– Makta dei middelaldrande har, vil bli forsterka framover, seier valforskar.

Unge og eldre prioriterer ulikt, og norske veljarar blir stadig eldre. Korleis vil det påverke politikken?

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auka levealder, synkande fødetal og eldre innvandrarar gjer at den gjengse nordmann blir stadig eldre. Slik aukar også snittalderen til dei med stemmerett litt frå val til val, og allereie i 2030 vil det vere fleire eldre over 65 enn barn og ungdom under 19 i Noreg, viser tal frå SSB.

Kva vil det ha å seie for politikken?

– Politikken handlar om å vinne over veljarane, seier valforskar Johannes Bergh. Foto: Institutt for valforskning (CC-BY-NC 4.0-lisens).

Forsterkar makta til dei middelaldrande

Johannes Bergh er prosjektleiar for Stortingsvalundersøkinga, det største og lengstlevande valforskingsprosjektet i Noreg, som ser på blant anna valdeltaking, haldningar og veljaråtferd.

Sjølv om det er lett å tenkje seg at det er dei eldste som kjem til å få meir innverknad framover, meiner Bergh det ikkje er tilfelle. Han seier det i norsk politikk er dei middelaldrande som bestemmer mest.

– Dei middelaldrande stemmer i stor grad, og dei fleste politikarane er i den aldersgruppa, forklarar han.

Han trur makta dei middelaldrande har, vil bli forsterka når alderssamansetninga endrar seg i åra som kjem.

– Politikarane har alle insentiv til å lytte til dei middelaldrande framover, fordi dei stemmer i stor grad. Politikken handlar om å vinne over veljarane, og derfor er det ikkje irrasjonelt for politikarar å høyre på dei gruppene der flest stemmer.

– Mange unge tek politikk veldig alvorleg

I tillegg til at dei unge blir færre, er også valdeltakinga blant unge lågare enn hos dei eldre. Relativt mange førstegongsveljarar på 18-19 år stemmer ved val, mens unge mellom 20-24 er gruppa der færrast møter opp, viser tal frå SSB. 

Det er fleire grunnar til den låge deltakinga, fortel Bergh, men forklaringar om at den låge valdeltakinga skuldast at «ungdom ikkje forstår politikk» meiner han er overforenkla.

– Eg trur mange unge tek politikk veldig alvorleg. Mange unge tenker nok at ein for å stemme må setje seg inn i alle partiprogram, noko vaksne og eldre deltakarar ikkje føler like mykje på. I Noreg har unge folk ein bra bagasje med til dømes skuleval og undervisning i samfunnsfag, som gjer at dei kan like mykje om parti og politikk i Noreg som dei eldre. 

Kva er då grunnen til at ikkje fleire unge stemmer? 

– Mange unge, og særleg dei tidleg i 20-åra, er i ein slags overgangsfase i livet der andre ting enn politikk kan ta merksemda. Det å stemme heng tett saman med å vere integrert i eit lokalsamfunn, ha familie, betale skatt og så vidare, forklarar Bergh. 

Grafen frå SSB viser at valdeltakinga varierer med alderen. Færrast i aldersgruppa 20-24 år nyttar seg av stemmeretten. Kjelde og graf: SSB, Valdeltaking blant norske statsborgarar etter eittårig alder.  

– Unge sitt engasjement har aldri vore større

Isa Maline Isene leier Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), og synest narrativet om kor lite unge stemmer ofte blir feil framstilt. Ho seier dagens ungdomsgenerasjon er engasjerte og politiske, men ikkje nødvendigvis gjennom stemmesetelen.

– Unge sitt engasjement har aldri vore større. Samanliknar ein med 2011 er det fleire som melder seg inn i organisasjonar, fleire som skriv lesarinnlegg og fleire som tek ordet i organisasjonane dei er med i, seier ho. 

LNU arbeider for at unge sine stemmer skal bli høyrd, og framover ønsker leiaren seg tre konkrete tiltak for å sikre nettopp det: 

– Både politikarar og media har eit ansvar for å ta opp saker som angår unge, til dømes ved å snakke om klima og psykisk helse. Dei må også ta opp saker som angår unge si notid, ikkje berre framtid, som skule. Både politikarar og media har også eit ansvar for å snakke om saker på ein måte som gjer dei forståelege. 

Vidare peikar ho på netthets som eit problem når unge engasjerer seg.

– Me veit at mange unge som engasjerer seg opplever hets i kommentarfelt og privat. Det gjer det vanskelegare å engasjere seg. Eldre politikarar har også eit ansvar for å slå ned på hets i kommentarfelt, sjølv om dei unge opplever det oftast. 

Til sist peikar ho på å utvide stemmeretten.

– Stemmerett for 16 åringar hadde hjelpt veldig på representasjonen. Slik kunne fleire unge blitt valt inn i kommunestyra. 

