– Framleis litt sett ned på at menn snakkar om det som er sårbart

For tredje år på rad inviterer Institutt for Psykologisk Rådgivning (IPR) menn til å «manne seg opp» og bli med ut for å prate om det som er vanskeleg.

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me veit av forsking at det har positive helsekonsekvensar å opne seg opp i trygge relasjonar, men me veit også at det statistisk er langt færre menn som oppsøker samtaleterapi.

Det fortel Marius Stavang, ein av «vandrepsykologane» som skal ut å gå onsdag.

Gjennom prosjektet #manndegopp tilbyr IPR menn to gratis psykologtimar ute i friluft denne veka. Slik håpar dei å senke terskelen for å oppsøke samtalar og be om hjelp.

Kva ein vil prate om i løpet av timen på tur er heilt opp til ein sjølv, men psykologane oppfordrar til å utfordre tankar og kjensler ein synest er vanskeleg.

Stavang fortel at samtalane ofte dreier seg om relasjonar eller om status, maskulinitetsideal og det å passe inn i samfunnet.

Terapi tilpassa menn

I løpet av onsdagen legg 15 psykologar og til saman 30 menn ut på tur i hovudstadens parkar og gater. Tilbodet i år er berre for menn i Oslo, men psykologkontor i andre delar av landet har meldt frå om at dei ønsker å bli med neste år.

Prosjektet blir gjennomført i samband med Emotion Awareness Day 2. juni og har fått namnet «Mann deg opp».

Marius Stavang er onsdag vandrepsykolog for ein dag, men håpar å kunne bruke alternative terapiformer meir framover. Foto: IPR

– Me meiner det å manne seg opp er å opne seg opp om det som er sårbart. Maskulinitetsidealet går gjerne ut på at menn skal vere sjølvsikre og sjølvstendige, og det blir framleis litt sett ned på at menn snakkar om det som er sårbart. Slik bør det ikkje vere, seier Stavang.

Den mykje brukte samtaleterapien der ein sit ansikt-til-ansikt på eit kontor, meiner han generelt er mest tilpassa kvinner.

– Me veit at samtalar fungerer, men måten det er lagt opp på i dag følgjer kanskje ein meir feminin stil. Det å møte opp på eit psykologkontor og sitje der i ein time og sjå rett på kvarandre er ei ganske intens form for sosial kontakt.

Han peikar særleg på at det kan vere vanskeleg for gutar og unge menn.

– Det er fleire gutar og menn som har hatt dårlege erfaringar med å vise sårbarhet og mjuke kjensler. Dei kan ha opplevd å fått signalisert frå både foreldre og jamnaldrande at dei må vere sterke og ikkje vise sårbarheit.

Stavang seier negative erfaringar med å vise sårbarheit minkar sjansen drastisk for å opne seg igjen, men håpar deltaking i eit slikt prosjekt kan vere eit springbrett til fortsetje med terapi.

«Walk and talk» for studentar

Årets helse- og trivselundersøking blant norske studentar viser at langt fleire studentar enn tidlegare slit psykisk.

I Trondheim gjorde fjorårets nedstenging at studentsamskipnaden (Sit) måtte tenke nytt om samtaletilboda dei tilbyr studentane. Dei byrja derfor med walk and talk, eit samtaletilbod der ein kan bestille ein gåtur med ein av dei tilsette rådgjevarane eller helsesjukepleiarane, enten saman på avstand eller over telefon.

Kristian Kjesbu Drøsshaug er rådgjevar hos Studentsamskipnaden i Trondheim og har hatt mange gåturar saman med studentar det siste året. Foto: Privat

Rådgjevar i Sit, Kristian Kjesbu Drøsshaug, fortel at tilbodet fort vart populært og at tilbakemeldingane frå studentane har vore positive.

– Det er ingen tvil om at det har vore vanskeleg for mange å sitje heime på små hyblar, og at det har vore godt å få kome ut og treffe folk og snakke ut om ting.

Han opplever ikkje kjønnsforskjellar i kven som oppsøker «walk and talk»-tilbodet og andre samtaletilbod, og seier han trur det handlar meir om kor trent og van ein er på å snakke om ting.

– Det å sitje i eit samtalerom og snakke om personlege ting kan vere intenst og ubehagelig for mange, og stilla kan kjennast trykkande. Då er det betre å la uroa i kroppen få utløp ved å gå tur med den du snakkar med.

Sjølv om tilbodet kom i gang på grunn av nedstenginga, har dei positive erfaringane gjort at Studentsamskipnaden har bestemt seg for å halde fram med «walk and talk» også etter at dei andre samtaletilboda er tilbake til normalen.

Etterlyser meir kreativitet

Psykolog Marius Stavang meiner at både helsevesenet og psykologar kan bli endå meir kreative og innovative i arbeidet sitt framover.

– Det er framleis mange menn der ute som har lyst til å opne seg og snakke om ting, men synest at terskelen er for høg.

Han og kollegaane på Institutt for Psykologisk Rådgivning trur kombinasjonen aktivitet og terapi gjer pratinga lettare for mange menn.

– Kanskje ein kunne ha kombinert fjellklatring og prating? Eller fisking? Eg har tenkt at det hadde vore kjekt å prøve biljardterapi.

– Byr ei slik form for terapi nokre særskilde utfordringar samanlikna med ein time på kontoret?

– Det å gå ein tur betyr jo at ein kan møte på nokon ein kjenner, men me avtalar på førehand korleis me skal gjere det. Eg merkar at det er ein del som er nervøse når dei kjem, men berre treng litt tid til å «gå seg inn i det».


49 av 210 personar svarte på spørsmålet: «Når grein du sist?»