Førstegongsveljarar om Stortingsvalet: – Ein blir jo meir engasjert når ein har moglegheit til å stemme

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sett bilete av 81 av dei 112 representantane som sat der inne, seier Tonje Marie Halmrast (17) medan ho peiker mot Eidsvollsbygninga som ligg rett i nærleiken.

Ho har nett gjesta nasjonalmonumentet Eidsvoll 1814 i lag med 2. klasse på Nannestad videregående skule. No sit ho og klassevenninna Sofie Husseini (18) på ein kvit benk og snakkar om utstillinga.

Det var her, på Eidsvoll, i 1814 at ein politisk revolusjon starta i Noreg. Her blei fundamentet for utviklinga av det norske demokratiet utforma med den norske grunnlova. Eit demokrati som Husseini og Halmrast snart skal vere med å prege.

Til hausten skal dei for første gong stemme ved Stortingsvalet.

(f.v) Sofie Husseini og Tonje Marie Halmrast utanfor Eidsvollsbygget, juni 2021.  Foto: Kristiane Nerdrum Bøgwald

Dei viktigaste sakene

– Det er veldig spennande og viktig. Ein blir jo meir engasjert når ein har moglegheit til å stemme, seier Husseini.

– Og så kjem det nok til å bli veldig gøy, for det er jo snakk om framtida vår, seier Halmrast, som fyller atten i august.

Halmrast kjem frå Nannestad. Husseini fortel at ho kom til Noreg frå Afghanistan då ho var seks år gammal. No bur ho på Kløfta. Begge går helse- og sosialfaglinja og har planar om å jobbe innanfor helsesektoren etter utdanninga.

Når Framtida ber dei om å nemne tre saker som er viktige for dei svarar dei raskt og nesten samstundes:

– Miljø og skule!

Dei tenker seg om.

– Ja, og rettane våre, seier dei nesten i kor.

Klima er ei kjernesak for mange

Halmrast og Husseini er ikkje aleine om å vere opptatt av miljø og klima. Ifølgje Kantar Klimabarometer som er ei uavhengig undersøking som kartlegg befolkninga sine haldningar i klimapolitiske spørsmål, har klimaendringane toppa lista over kva folk trur er blant Noregs største utfordringar.

Ein tredjedel av befolkninga meiner nemleg at dei har opplevt konsekvensar av klimaendringane i sin kommune. Over halvparten av nordmenn er urolege for konsekvensar av klimaendringar. Det kjem også fram at det er flest unge og eldre som er opptatt av klimaspørsmål.

«Eidsvoll riksraad 1814» av Oscar Arnold Wergeland, Stortingsarkivet. Motivet syner Christian Magnus Falsen, som les frå Grunnlova. Lisensiert under Offentlig eiendom via Wikimedia Commons.

Vennar og familie påverkar

– Vennar!

Det svarar Halmrast på spørsmål om kven som påverkar ho mest når ho skal ta eit politisk val.

– Eg blir meir påverka av familien min, seier Husseini før ho legg til:

– For foreldra mine er veldig opptatt av politikk. Dei seier «Stem! Stem!», og det påverkar meg i stor grad.

Både Husseini og Halmrast kjem frå familiar som har tradisjon for å stemme ved valet.

Meir politisk aktive

Ein kvalitativ studie gjennomført av Institutt for samfunnsforskning i samarbeid med universitetet OsloMet viser at unge i dag er meir politisk aktive enn foreldregenerasjonen. 22. juli kan ha bidratt til at unge har blitt meir engasjerte i val og politikk. Engasjementet har halde seg i åra etter terrorangrepet, meiner forskarane.

Det gjeld både valdeltaking og medlemskap i politiske parti og organisasjonar. Dei yngre veljarane er såleis meir politisk aktive enn foreldra deira var på same alder. Forskarane meiner det kan bety at vi ser framveksten av ein generasjon som kjem til å ha større politisk engasjement gjennom livet enn foreldregenerasjonen.

Men framleis er det dei middelaldrande og eldre veljarane som har den høgaste valdeltakinga, i Noreg som i dei fleste andre land i verda.

Halmrast og Husseini har ingen plan om å stemme det same som foreldra sine. Kva dei skal stemme til hausten har dei ikkje bestemt seg for enno.

– Men eg har nokre parti i hovudet mitt som eg kanskje kjem til å stemme på, seier Halmrast.

Tonje Marie Halmrast frå Nannestad vgs seier at klima er ei av dei viktigaste sakene for ho. Foto: Kristiane Nerdrum Bøgwald

På spørsmålet om kor dei hentar informasjon om politikk frå svarar Halmrast
at ho ser mykje på TV-debattar.

– Men nokon gongar når det er eit parti eg blir meir nysgjerrig på går eg inn på nettstaden deira og les kva dei jobbar og kjempar for.

Upopulære parti?

– Er det nokon parti det kan vere ugreitt eller upopulært å stemme på?

– Eg tenker med det same på Miljøpartiet dei grøne (MDG), seier Halmrast før ho held fram: 

– Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg har høyrt at det partiet ikkje er så bra. Mange tenker nok at MDG ikkje kjempar for dei rettane som folk flest er opptatt av.

– Eg synest alle partia verkar ganske greie å stemme på, seier Husseini.

– Pratar de mykje om politikk på skulen?

– Ikkje eigentleg, men det burde vere eit tema, seier Husseini.

Begge kvinnene opplever at det blei fokusert meir på politikk og samfunnsspørsmål på barneskulen og ungdomsskulen enn på videregåande.

– Det har ikkje vore eit tema innanfor helsefagarbeid og det burde det ha blitt disponert meir tid til.

Sofie Husseini synest skule er ein viktig politisk sak. Foto: Kristiane Nerdrum Bøgwald

Kan vere lite tilgjengeleg

Både Husseini og Halmrast seier det av og til kan vere vanskeleg å setje seg inn i og forstå meir kompekse politiske saker.

– Nokon politikarar brukar vanskelege ord, som til dømes i debatter, seier Halmrast og utdjupar:

– Då skjønner du ikkje heilt poenget.

Halmrast seier ho trur det kan verke lettare for mange unge å bli engasjert i problemstillingar som er direkte knytt til rettar som angår dei.

– Er det noko vits i å engasjere seg i det heile tatt?

På spørsmålet får Framtida eit rungande «ja» frå begge kvinnene.

– Det er jo vi som er framtida, seier Halmrast, og viss vi stemmer på parti som kjempar for heilt andre ting enn det som er viktig for oss, så kan det få store konsekvensar for livet vårt framover, seier ho.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.

Les også: Kjernekraft i Noreg – uaktuelt eller uunngåeleg?

Korleis skal me dekke framtidas energibehov? Fleire av ungdomspartia meiner kjernekraft er uunngåeleg, andre seier det er uaktuelt. Foto: distelapparath/pixabay.com