Ny dokumentar om tida etter Utøya: – Ein film om å reise seg igjen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som har gjort sterkast inntrykk på meg, er det motet desse fire unge kvinnene har hatt, seier dokumentarfilmskapar Aslaug Holm og held fram:

– Det krev mykje å stå i engasjementet sitt, når du ber med deg dei opplevingane, det stresset og dei traumatiske etterverknadene. Det er heilt utruleg imponerande korleis dei har hatt motet til å gå ut og fortsette å kjempe. Det har inspirert meg.

I tre år har ho og dokumentarfilmskapar Sigve Endresen følgt Line Hoem, Ina Rangønes Libak, Kamzy Gunaratnam og Renate Tårnes, som overlevde terroren på AUF-leiren på Utøya 22. juli 2011, der 69 andre unge AUF-arar vart drepne. Alle dei fire som er med i filmen, har halde fram med politikk etter det som hende.

AP-politikar Line Hoem og Aslaug Holm i videosamtale med Nynorsk pressekontor. Medan Line kjem rett frå trening heime i Kristiansund, er Aslaug med frå heimen i Oslo. Skjermdump

Oftast når Holm er inne i eit filmprosjekt, har ho opplevd at det kan vere utmattande å vere på opptak, fordi ho går så inn i prosjektet og historiene er sterke. Men med filminga av Generasjon Utøya, har ho opplevd det motsette.

– Når eg har komme tilbake frå opptak, har eg følt meg oppløfta og fått håp for verda. Og det må vere fordi Line og dei andre har bore med seg eit sånt lys. Ei oppdrift som handlar om at vi vel å vende blikket mot det lyse i staden for det mørke, seier Holm.

Line

Line Hoem (35) er i dag fylkestingspolitikar i Møre og Romsdal. Ho har snakka lite offentleg om at ho var på Utøya da det small. Men ho har fleire gonger tenkt at tidsvitna etter 22. juli manglar i samfunnsdebatten. Da ho vart spurd om å vere med i filmen, tenkte ho at det kunne vere hennar bidrag.

Line Hoem (35) er ei av dei som overlevde terroren på Utøya i 2011. No er ho ein av dei fire som er portretterte i dokumentarfilmen Generasjon Utøya. Foto: Fenris film

Da ho flykta under terroråtaket på øya, vart ho på eit tidspunkt lamma av skrekk. I filmen viser ho staden der ho vart heilt paralysert, nede ved sjøkanten, før ho «vakna» og gøymde seg i ei bergsprekk saman med fleire andre.

Vi får òg vere med henne i samtalar med psykologen. Der snakkar ho både om skuldkjensla ho har hatt fordi ho var med og verva ungdommar til å vere med på leiren, og om angsten ho har kjempa med i ettertid.

Før åtaket dreiv ho aktivt med dans og var glad i å vere i fysisk aktivitet. I tida etter har kroppen reagert med panikk med ein gong ho får høg puls, fordi pulsauken minner kroppen om flukta på Utøya. Det har gjort det vanskeleg å både trene og danse.

– Det å reise seg, fysisk og mentalt, var det som var så sterkt og fint og inspirerande å få lov å følge med Line, seier Holm.

Rett tilbake til politikken

– Eg har vore med i AUF sidan eg var 15–16 år, så det har vore heile ungdomstida mi. Eg var jo engasjert i politikk før eg reiste ned til Utøya den sommaren. Men det at vi vart angripne for politikken vår, og at så mange vart drepne og ikkje kunne engasjere seg meir, det gjorde at det vart heilt livsviktig å halde fram med politikk, fortel Line Hoem.

– Det var heilt umogleg å slutte.

Foto: Fenris film

Allereie hausten etter åtaket, vart ho vald som varaordførar i heimkommunen Kristiansund.

– Det var ganske kort veg frå Utøya til Rådhuset, som fulltidspolitikar. Det var jo krevjande. Men akkurat der og då trur eg vi var på ein bølge av å kjenne på kor viktig politikken var, fordi den var årsaka til at vi vart angripne.

Ei tid gjekk det bra å halde fram, sjølv om ho var meir redd enn før, og kunne reagere på brå lydar eller vere livredd om ho skulle halde ein tale. Ho var ikkje redd for å seie noko feil, men for at nokon skulle komme inn og skyte.

– Ein er redd for ting som andre i politikken ikkje kan førestille seg ein gong. Det var veldig krevjande å ta med seg dei trauma og halde fram i partiet når det var Arbeidarpartiet og AUF som vart angripne, seier Hoem.

Posttraumatisk stress

Etter eit par tre år i ei intensiv stilling som varaordførar og etter kvart òg fungerande ordførar, sa det stopp.

Hoem vart alvorleg sjuk, med posttraumatisk stressliding. Mange av dei overlevande har slite med det same. Ho fekk mange symptom, panikkangst, klarte ikkje å gå ut døra, eller å gjere noko som helst.

– Det vart ganske alvorleg til slutt. Eg måtte ha mykje hjelp for å komme meg opp igjen og tilbake i jobb. Terapi, medisin, og ein lang sjukmeldingsperiode.

