Då eg var 20: Christine Marie Jentoft såg Christine i spegelen – ikkje mannen ho hadde late som ho var

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christine Marie Jentoft er kjend som samfunnsdebattant og aktivist, og ein som vågar å ytre seg sjølv om ho veit at innboksen hennar då vert full av transfobisk hat og trugslar.

No er 32-åringen ein av tre finalistar til årets Skamløs-pris, som vert delt ut av Sex og Samfunn.

I grunngjevinga står det skrive at Jentoft er eit håp i mørkret for svært mange personar med kjønnsinkongruens, altså at det kjønnet kjønnsorgana tilseier og eins eiga oppfatting om kva kjønn ein har, ikkje samsvarar.

Ho er ein krigar som aldri gjev opp men maktar stå i det offentlege ordskiftet og forsvare dei som ikkje torer eller klarer, står det vidare.

Men som 20-åring levde Christine Marie Jentoft framleis som mann, og var redd og forvirra.

Kor var du då du var 20?

2008… året etter VGS, så då var eg nok i ferd med å flytte heim frå Tøyen etter å ha studert IT nokre månadar (det vart kjedeleg).

Det var første gong eg hadde ei eiga postadresse og kunne byrje å eksperimentere med å vere meg sjølv. På mange måtar var det første gong eg kom skikkeleg ut til meg sjølv, med fleire feila forsøk bak meg. Men eg var så, så redd for at nokon skulle finne det ut.

På mange måtar var det første gong eg kom skikkeleg ut til meg sjølv

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Litt avhengig av når i 2008, så var eg anten student på Tøyen eller flytta tilbake til Lørenskog og jobba fulltid på Meny.

Hugsar du kva som skjedde det året?

I all ærlegheit, så hadde eg hovudet så langt inn i mine eigne saker at eg ikkje følgde med på kva som føregjekk utanfor.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg spelte ein god del Age of Conan, som kom ut det året, på PC.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Jupp, familien tok meg med til Thailand med ein vennefamilie og vi feira der!

Kulaste. Ferien. Ever.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Å sjå meg sjølv i spegelen og sjå Christine, framfor den mannen eg hadde late som eg var i 20 år.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Absolutt ikkje. Eg berre visste at eg skulle vere i live.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

At eg måtte kome meg ut av skapet om det skulle vere noko framtid. Det kom eit punkt der kor eg måtte innsjå at livet kom ikkje til å verte heilt som pappa hadde sett for seg.

Eg berre visste at eg skulle vere i live

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Dæven, eg hadde gløymt kor redd og forvirra eg var. Men no som det er to av oss bør transfobane vere dobbelt så redde!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Serr, kom ut av skapet. Det er ganske kjipt ein periode, men det finst bra folk som støttar og aksepterer deg for deg.


Her kan du lese om fleire andre spanande 20-åringar!

Birgit Skarstein vart lam som 20-åring, og brukte store delar av året på sjukehuset. Heldigvis fekk ho feire nyttår heime– Vennegjengen sette meg i ein pulk og drog meg ut på åkeren slik at eg kunne vere med på å fyre opp rakettar

Birgit Skarstein har framleis same smilet som då ho var tjue år! Foto til venstre: Julia Marie Naglestad/NRK. Foto til høgre: Privat