«Vi må bruke denne dagen, og dette året, på å minnast dei døde»

Isa Maline Isene
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange».

Slik byrjar Henrik Wergeland sin Smaagutternes Nationalsang frå 1841. Denne strofa passar godt til det vi i barne- og ungdomsfrivilligheita jobbar med kvar einaste dag.

17. mai er ein festdag for barna. Men den folkekjære songen løftar nettopp barn og unge som ein viktig del av samfunnet, og (her vert Wergeland rett nok tolka i aller beste meining) at barn og unge skal ha innverknad på samfunnet rundt seg.

På 17. mai kan vi feire at vi lever i eit liberalt demokrati.

Vi kan feire at vi bur i eit land som tek organisasjonsfridom på alvor, som tek ytringsfridom på alvor, som tek Barnekonvensjonen – som seier at barn og unge har rett til å seie meininga si i alt som angår seg – på alvor.

Men 17. mai er òg ein dag til ettertanke.

I år er det ti år sidan verdiane i demokratiet vårt vart angripne. 

Ti år sidan Noreg og Arbeidarpartiet og AUF vart utsette for eit grufullt terrorangrep.

Ti år sidan vi gjekk i rosetog og minna dei døde.

Fleire hundre tusen deltok på rosetoget i Oslo, til minne om dei som miste livet i terroråtaket. Blomsterhavet framfor Domkirka vaks seg større og større.
Foto: Holm Morten / Scanpix

AUF har den siste tida minna oss på at vi aldri skal teie, og aldri skal gløyme. Og det er viktig at vi som ikkje opplevde terroren på nært hald vert ansvarleggjorde i det faktum at vi ikkje har snakka nok om det som skjedde 22. juli 2011 og ideane som låg bak dei grufulle handlingane.

Det bør verte snakka om heile året, men særleg bør det vert snakka om på grunnlovsdagen vår.

Dei unge som var samla på sommarleir på Utøya var, på same måte som resten av den unge frivilligheita, berre ein gjeng med unge som ønskte å drive med det dei var aller mest opptekne av.

Eg tenkjer at ein del av deira ettermæle er at unge kan endre på Noreg. At også «vi små en alen lange» kan endre på verda.

Det er noko som bør verte heidra og hugsa på, nettopp på 17. mai.

Vi må bruke denne dagen, og dette året, på å minnast dei døde. Samstundes skal vi fortsetje å jobbe for det samfunnet vi ønskjer oss. For verdiane som samlar oss, og organisasjonane vi samlar oss i.

Så, la oss bruke årets 17. mai som ei påminning om å verne om demokratiet og om engasjementet til unge.

Gratulerer med dagen!


Dei tre ungdommane var sju år gamle då Noreg blei rysta av terroråtaka 22. juli 2011. Frå venstre: Maria Ulrichsen, Tomas Henden, Ellen Yingli Jørstad Sulebak. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida