Yrket mitt: Johannes (30) er kulturskulerektor

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å sjå elevar gå ut av undervisningstimar med rak rygg, etter å ha meistra og fått trua på seg sjølv er eit høgdepunkt i arbeidsdagen, fortel Johannes Roksand Fauchald på e-post til Framtida.no.

30-åringen frå Oslo er kulturskulerektor i Hamarøy i Nordland.

Nyleg mottok Fauchald pris frå kommunen for arbeidet sitt – for å ha løfta kulturlivet i Hamarøy, og særleg for å integrere samisk språk og kultur på naturleg vis vis i all aktivitet.

«Vasa» i rett strøk

Johannes Roksand Fauchald poengterer at kulturskulen er ein uvurderleg del av den kulturelle infrastrukturen, og tyder enormt mykje frå kommunane i landet.

Men det var ikkje noko medvite val frå hans side å ende opp i jobben han no har.

– Det er nok veldig få, om nokon, som har eit mål om å bli kulturskulerektor. I dei fleste tilfelle er det nok ganske tilfeldig; at ein jobbar i kulturskulen og etterkvart blir «forfremma», eventuelt at ein «vasar» i kulturstillingar, og etterkvart kjem over ei utlysing, forklarar Fauchald.

– Det eg derimot var medviten om var at eg ville jobbe med ungdom, og nytte musikken som alibi, eller inngang, alt ettersom.

Han fortel at den vanlegaste vegen til stillinga nok er frå musikklærar til (kultur)skulen, for så å verte kulturskulerektor, men at det er mange vegar til Fauske (Rom). Samstundes er det berre éi slik stilling i kvar kommune, så dei veks ikkje på tre.

– Eg er veldig glad for at eg «vasa» i rett strøk, slår 30-åringen fast.

–  Svarte det til forventningane?

– Forventningane mine var ikkje-eksisterande, då det ikkje var meininga å havne i denne jobben. Men hællemåne så glad eg er for å ha havna her!

Å sjå framtida blomstre på scene

Fauchald har ei bachelorgrad i musikkvitskap, og held no på å ta ein mastergrad i leiing.

Endå utdanninga hans i musikkvitskap ikkje er spissa mot arbeid i kulturskulen, så gjev den ei breidde som er eit godt utgangspunkt, for kulturskulen skal også famne breidda av barn og ungdom, fortel 30-åringen.

– Eg var innom mange ulike fagområde, og det er eg glad for: I jobben som kulturskulerektor har eg bruk for alle fag eg tok på universitetet.

Ein vanleg arbeidsdag som kulturskulerektor inneber mange møter, anten det er med kollegiet der ein oppdaterer kvarandre, planlegg aktivitetar eller diskuterer pedagogiske metodar, med andre institusjonar i kommunen eller med foreldre.

Elles kan dagen bestå av undervisningstimar, nokre timar administrativt arbeid, budsjettering, medarbeidersamtalar, strategisk utvikling og ymse slikt.

– Men det aller kjekkaste er jo å få lov til å jobbe tett med fantastiske lærarar som ønskjer å gje barn og ungdom viktige opplevingar, og ikkje minst å få jobbe tett med barn og ungdom – lage framsyningar og sjå framtida blomstre på scena! konstaterer Fauchland.

Sjå musikkvideoen kulturskulen har laga til prosjektet Vi e her/Mij lip dáppe: 

Utfordrande å legge frå seg jobben

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er å få nytte estetiske fag som grunnlag for å arbeide med barn og ungdom. Skape gode opplevingar for elevane våre, som gjer at dei veks på eit eller anna vis, og får ein kulturell grunnmur, svarar 30-åringen og legg til:

– Ikkje minst likar eg å få vere ilag med fine folk, unge og vaksne, dagen lang. Det er stor stas!

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest utfordrande med jobben er å klare å legge den frå seg. Det er så stort spelerom, og så mange spennande prosjekt ein kan setje i gong, som får direkte innverknad på folk sine liv, og dermed blir det ei utfordring å balansere arbeidstida, slik at ein også får tid til andre ting.

– Verdas beste jobb

Johannes Roksand Fauchald fortel at det er vanskeleg å trekke fram éin utruleg ting som har hendt på jobb, for han har euforiske augeblikk med både elevar og lærarar kvar veke:

– Eg tenker sjølv at eg har verdas beste jobb!

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for dei som både brenn for å undervise i estetiske fag, og som trivast med å spele andre gode – det er kanskje det eg nyttar mest tid på i min jobb, å sørge for at våre tilsette har det som skal til for å skine.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Det er jo alltid ein fordel å vere strukturert, og å trivast med ansvar.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg har ingen store draumar for framtida, anna enn å kunne ha ein jobb der eg får bruke like mykje av meg sjølv som no, saman med gode kolleger. Kanskje er det ein draum å ha denne jobben for alltid?

https://framtida.no/2019/11/29/yrket-mitt-asbjorn-42-er-kokk

Asbjørn Sandøy. Foto: Kjærast

Johannes Roksand Fauchald

Alder: 30 år

Frå: Oslo, har budd på Hamarøy i fem år

Yrke: Kulturskulerektor

Utdanning: Bachelor i musikkvitskap. Held på å ta ein mastergrad i leiing.