Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Mani Hussaini var rundt 18 år hadde han eit av sine første politiske utspel i media, med ynskje om hyppigare togavgangar i Jessheim. 

– Då opplevde eg for fyrste gong hets. Bakgrunnen min vart trekt inn og min angivelege religion. Det stod mellom anna: «Din jævla muslim, kom deg tilbake til Pakistan. Du har ingenting med å meina noko om dette.» 

Hussaini er verken muslim eller frå Pakistan, og fortel at dette møtet med offentlegheita gjorde at han vurderte å gi seg allereie då. 

Anniken Huitfeldt (Ap) trådde til med støtte og sa at dette var det berre å venna seg til når ein stikk hovudet fram.

– Når ein meiner noko og får reaksjonar, meiner du truleg noko bra, sa ho til meg, fortel Hussaini. 

Skjermdump frå Facebook-sida “Stopp islamiseringen av Norge” om Mani Hussaini. Teke 15.august 2019. Klikk på biletet for å forstørra.

Truga med å henretta valkomitéen

Då han i 2014 vart innstilt som ny leiar av AUF, opplevde han det på nytt. Både familien og den unge politikaren var kjempeglad. Så kom ein trussel om å avretta heile valkomitéen i AUF, same dag.

– Å skriva noko så sjukt om ein ungdomsorganisasjon som berre fire år tidlegare hadde opplevd det verste terrorangrepet på norsk jord, er heilt uforståeleg for meg, seier Hussaini. 

Tøff innvandringsdebatt

Sidan då har det berre blitt verre og verre, fortel 32-åringen.

– Me som driv med politikk er privilegerte og får vera med å ta avgjersler for å betra samfunnet, men i nokre periodar var det så ekstremt at eg tenkte at eg ikkje orka å halda på med det lengre. 

Særleg innvandringsdebatten var vanskeleg, og han delegerte det etterkvart vidare til andre.

– Eg elskar usemje, eg er jo politikar. Men dette var noko anna. Eg blei kalla apekatt. Folk meinte eg burde skytast. At det var synd eg ikkje var på Utøya, fortel han.

LES OGSÅ: Slik møter du nedsettande ytringar

– Hets blir diverre normalisert

Kommentarane gjekk sterkt innpå ikkje berre han, men også familien. Til slutt blokkerte han mor og søster frå Facebook-sida si, så dei ikkje kunne sjå alle kommentarane.

– Eg har vore heldig som har hatt folk rundt meg som har skjerma meg, men det er mange som ikkje har det og mange som sluttar i politikken. Spesielt unge jenter, seier Hussaini, og legg til: 

– Det er eit stort samfunnsproblem og kommentarar med hets blir diverre normalisert gjennom kommentarfelta overalt. 

LES OGSÅ: Ali Hamza vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

Skjermdump frå Facebook-gruppa “Hege Storhaugs tilhengere” om Mani Hussanin. Teke 15.august 2019

– Ta debatten, også når det er ubehageleg

Likevel meiner ikkje den tidlegare AUF-leiaren at me bør stenga kommentarfelta.

– Kvar gong ein person skriv hets og truslar offentleg, kjem dei på radaren. Då har myndigheitene høve til å ta tak i det. Eg er imot no platforming og meiner det er betre at folk får debattera offentleg. 

32-åringen oppmodar folk til å ta debattar med folk som dei føler er på grensa og å seia ifrå om nokon ein kjenner sympatiserer med rasistiske og ekstreme grupper.

– Ein må tørra å ta debatten, også når det er ubehageleg, seier han.

Saida Begum er ordførarkandidat for Oslo Høgre og har opplevd netthets. Her på Arendalsuka. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Tikka alle boksane

Ei av dei unge kvinnene som ikkje har latt seg skremme av debattklimaet er Saida Begum. 32-åringen er ordførarkandidat for Oslo Høyre. 

– Eg er i motsetnad til Mani, muslim og foreldra mine er frå Pakistan. I tillegg er eg kvinne og ung, og tikkar dimed av alle boksane, seier Begum, som har vore aktiv i politikken sidan 2011. 

Også ho er uroa for at fleire samfunnsengasjerte, unge kvinner har trekt seg tilbake fordi hetsen vart for mykje.

– Me kan ikkje la nettroll bestemma debattklimaet, og kven som kan orka å ta på seg slike verv, seier Begum, som understrekar at me alle har eit ansvar for å ta til motmæle når me ser slik hets. 

