Undersøking: Éin av tre transpersonar har opplevd seksuelle overgrep
Transpersonar har dårlegare psykisk helse og blir oftare diskriminerte samanlikna med heterofile, homofile og bifile, viser ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Levekårsundersøkinga med namn Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår ser på levekåra til skeive i Noreg. Undersøkinga viser mellom anna at transpersonar skårar lågare enn andre når det gjeld arbeidsevne og psykisk helse, skriv NRK.
I undersøkinga oppgav meir enn kvar tredje transperson at dei har vorte tvinga til seksuelle handlingar. Samtidig oppgav over 30 prosent at dei hadde prøvd å ta livet sitt.
- Les også om rapporten som syner at skeive har dårlegare livskvalitet enn ikkje-skeive: – Det er framleis mykje fordommar mot skeive og mange opplever mykje hets og mobbing.
Vankunne og fordommar
Sentralstyremedlem Christine Marie Jentoft i Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI) meiner tala er ekstremt skremmande, samtidig er ho ikkje sjokkert.
– Dette nivået av intoleranse og hat oppstår ikkje i eit vakuum. Det kjem som eit resultat av haldningar som får byggje seg opp basert på vankunne og fordommar, seier ho til NRK.
Ho meiner styresmaktene må ta grep og sørgje for folkeopplysning om transpersonar for både unge og vaksne.
Les også meiningsinnlegget frå Karoline Skarstein: «Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser»