I dag streikar elevar for klimaet i 123 land

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 18.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Siste oppdatering seier: 2052 plassar i 123 land på alle kontinent, inkludert Antarktis. Så spørsmålet er: Kva vil du gjera 15. mars? skriv Greta Thunberg (16) på Twitter i morgontimane i dag.

Før jul skapte den svenske skuleeleven overskrifter verda over med sin skulestreik for klimaet. Den unge aktivisten vekte åtgaum verda over då ho talte til verdas toppleiarar under klimatoppmøtet i Polen.

Ho er kåra til årets kvinne av Aftonbladet og Expressen i Sverige og er utropt til ein av deim mest innflytingsrike tenåringane av Time magazine og denne veka kom nyheita om at svenske Venstre-politikarar og norske SV-politikarar har nominert Greta Thunberg til fredsprisen.

Les også: Til hausten kjem boka om Greta Thunberg på norsk

#FridaysForFuture

Inspirert av Thunberg har elevar over heile verda mobilisert under emneknaggen #FridaysForFuture.

Ifølgje nettstaden fridaysforfuture.org er det i dag skulestreikar på nesten 2052 ulike stader i 123 ulike land.

Først ut var land som Australia og New Zealand. Fleire nyheiter rapporterte frå klimastreikane på New Zealand før landet fredag føremiddag vart råka av skytingar i to moskear i byen Christchurch under fredagsbøna. Minst 49 menneske er drept og fleire såra i terroråtaket.

Den belgiske klimaaktivisten Kyra Gantois har kritisert Noreg for å ikkje delta i dei vekentlege demonstrasjonane for klima.

– Eg synest det er litt trist at det ikkje er nok folk på gatene i land som Noreg og Sverige. Vi må gjera dette større, slik at politikarane byrjar å lytta til oss, seier Kyra Gantois til NTB.

Skuleelevane stilte seg opp framfor Stord rådhus. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ikkje gyldig fråvær

Noreg er eitt av landa som arrangerer streik på eit seinare tidspunkt. Fredag 22. mars manar Natur og Ungdom til storstreik for klimaet.

I går streika skuleelevar i hordalandskommunane Stord og Bergen, men den internasjonale storstreiken er i dag, 15. mars.

– Me er her for å visa at me unge bryr oss om klima. Me er her fordi me er bekymra for framtida vår, sa leiar i Stord Sosialistisk Ungdom Olai Sørvik (16) til Framtida.no i går.

16 av 18 fykeskommunar har vedteke at skulestreik for klima ikkje er gyldig som politisk fråvær i den vidaregåande skulen, men elevane streika uansett. Både Elevorganisasjonen og Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er kritiske til at elevane ikkje får politisk fråvær for skulestreiken.

– Desse klimastreikane er i regi av fleire organisasjonar og difor meiner me at ein ikkje må vera medlem for å få politisk fråvær, sa LNU-leiar Rode Hegstad til Framtida.no i går.

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterord, saman med avtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage, under fjorårets klimastreik. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom

«Ungdommens klimatoppmøte»

I går kom også nyheita om at Regjeringa vil arrangera «Ungdommens klimatoppmøte» for å lytte til innspel frå norske ungdommar som streikar med krav om ein meir offensiv klimapolitikk.

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, er ikkje interessert i å koma på dialogmøte med regjeringa viss ikkje dei kjem med ei krisepakke for å løyse klimakrisa.

– Det er nok av møte der politikarar seier kor mykje dei bryr seg, men går heim og gjer ingenting. Vi vil ha nye klimajobbar, inga ny oljeleiting og forpliktande planar for korleis norske utslepp skal gå ned sporenstreks, seier han til NTB.