leve som sjølvstendig næringsdrivande etter utdanninga.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Nokre dagar er veldig korte, nokre morgon til kveld, ei veke er eg bortreist og jobbar på ein festival, og ein dag sit eg heime med rekneskap.

Hjellum fortel at ein dag kan romme så mangt. Klokka 09 kan ho stå med eit 120 år gammalt instrument som er halvvegs ete opp av mus og prøve å reparere det nok til å berre fungere. To timar seinare kan ho stå på ei konsertscene og stemme eit instrument til over ein million kroner.

– Dei fleste dagar er det stemming, men andre dagar byter eg strengar, reparerer knekte delar, eller prøver å finne ut kor all den knirkinga kjem frå.

– Godt med jobbar til alle

– Kva er det beste med jobben?

– Først og fremst så trivst eg veldig godt med sjølve arbeidet eg gjer. Det er spanande å oppleve at ingen piano kan stemmast heilt likt. Og så trivst eg godt med ein stemmenøkkel i handa, mykje merkelege spesialverktøy i sekken og eit piano framfor meg.

Britt Linn Hjellum fortel at ein aldri vert utlærd, men at det finst forskjellige faste kurs ein kan delta på. Elles kan ein spørje ein pianoteknikar som er særleg dyktig på eit felt om eit privatkurs, eller om å vere med ut på oppdrag om dei skal gjere ein spesiell jobb.

– Det er heilt nødvendig med kollegaar ein har god kontakt med, fortel 29-åringen, som er takksam for eit godt fagmiljø med utruleg mange hyggelege folk.

– Vi er vel strengt tatt «konkurrentar», men eg forsøker å ikkje tenke så mykje slik, spesielt sidan det stort sett er godt med jobbar til alle.

Britt Linn Hjellum trivst med mykje spesialverktøy i sekken. Foto: Veslemøy Furuseth

Som pianoteknikar får ein også høve til å reise mykje – anten det er til ein festival, for å stemme piano i distrikta eller på kurs til utlandet.

– Akkurat no er eg i Tyskland og skal vere eit par månadar på ein pianofabrikk. Det er veldig god trening, og det er veldig lærerikt å vere på fabrikken og sjå alt som krevst for å lage eit piano frå begynnelse til slutt.

– Kva er det mest utfordrande med jobben?

– Du jobbar stort sett alltid åleine. Det betyr at når noko skjer, er det du som står der med ansvaret. Men merkeleg nok går ikkje det så inn på deg når det er ein jobb du trivst godt med.

Hjellum fortel at ho har «nokre nødnummer» til kollegaar og tidlegare lærarar som ho kan ringe dersom ho står framfor eit instrument og treng eit erfarent innspel:

– Det er så utruleg mange alternativ til kva som kan vere gale når det er noko som ikkje fungerer. Du kan ikkje vite om alle i byrjinga, så då er det betre å ringe nokon som har erfart dette før deg.

Samstundes lyt ein passe på høyrselen og ryggen sin som pianoteknikar.

Treng ikkje absolutt gehør: – Ein treningssak

– Kven passar yrket for?

– Folk med normal høyrsel! Gløym alt det tullet du høyrer om pianostemmarar og absolutt gehør. Det er ikkje slik det fungerer. Gehøret er ei treningssak som kjem etter kvart.

29-åringen seier at det sjølvsagt er ein fordel å kunne spele piano eller andre instrument frå før, men at det ikkje er heilt avgjerande.

– Pianoteknikar er eit yrke for deg som likar musikk, og å jobbe med hendene. Det er flott viss du trivst med detaljarbeid.

Du treng heller ikkje rage høgt over bakken eller vere enormt sterk i klypa, sjølv om du skal stemme digre flygel:

– Pianoflytting er det gode transportfirma som kan ta seg av.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Det aller viktigaste er faktisk at du er interessert og nysgjerrig. Ta kontakt med ein pianoteknikar for ein prat. Kanskje du kan få teste litt også.

Brukte heile dagen på å stemme feil piano

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg har ikkje éi stor hending endå, men mange små. Det er artig å finne eitt-øringar og gamle avisutklipp i eit 100 år gammalt piano til dømes.

Britt Linn Hjellum fortel at ho med jamne mellomrom møter på husdyr som ikkje er spesielt begeistra for bråket ho lagar: kattar, hundar, undulatar. Det er ikkje enkelt å stemme eit piano med ein ulande hund i bakgrunnen, fortel 29-årigen.

– Ein gong var klokka rundt 16, og eg var ferdig for dagen. Så kom nokon inn døra og sa «Du, veit du, eg oppdaga akkurat at eg har sagt feil. Det er pianoet i kjellaren det er konsert på i kveld, ikkje dette». Og vipps, blir arbeidsdagen to timar lenger.

– Men eg har høyrt fleire gode historiar, så ein dag får nok også eg ei utruleg historie å fortelje vidare, avsluttar Britt Linn Hjellum.

Gry Espenes (51) er sufflør på Det Norske Teatret, og har mellom anna jobba på The Book of Mormon. Bakgrunnsfoto: Det Norske Teatret. I boble: Privat

Britt Linn Hjellum

Alder: 29 år

Frå: Bergen

Yrke: Pianostemmar / pianoteknikar

Utdanning: Pianoteknikarlinja i Oskarshamn, Sverige