Aldri før har så mange søkt om plass ved universiteta og høgskulane i landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Siviløkonomutdanninga ved Norges handelshøyskole (NHH) er det studiet flest søkarar har som førstevalet sitt, men den nye bachelorgraden i toll, varehandel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger (UiS) er hakk i hæl på lista over dei mest populære studia. Det er òg det studiet der konkurransen om plassane er hardast.
− Ofte er det dei same studia som er dei mest populære kvart år, men i år er tollutdanninga ein nykommar. Dette er eit spennande samarbeid mellom Tolletaten og Universitetet i Stavanger, og som tydelegvis har vore eit etterlengta tilbod. Det er mogleg TV2-serien Toll òg har bidratt til å visa fram kor utruleg spennande og viktig yrket er, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Dei neste på lista over dei mest populære studia er rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og rettsvitskap ved Universitet i Oslo.
Hard konkurranse
Tollutdanninga ved UiS er òg det studiet der konkurranse om plassane er klart størst. Det er 59 søkarar med studiet på førsteplass per studieplass. Delstudiet i vernepleie ved VID vitskapleg høgskule, arkitekt ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og deltidsstudiet i økonomi og leiing ved Oslomet har alle meir enn 20 søkarar per studieplass.
– På ein del utdanningar er konkurransen om studieplassane hard, men sidan regjeringa under pandemien har gitt pengar til å oppretta fleire studieplassar, så er snittet i talet søkarar per studieplass litt lågare enn i fjor. Til hausten er det planlagt 61 673 studieplassar, seier Asheim.
Rekordmange søkarar
I år har over 154 000 søkte om studieplass. Det er 3 304 fleire enn i rekordåret 2020, og ein auke på 2,2 prosent. I tillegg har nesten 13 000 søkte plass på ein fagskule.
– Det er veldig bra at mange ønsker å ta høgare utdanning. Erfaringa frå tidlegare kriser viser at fleire ønsker å utdanna seg når tidene er dårlege. Det såg vi i fjor og det ser vi også i år. For kunnskapsnasjonen Noreg er det gode nyheiter fordi vi treng fleire kloke hovud i alle sektorar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Studium med flest førstevalssøkarar
Studium | Lærestad | Studiestad | Planlagde studie-plassar | Søkarar førsteval |
Siviløkonomutdanninga | NHH | Bergen | 500 | 2 221 |
Toll, vareførsel og grensekontroll | UIS | Stavanger | 35 | 2 064 |
Rettsvitskap | UIB | Bergen | 390 | 1 973 |
Rettsvitskap (jus), haust | UIO | Oslo | 234 | 1 928 |
Arkitekt | AHO | Oslo | 60 | 1 253 |
Leiing | UIT | Alta | 800 | 1 195 |
Medisin, haust | UIO | Oslo | 120 | 1 150 |
Industriell økonomi og teknologileiing | NTNU | Trondheim | 180 | 1 135 |
Sjukepleie, Oslo | OSLOMET | Oslo | 477 | 1 117 |
Psykologi, haust | UIO | Oslo | 65 | 1 102 |
Økonomi og administrasjon, bachelor | NTNU | Trondheim | 310 | 1 099 |
Politiutdanning, Oslo | PHS | Oslo | 120 | 1 094 |
Sjukepleie, Trondheim | NTNU | Trondheim | 260 | 1 075 |
Medisin | NTNU | Trondheim | 155 | 1 071 |