AOC når unge veljarar gjennom gaming

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske politikaren Alexandria Ocasio-Cortez testa i førre veke ut ein ny måte å treffe unge veljarar på. Ho testa gaming for fyrste gong.

I tre timar spelte ho spelet Among Us, under gamingnamnet aoc, medan ho strøymde det live på strøymesida Twitch.

Det fekk ho mykje merksemd for. På det meste følgde 435 000 menneske med på at kongresskvinna spelte saman med kjende Twitch-gamerar. Det gjer hennar livestream til ein av dei 20 mest populære på Twitch nokon gong.

https://youtu.be/3dh_BZPxveY

Oppmoda dei til å røyste

RØYSTING. På spelet Among Us må ein også røyste, ikkje ulikt politikken. Skjermdump

Medan ho spelte fekk Ocasio-Cortez snakka med dei unge gamerane om viktige saker i det amerikanske presidentvalet, som går av stabelen 3. november.

Ho oppmoda dei også om å hugse å røyste.

I presidentvalet er det forventa at unge veljarar kjem til å spele ei viktig rolle, men det føreset at dei faktisk røyster.

Barack og Michelle Obama med hundane Sunny og Bo i Det blå rommet i Det kvite huset. Foto: Pete Souza, Det Kvite Huset