Zimbabwe har 15 millionar innbyggarar, men berre 15 psykologar – brukar bestemødrer til terapisamtalar

Med bestemødrer trente i samtaleterapi vil Zimbabwe behandle depresjon, uro og sjølvmordstankar.

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Zimbabwe i sørlege Afrika har 15 millionar innbyggarar, men berre rundt 15 psykologar, der Noreg til samanlikning har rundt 8000. Det betyr at svært få med psykiske vanskar får den hjelpa dei treng.

Derfor bestemte psykiater Dixon Chibanda seg i 2007 for å starte opp prosjektet Friendship Bench, eller Vennskapsbenken. Ideen bak prosjektet er enkel: to personar treffest på ein benk og pratar om det som er vanskeleg.

Saka har vorte omtalt av fleire internasjonale medium, deriblant The World.

700 bestemødrer til no

Sidan oppstarten har meir enn 700 bestemødrer i 100 ulike lokalsamfunn i Zimbabwe gått gjennom opplæringa. Mange av dei eldre kvinnene er pensjonerte helsearbeidarar som kjenner lokalsamfunna godt.

Ei av bestemødrene som har vore med sidan oppstarten, Rudo Chinhoyi, har uttalt til BBC i ein artikkel om det same prosjektet at ho valde å bli med fordi ho ville hjelpe folk i lokalsamfunnet.

– Det var for mykje – dei deprimerte folka. Det var så mange av dei og eg ville vere med på å redusere tala, sa ho til BBC.

Til saman har dei følgt opp meir enn 65.000 personar ifølgje nettstaden til prosjektet. Felles for deltakarane er symptom på kufungisisa, det lokale ordet for depresjon, som direkte omsett betyr «å tenke for mykje».

Grunnleggar Dixon Chibanda saman med fleire av bestemødrene som deltek i prosjektet. Foto: Rainer-Kwiotek

Samtalane på benken verkar å fungere

Bestemødrene får ni dagar med opplæring i problemløysing, rådgjeving og psykiske lidingar. I møte med deltakarane identifiserer dei problema, vel ut kva dei saman skal arbeide vidare med og vidareformidlar kontakt til profesjonelle om det trengst.

– Det kan neppe erstatte profesjonell helsehjelp, men det er eit lågterskeltilbod som er realistisk å gjennomføre også i eit land som Zimbabwe, konkluderer Forskning.no etter å ha gjennomgått ein forskingsrapport om prosjektet.

Eit halvt år etter oppstart hadde pasientane som deltok mange færre symptom på depresjon enn dei som hadde fått standardtilbodet for zimbabwarar, altså lite oppfølging.

– No hadde berre 14 prosent depresjon, mens det gjaldt halvparten av dei som ikkje fekk samtalar, skriv Forskning.no.

På nettsidene til Vennskapsbenken kan ein lese at målet er at alle ein dag skal ha ein vennskapsbenk i gangavstand frå eigen heim.

Etterspør koronavaksinar til bestemødrene og helsepersonell

Trass i pandemien har samtaletilbodet halde fram i tilpassa former. Men at mange av bestemødrene er i risikogruppa for alvorleg koronasjukdom bekymrar.

Psykiater Chibanda, som hadde idéen til vennskapsbenkane for over ti år sidan, kom nyleg med sterk kritikk av vestlege land som har kjøpt opp store delar av koronavaksinane slik at Afrika sat igjen nesten utan:

– Eg lurar på kor mange helsepersonell og bestemødrer som må dø før me får tilgang til vaksinen her. Kor mange frontlinjearbeidarar må lide mens dei prøvar å lette andre sine lidingar? spør han i ein kronikk hjå BBC.


Marius Stavang er onsdag vandrepsykolog for ein dag, men håpar å kunne bruke alternative terapiformer meir framover. Foto: IPR