Skular over heile landet blir ramma av streik: Streikeviljen større enn på mange år

Rundt 180 skular blir ramma av streik. Streikeviljen er større enn på årevis, ifølgje forbundsleiar. Munnleg eksamen kan bli ramma, seier fylkesopplæringssjef.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meklinga mellom Unio og KS førte ikkje fram, og dermed blir over 7.000 kommunale tilsette, svært mange av dei lærarar, tekne ut i streik frå torsdag.

Nærare 180 barne-, ungdoms- og vidaregåande skular blir ramma av streiken. I tillegg blir òg rundt 35 barnehagar omfatta av streiken. Nøyaktig kor mange elevar og barnehagebarn som blir omfatta, er ukjent.

Unio peikar på at lønnstilbodet som låg i skissa frå meklaren, var altfor dårleg, og at avstanden mellom Unio og KS vart for stor.

– Det manglar både helsepersonell og lærarar i kommunesektoren. Vi må erkjenne at KS som arbeidsgivar ikkje klarer å løyse dette store samfunnsproblemet, seier forhandlingsleiar Steffen Handal i Unio kommune.

Lønnstilbodet var for dårleg, og avstanden for stor mellom KS og Unio, ifølgje forhandlingsleiar Steffen Handal i Unio kommune. Derfor blir lærarar over heile landet no tekne ut i streik. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

– Krava deira var umoglege å innfri, seier forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø i ei pressemelding.

Høg streikevilje

I Ålesund blir sju ungdomsskular og seks vidaregåande skular omfatta av streiken.

Det er beklageleg at streik må brukast som verkemiddel, men arbeidargivar har ansvaret, seier leiar Ina Margrethe Enoksen i utdanningsforbundet i Ålesund.

– Eg trur streikeviljen ikkje har vore så stor som han er no på veldig mange år. Folk er veldig klare. Det er ein stor kampvilje, og medlemmene våre har sagt veldig tydeleg ifrå. Vi er veldig klare, seier ho til NRK.

– Viss vi skal ta vare på eldre og sjuke og gi ein god oppvekst og utdanning til barn og unge, så må rekrutteringa bli betre. For at ho skal bli betre, så må lønna opp, så KS må ta det samfunnsproblemet på alvor og komme med eit meir anstendig tilbod, seier Enoksen.

9.000 elevar ramma i Bergen

I Bergen er det først og fremst skular som blir ramma av streiken. Om lag 9.000 skuleelevar blir ramma, opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Vi tilrår elevar og føresette å gå inn på nettsidene til den enkelte skulen for å få oppdatert informasjon, seier kommunikasjonsdirektør Eva Hille.

– Vi vil no kartleggje konsekvensane for dei andre tenesteområda i kommunen, seier ho.

Det er altså tilsette som er organisert i Unio som blir tekne ut i streik, medan lærarar og tilsette som er organisert i LO, YS og Akademikerne ikkje blir tekne ut sidan desse kom til semje med KS om ei ramme på 2,8 prosent.

Munnleg eksamen står i fare

Dersom streiken varer ut i juni, kan det skape trøbbel for gjennomføringa av munnleg eksamen i Rogaland, seier fylkesopplæringssjef Joar Loland til NRK.

I Rogaland er tolv vidaregåande skular ramma av streiken, og den første munnlege eksamenen er drygt halvanna veke unna – 8. juni.

Påtroppande Elevorganisasjonen-leiar Edvard Botterli Udnæs tek til orde for at munnleg eksamen bør verte avlyst. Foto: EO

Fleire, mellom anna ei rekkje fylkesordførarar, har teke til orde for at munnleg eksamen blir avlyst i år fordi det blir for krevjande å gjennomføre. Kunnskapsminister Guri Melby (V) har kalla inn til pressekonferanse om munnleg eksamen torsdag formidddag.

Denne streiken er endå ein god grunn til å avlyse munnleg eksamen, meiner Edvard Udnæs i Elevorganisasjonen.

– Og om det då blir avlyst på nokre skular, anten på grunn av smittevern eller lærarstreik, så kjem dette til å skape endå større forskjellar i vitnemåla til desse elevane. Då kjem ikkje vi til å ha eit vitnemål med legitimitet, seier han.

Oppdatering: Munnleg eksamen er no avlyst


Marius Begby og Andrine Noreng Olsen er avgangselevar ved Greåker videregående skole i Sarpsborg og meiner det ein munnleg eksamen i år vert urettferdig for elevane. Foto: Privat