Skjermdump frå Facebook-gruppa “Fedrelandet viktigst” om Saida Begum. Teke 15.august 2019.

LES OGSÅ: Yngre politikarar vert mest utsette for hat og trugslar

«Slakta som ein halal-kylling»

Sjølv om ho er herda måtte høgrepolitikaren tenkja seg om i to dagar då nominasjonskomitéen ringte for å spørja om ho ville bli ordførarkandidat.

Då kandidaturet vart kjent var størsteparten av reaksjonane positive. Mange syntest det var kult å sjå at ein ung person var innstilt som ordførarkandidat i Oslo, fortel Begum.

Seinare på kvelden klikka ho seg inn på Resett.no og byrja lesa om seg sjølv der. 

– Der var det den rake motsetnaden. Kommentarar som: «Ho er ikkje tørr bak øyrene og kjem til å bli slakta som ein halal-kylling i valkampen»«Ho snakkar så dårleg norsk. Ho kjem til å innføra sharia-lover som ordføraren i London»,«No har Høgre byrja å kvotera inn evneveike folk, så det byrjar vel å gå tom for smarte menneske i partiet»

Men fordi ho hadde fått så mange positive kommentarar før dette, var det ein slags balanse i det, fortel ho.

– Når folk i partiet sa at eg ikkje måtte lesa det, at det ikkje var sunt, svarte eg at: jo, eg trur faktisk det er litt sunt. Det gjer meg jordnær å vita at nokon også er skeptiske, blant alt det positive, seier ho og ler.

LES OGSÅ: Amnesty vil straffe dei som spreier hat på nett

Dine kommentarar betyr noko

Trass i opplevingane med netthets, meiner Begum likevel at kommentarfelta må haldast opne og tilgjengelege også framover. 

– Særleg for å kunne visa og dokumentera kva haldningar som finst der ute. Har ein opplevd rasisme til dømes, er det ingen som trur på deg om du fortel det. No har ein det svart på kvitt og alle kan sjå at det faktisk er eit reelt problem, seier ho.

Sjølv opplevde ho ein oppløftande augneblink den kvelden på Resett.no. 

– Ei dame frå Buskerud, som eg ikkje kjenner i det heile tatt, hadde vore inne og svart på nesten alle kommentarane. 

«Kjenner du eigentleg Saida? Har du gitt ho ein sjanse? Korleis veit du kva haldningar ho har? Korleis kan du automatisk stille likheitsteikn mellom ein ekstremist og ein muslim?»

Ho tok kontakt med Buskerud-dama for å takka, og fekk til svar at dama pleide å gå inn i kommentarfelt og prøva å minna på at dei som blir kommentert om er ekte folk. 

– Ofte tenker ein at det ikkje er vits. At mine kommentarar åleine har ikkje så stor betydning. Men det har det! Den kvelden var det ho frå Buskerud åleine si forteneste at eg ikkje sat resten av kvelden og gråt. 

LES OGSÅ: «OD nedkjempar netthets med kjærleik»

Tell til 10

Mani Hussaini meiner det som er bra med sosiale medium er at alle får høve til å ytra seg

– Men me har framleis noko som heiter folkeskikk. Ein kan ikkje gå rundt her i gatene og seia: «Du bør hengast på Akershus festning.» Det kan ein bare ikkje, men på nett er det enklare. Ein tenker ikkje at det sit folk på andre sida og får med seg kva du skriv, seier Hussaini.

Han meiner at folk kanskje treng meir tid til å tenka seg om og tella til ti, før ein trykker «send» i kommentarfelta. 

– Før måtte ein skriva lesarinnlegg om ein ville meina noko offentleg. Berre det å skriva brevet var nok ofte nok for å få ut litt aggresjon, og så las ein gjennom og tenkte at ein kanskje ikkje trengte å senda inn noko så krast, seier han. 

Han håpar difor at ein kan innføra BankID for å få lov å kommentera og heva terskelen litt. 

– Då må ein tenka seg om ein ekstra gong og vurdera om ein verkeleg gidd å gå å finna BankID-brikka eller mobilen og logga seg inn. Eg trur at alt som gjer at ein får tenkt seg litt om, kan vera med å betra debattklimaet. Som regel er det berre folk som er veldig sinte og treng å få det ut.

LES OGSÅ: Solberg sparka i gang aksjon mot netthets