Isa Maline Isene i LNU seier det viktigaste er å sikre at folkevalde organ er representative. – Folkevalde organ skal spegle befolkninga, uansett om det er minoritetar eller andre grupper som er i mindretal. Det er også eit ansvar partia må ta når dei nominerer, seier ho. Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU

Ulike aldersgrupper bekymrar seg for ulike saker

Samla sett ser nordmenn klimaendringar som den største utfordringa landet står overfor. Unntaket er koronaåret 2020, då nordmenn bekymra seg meir for helse og arbeidsløyse.

Deler ein derimot inn i aldersgrupper, er opplevinga av utfordringar annleis: Unge veljarar meiner klima er er den største utfordringa, medan dei over 45 og 60 prioriterer høvevis helse og arbeidsløyse.

Det viser tal som kjem fram i Klimabarometeret 2020, undersøkinga der analysebyrået Kantar blant anna ber folk velje dei tre største utfordringane dei meiner landet står overfor.

Det er eit klårt generasjonsskilje i prioritering av viktigaste saker. Foto og talmateriale: Kantar, Klimabarometeret 2020

Folks opplevingar bestemmer priorteringane

Eva Fosby Livgard i Kantar har sett på kva saker som er viktige for ulike grupper. Foto: Privat

Sjølv om alderssamansetninga i befolkninga verkar å kunne hinte om kva nordmenn prioriterer ved val, er det likvel først og fremst folk sine opplevingar som styrer dei politiske prioriteringane i befolkninga, forklarar avdelingsleiar i Kantar, Eva Fosby Livgard, i ein epost til Framtida.no:

– Tala våre tyder på at det som først og fremst har innverknad på folk sine prioriteringar er kva dei opplever, kva som står på den politiske dagsordenen og kva media skriv om.

Ta til dømes klima. Livgard meiner vêret og den politiske agendaen påverkar i kva grad folk ser klima som ei av våre største utfordringar. Som då svære oktoberflaumar råka Vestlandet i 2014, og klima brått vart viktigare for folk:

– I 2014 auka interessa for klima, noko som mest sannsynleg skuldast vêrsituasjonen. I 2016 fall interessa igjen, som skuldast at det var situasjonen med flyktningar som dominerte mediebildet.

At klimabekymringa nådde sin topp med 49 prosent oppslutning i 2019, skuldar ho på Greta Thunberg-effekten og dei mange klimastreikarane. I ettertid har interessa for klima vore avtakande, sannsynlegvis som følgje av pandemien, forklarar Livgard.

Pålitelege framskrivingar av det politiske Noreg er uansett nærast umogleg å få til, seier Livgard, og trekker fram pandemien som døme:

– Då me i ei undersøking i 2019 stilte spørsmål om kva internasjonale forhold ein trudde kom til å få størst betydning for norsk helseteneste i åra framover, var det svært få som svarte pandemiar. Berre nokre månadar seinare måtte landet stenge ned, og folk sine prioriteringar vart heilt annleis.

LNU: – Ta omsyn til dei som skal leve lengst med politikken

LNU-leiaren påpeikar at sjølv om ein skal vere forsiktig med å dele inn i “unge” og “eldre” veljarar, vil ei eldre veljargruppe kunne påverke kva saker som hamnar på dagsordenen.

– Det er klart det er problematisk om mange eldre er mest opptekne av saker som har umiddelbar betydning for dei sjølv, og slik nedprioriterer fokuset på det som er viktig for ungdom og langt framover i tid.

Ho seier det er typisk at ungdom er opptekne av til dømes klima eller overdriven bruk av oljefondspengar, fordi det er nettopp dei unge som skal leve med konsekvensane. I slike saker meiner ho eldre folkevalde har eit ansvar for å ta omsyn til dei som skal leve med politikken som blir vedteken.

– Eg vil oppfordre eldre veljarar til å ikkje dra stigen opp etter seg, men å tenkje på dei som kjem etter.

Trur ikkje ungdommen kjem til å bli gløymd

Veljarmassen blir altså eldre, dei unge og dei eldre prioriterer ulikt, og dei unge brukar ikkje stemmeretten i like stor grad. Betyr det at sakene ungdommar er opptekne av kjem til å få mindre plass i politikken framover?

Valforskar Bergh trur ikkje ein skal frykte at verken ungdommen eller klima blir gløymd sjølv om veljarane blir eldre framover. Noreg har sterke ungdomsparti, eit ope politisk system og eit velfungerande demokrati, påpeikar han. Valdeltakinga blant unge er også aukande, og er i dag høgare enn for 15-20 år sidan.

– Det at me har ein ungdomsgenerasjon som pushar på og har ein agenda, gjer at dei også har ein sjans til å vinne fram i politikken. 

Bergh trur det sterke ungdomsengasjementet blant ungdomsgenerasjonen i dag kan motverke noko av utviklinga endringa i demografien vil føre med seg.

– Eg trur ikkje ungdommen blir gløymd, tvert imot trur eg ungdomsgenerasjonen kan få større innverknad ved nettopp at dei har ein agenda, avsluttar han. 


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

– Til hausten er det stortingsval, og det er første gong mange av dei som har streika på skulen for klimaet, skal bruka stemmeretten sin, skriv Gaute Eiterjord. Bildet er frå skulestreiken for klima 24. mai 2019. Foto: Andrea Rygg Nøttveit