Til sommaren er det ti år sidan terroren på Utøya. Framleis slit over ein av tre overlevande med posttraumatiske stressymptom, viser ny forsking.
NPK-NTB-Marie De Rosa
NPK-NTB-Marie De Rosa
Fakta om Utøya-studien
  • Studien vart gjennomført i fire omgangar mellom 2011 og 2020. Samla sett har 398 (79 prosent) av dei 502 som var på sommarleiren under terroren, delteke ein eller fleire gonger i studien.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er eit veldig alvorleg teikn på at altfor mange slit med desse problema over tid, seier forskingsleiar Grete Dyb til NTB.

Ho leier ei forskargruppe ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) som har følgt Utøya-overlevande og pårørande i fire omgangar sidan 2011. Måndag blir funna frå Utøya-studien presenterte.

Studien viser at meir enn kvar tredje som overlevde terroren på Utøya, framleis slit med posttraumatiske stresslidingar. Ein av fem pårørande oppgir det same.

Den siste intervjurunden vart gjennomført i fjor, åtte og eit halvt år etter terroren.

Les også: Ny dokumentar om tida etter Utøya: – Ein film om å reise seg igjen

Forskar: – Nedslåande

Grete Dyb kallar funna i den nye Utøya-studien for nedslåande. Foto: Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS)

Dyb kallar resultata nedslåande. Ho viser til at det ikkje har vore nokon nedgang i delen overlevande som slit sidan andre intervjurunde, 14 månader etter terroren.

– Vi hadde rekna med at ein del ville ha det vanskeleg framleis, men ikkje at det gjaldt så mange, seier ho.

Leiar Lisbeth Røyneland i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli-hendingane synest det er trist at talet på overlevande som slit ikkje har gått noko særleg ned.

– Det viser at hjelpa framleis trengst. Det å behandle traume etter eit veldig terroranslag tek tid, seier Røyneland.

Per 2020 var fire av fem Utøya-overlevande fullt eller delvis sysselsette i jobb eller studium. Ein av fem fekk arbeidsløysetrygd, uføretrygd eller andre støtteordningar, viser studien.

Dyb fortel at mange av dei ber med seg hendinga i det daglege.

– Her er det i tillegg snakk om menneske som er i ein utruleg krevjande fase av livet, der dei skal utdanne seg, komme i jobb og etablere eit sosialt liv. Det kan ha bidrege til å gjere kvardagen vanskelegare, seier Dyb.

Les også saka: Dei var sju år då terroren kom til Norge

Får ikkje helsehjelpa dei treng

Ein av tre Utøya-overlevande fortel òg at dei manglar tilgang til nødvendig helsehjelp.

Dyb meiner helsehjelpa til Utøya-ungdommen vart bygd ned for tidleg.

– Etter eitt år mista mange oppfølginga dei fekk ute i kommunane, etter tilråding frå Helsedirektoratet. Det var ei veldig optimistisk vurdering. Mange møtte veggen etter det første året, samtidig som helsehjelpa forsvann. Vi veit òg at ikkje alle fekk tilbod om adekvate hjelpetiltak, seier Dyb.

Ho understrekar at det aldri er for seint å oppsøkje hjelp for å bearbeide traume.

– Det er aldri for seint å ta tak i symptoma. Det finst adekvat hjelp der ute som vi veit verkar, seier Dyb.

Opplever å bli trua

Røyneland i støttegruppa trekkjer fram eit anna funn i studien som viser at ein av tre overlevande etter Utøya har opplevd å bli gjenstand for hatefulle ytringar eller truslar.

Ho kallar funnet skremmande.

– Vi har oppretta ein ressurs via støttegruppa som ramma kan vende seg til, for å få hjelp til å handtere truslar, seier Røyneland.

Les også: Tidlegare AUF-leiar Mani Hussaini vurderte å leggja engasjementet på hylla på grunn av netthets.

Mange traume, men også mykje kjærleik

Utøya-studien til Nasjonalt kunnskapssenter viser også dette om vald og traumatisk stress:

  • Ein tredel av dei som overlevde terroren på Utøya oppgav omtrent 8,5 år etterpå at dei slit med symptom tilsvarande, eller på grensa til, PTSD.
  • Nesten halvparten var mykje plaga av angst og depresjonssymptom.
  • Ein like stor del hadde betydelege og langvarige søvnvanskar. Ein tredel hadde kroniske muskelskjelettsmerter, og omtrent ein tredel betydeleg hovudverk.
  • 20 prosent av foreldra oppgav at dei framleis hadde mange eller svært mange posttraumatiske stressreaksjonar.
  • Omtrent ein tredel av dei som overlevde terroren og ein av ti foreldre hadde behov for nye hjelpetiltak eller forsterkning av eksisterande tiltak.
  • 80 prosent av dei som var på Utøya var fullt eller delvis sysselsette i jobb eller studiar, medan 20 prosent fekk arbeidsløysetrygd, uføretrygd eller andre støtteordningar.
  • Av dei som var på Utøya under terroren, har ein tredel opplevd at hatefulle ytringar eller truslar har vorte retta mot dei. Tre firedelar set dei hatefulle ytringane i samanheng med at dei var på Utøya 22. juli 2011.
  • Mellom 85 og 90 prosent oppgav at dei får nesten så mykje eller så mykje kjærleik, omsorg, støtte, råd og hjelp som dei ønskjer seg.

Les også LNU-leiar Isa Maline Isene sin 17. mai tale ti år etter terroråtaket: «Vi må bruke denne dagen, og dette året, på å minnast dei døde»

Isa Maline Isene held 17. mai-tale til unge, og minner om at vi lyt halde fram å kjempe for demokrati og ungdomsengasjement. Foto: Sverre Øygarden Eikill/LNU

 

 

ANNONSE