Dei var sju år då terroren kom til Noreg

Rahman Chaudhry
Publisert
Oppdatert 17.08.2020 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ni år sidan terroråtaka 22. juli 2011. Då var Tomas Henden, Ellen Yingli Jørstad Sulebak og Maria Ulrichsen sju år. Dei hugsar dagen ulikt, men har til felles at dei blei fortalde av foreldra sine at noko veldig, veldig ille hadde skjedd.

– Eg hugsar berre at eg og mamma var på veg til Oslo då bomba gjekk av. Mamma snudde bilen og køyrde tilbake til hytta.

Det seier Tomas. Han og mora sat på ei hytte og såg dødstala auke for kvar time. Hyttenaboen til Tomas la ned forbod mot å nytte namnet til terroristen på hyttetomta si.

Kjensla av redsel hugsar eg framleis.

Ellen hadde vore i Legoland, og var hos mormora si i Sverige. Ho forstod ikkje so mykje, men mor hennar prøvde å forklare kva som hadde skjedd heime i Noreg.

– Kjensla av redsel hugsar eg framleis, seier ho.

– Eg hugsar det ikkje so godt, seier Maria, og fortset:

– Ei venninne av meg hadde ei mor som jobba i kontora til Cappelen Damm, som ikkje var so langt unna regjeringskvartalet. Ho skulle eigentleg vere der med mora, men fordi vi hadde avtalt å leike den dagen, var ho heime i staden.

Les også: Nytt forskingsprosjekt etter 22. juli: – Framleis mange som slit

Hugsar blomane

For dei av oss som var vaksne i 2011, er det fleire ting frå dei etterfylgjande timane, vekene og månadane ein aldri kjem til å gløyme. Ein hugsar bileta av desperate foreldre på Sundvollen hotell, kritikken mot politiet si reaksjonstid, og kongen rørt til tårer.

Då eg kom dit og såg skota i veggen, blei det annleis.

16-åringane Framtida har snakka med hugsar blomane best.

– Det var ei lang rekke blomar ein eller anna stad i sentrum, seier Tomas, og tenker nok på blomehavet utanfor Oslo domkirke.

Blomehavet som spontant dukka opp utanfor Oslo domkirke i dagane etter 22. juli.
Foto: Holm Morten / Scanpix

– Det hugsar eg. Og eg hugsar talen til Jens Stoltenberg. Eg hugsar ikkje kva han sa, men eg hugsar at han heldt ein tale.

Ellen hugsar rosetoget som gjekk gjennom Oslo 25. juli. 150.000 menneske dukka opp til toget, som fylte opp heile Oslo sentrum.

Ellen vitja sjølv Utøya då ho blei konfirmert. Ho seier det prega ho.

– Før eg dro, var eg ikkje så råka. Men då eg kom dit og såg skota i veggen, blei det annleis.

Les også: Fritt Ord-honnør for NRK-serien «22. juli»

22. juli-senteret: – Det har vore ei endring

Formidlingsansvarleg ved 22. juli-senteret, Anne Talsnes. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida

22. juli-senteret i Oslo driv kunnskapsformidling og får jamnleg besøk av skuleklassar. Formidlingsansvarleg ved senteret, Anne Talsnes, fortel at det har vore ei endring i korleis ungdomsskule-klassane som vitjar senteret stiller seg til 22. juli.

– Då senteret opna i 2015, hugsa elevane som vitja oss åtaka godt. Over tid har det sjølvsagt endra seg, seier Talsnes.

– Tonen hos elevane har endra seg. Dei var meir alvorlege før. Den nye generasjonen har fått 22. juli meir på avstand.

Talsnes fortel óg at spørsmåla elevane stiller har endra seg.

– Dei fyrste åra kom det mange spørsmål om gjerningsmannen. Dei lurte til dømes på kva våpen han hadde nytta. Det er det ikkje so mykje av no.

Direktør for 22. juli-senteret, Lena Fahre, påpeikar at ungdommane lurer på det same som alle andre.

Direktør ved 22. juli-senteret, Lena Fahre. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida

– Korleis kunne dette skje? Korleis kunne «ein av oss», ein etnisk norsk mann frå Bærum gjere noko slikt? Det lurar dei fleste ungdommane på.

– Ein jobbar framleis med det sjokkarta traumet om at dette kunne hende i Noreg, utført av ein mann som var ein av oss.

Les også: «Rekonstruksjon Utøya» vann Guldbagge for beste regi

Lærarar og elevar hugsar annleis

Fahre og Talsnes fortel at lærarar og elevar hugsar åtaka meir annleis i dag, enn for fem år sidan.

– Tidlegare var det ein parallell reaksjon. No er lærarane meir emosjonelt prega enn elevane. I ein undervisingssituasjon kan det kome til overflata, seier Fahre.

– Nokre lærarar meiner kanskje at elevane ikkje føler nok, eller er emosjonelt inne i det, seier Talsnes, og legg til:

– Elevane har ei meir intellektuell tilnærming. Det liknar mykje på korleis elevar stiller seg til andre verdskrig, seier Talsnes.

Tidslina som tek for seg hendingane 22. juli 2011 og dagane etter står sentralt i 22. juli-senteret. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida

Ein dag i framtida vil det berre finnast nordmenn som er fødde etter 22. juli 2011. Direktøren på 22. juli-senteret meiner ein må gå systematisk til verks for å bevare historia før den tid.

– I møte med moglege framtidige konspirasjonsteoriar må ein dokumentere realhistoria, basere seg på kunnskapsproduksjon og forsking, og ikkje minst ta vare på materielle og ikkje-materielle spor etter 22. juli, seier Fahre.

– Desse tinga vil vere nykelen til å møte moglege konspirasjonsteoriar. For dei kjem.

– Vi hugsar ikkje samfunnet før 22. juli

Ein ny generasjon nordmenn, som berre vil få høyre andre si oppleving av 22. juli, har byrja å vekse opp. I 2017 byrja det fyrste årskullet som er fødde etter 22. juli på skulen.

Vi har eit ansvar for å passe på at ein ikkje gløymer 22. juli.

Tomas, Ellen og Maria er medvitne om at dei ein gong i framtida kjem til å vere mellom dei siste som var fødde før terroråtaka, og kan hugse noko som helst frå den grå julidagen i 2011.

Eit av bileta som står i 22. juli-senteret viser rosetoget som gjekk gjennom Oslo 25. juli 2011. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida

– Vi hugsar ikkje korleis samfunnet var før 22. juli. Det norske samfunnet etter 22. juli er basisen vår, seier Tomas, og fortset:

– Kulla fødd etter 2011 vil kanskje ha det same forhaldet til 22. juli som vi har hatt til angrepa 11. september i New York. Ein høyrer om det, og ein veit kva som hende, men ein var der ikkje sjølv.

Ungdommane er opptekne av at dei har eit ansvar for å vidareformidle historia om 22. juli til dei som kjem etter dei.

– Vi har eit ansvar for å passe på at ein ikkje gløymer 22. juli. Når vi blir eldre er det viktig at vi minner dei yngre på kva som hende, seier Maria.

Les også: «Me har ikkje råd til å gløyme det i år heller: me må stå saman»

Illustrasjon: Ida Johanne Aadland