Ho har fått god hjelp av fysioterapeut, og trenar jamleg for få kontroll på kroppen. Sjølv om ho framleis har med seg angsten, har ho komme eit stykke på veg.

Line Hoem og Aslaug Holm kjende til kvarandre frå før, fordi mor til Hoem kjem frå Smøla, der Holm er ifrå. Men det var litt tilfeldig at dei kom i snakk, sånn at Holm spurde henne om å vere med i Generasjon Utøya. Aslaug Holm ser prosessen til Line som eit vakkert bilde på at heile AUF har reist seg, frå å ha gått i frys, til å tine opp til sommar. Foto: Fenris Film

– Eg blir nok aldri heilt kvitt han. Men eg har jobba veldig hardt for å forstå kva som skjer i kroppen, når eg kjenner på at eg ikkje får puste, eller er redd for å døy, og eg har lært meg nokre strategiar som gjer at det blir mogleg å takle det i kvardagen, seier ho.

Mot slutten av filmen har Hoem komme så langt at kroppen ikkje lenger får panikk når pulsen går opp.

– Du sa noko i filmen om at det slapp taket og at du kan byrje å danse igjen?

– No har eg fått det spørsmålet så mykje, at no trur eg nesten eg må byrje å danse igjen, smiler Hoem.

Håpefull

– Sjølv om hendinga er veldig mørk og utruleg vond, så opplever eg at engasjementet dei sit på, og den prosessen som vi har fått lov å vere med å lage film om, er håpefull. Med mange draumar og framtid, seier Aslaug Holm.

– Noko av det som er viktigast for meg og Sigve, er at ein skal bli oppløfta av å sjå filmen, og enda meir inspirert til å gå ut og kjempe for dei gode verdiane. Og det er jo ungdomsgenerasjonen vi må setje vår lit til. Dei unge stemmene.

Kamzy Gunaratnam (øvst til ventre), Ina Rangønes Libak, Renate Tårnes og Line Hoem er portretterte i filmen. Foto: Fenris film. Kollasj: Framtida.no

– Du ser jo det i dag, at sjølv om det er auka polarisering og framandfrykt, og mykje av dei fascistiske haldningane har vore på frammarsj, så er det òg ei motkraft der, som ligg hos dei unge, som er veldig bra, og som lovar godt for framtida.

– Vi ser det i miljøkampen, vi ser det i rasismekampen, at dei unge reiser seg for det som handlar om å redde verda, rett og slett. Eg trur på det. Eg trur det er nødvendig i vår tid, seier Holm.

Illustrasjon: Ida Johanne Aadland

Ytringsansvar

I åra etter terroråtaket har det ikkje vore berre raude roser og kjærleik frå omverda til dei overlevande. Dei unge politikarane har òg vore nøydde til å hanskast med alvorlege truslar. Filmskaparane vil òg minne om at kva ord du vel, får konsekvensar. Med ytringsfridom kjem òg eit ytringsansvar.

– Du kan tenke at eit våpen har ei kraft. Men ordet i seg sjølv har ei kraft fordi det er der vi blir stimulerte som menneske, eller blir oppelda til det eine eller det andre. Å bli ansvarleggjort for å stå inne for og forstå konsekvensen av det vi seier, det trur eg er kjempeviktig.

– For om ein ikkje står til ansvar for kva ein seier, kan det gå ut over andre sin ytringsfridom, fordi du går inn på andre sin arena med å true, seier Holm.

Det vart heilt livsviktig å halde fram med politikk

Det er òg med ord dei unge politikarane har vald å kjempe vidare, for å stå imot framandfiendtlege haldningar som veks i samfunnet.

– Vi har jo kjent på kroppen kor farleg ord kan bli, når dei blir til handling. Dessverre er det mange som trur at framandfiendtlege ytringar i sosiale medium og der ute, ikkje er så farlege. «Det der er berre ein tulling», liksom. Det er ganske provoserande for oss som har kjent på kor farleg det faktisk kan bli, legg Hoem til.

No etter ti år trur filmskaparane tida er moden for å kunne reflektere ordentleg og ta eit oppgjer med dei haldningane som låg til grunn for angrepet.

– Tida er viktig for å kunne sjå med eit litt tydelegare blikk på kva slags samfunn vi er i ferd med å gå i mot, og dermed også vere årvakne og vere til stades. Og at kvar og ein tenker over at vi ikkje kan ta demokratiet for gitt. Det er noko som blir utkjempa kvar dag. Det er òg noko som Line og Ina og Kamzy og Renate minner oss om med sine historier, avsluttar Aslaug Holm.


Dei tre ungdommane var sju år gamle då Noreg blei rysta av terroråtaka 22. juli 2011. Frå venstre: Maria Ulrichsen, Tomas Henden, Ellen Yingli Jørstad Sulebak. Foto: Rahman Chaudhry/Framtida

Fakta Generasjon Utøya

  • Vald ut til den kanadiske dokumentarfilmfestivalen Hot Docs, den nest største i verda, 29. april til 9. mai
  • Vann hovudprisen i Human internasjonale filmfestival i mars i år
  • Har ordinær kinopremiere i april

Regi: Sigve Endresen og Aslaug Holm (Fenris film)

Produsent: Fenris Film