VGS-elevar: «Det einaste rettferdige i år er at alle eksamenar blir avlyste»

Marius Begby og Andrine Noreng Olsen, avgangselevar ved Greåker videregående skole i Sarpsborg
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi har opplevd å ha fått mesteparten av undervisninga vår på raudt nivå. Det inneber vekslande dagar med fysisk undervisning på skulen og digital heimeeundervisning.

I fleire veker har vi hatt heilt manglande fysisk undervisning.

Ikkje forsvarleg

Når lærarane ikkje har fått nødvendig opplæring i bruk av digitale verktøy, og i periodar ikkje har hatt moglegheit til å lage ein god nok digital undervisningsplan for timane heime, fører dette til mykje dårlegare undervisning for elevane. Det har også ført til mykje meir sjølvstendig arbeid for elevane.

I dei tilfella kor elevar sit i karantene og må delta digitalt, så er det ikkje laga ein plan for desse elevane, som fører til eit endå dårlegare opplæringstilbod.

Gjennomføring av munnleg eksamen for elevar i mange kommunar som har hatt eit langvarig høgt smittetrykk, er ikkje forsvarleg.

Det einaste rettferdige i år er at alle eksamenar blir avlyste, slik elevane fekk førre skuleår på eit mykje mindre grunnlag.

Tydeleg bodskap

Bodskapen vår er tydeleg: Vi oppfordrar våre politikarar og dei som har makt, til å gjere det dei kan for å avlyse munnleg eksamen dette skuleåret!

Kvifor seier vi dette? Kvifor meiner vi at dette er riktig? Er det ikkje bra nok for elevane at skriftleg og munnleg-praktisk eksamen er avlyst?

Den eksamensforma som står att i år, og som avgangselevar skal gjennom, er ein lokalgitt munnleg eksamen.

Grunnlaget for at skriftleg eksamen blei avlyst var eit svært ulikt tilbod om opplæring og ulike vurderingsgrunnlag. For munnleg-praktisk var årsaka smittevern og ulike forhold for opplæringa blant skulane i landet.

Melby si forklaring

Så kvifor skal lokalgitt munnleg eksamen behaldast? Ulike vurderingsgrunnlag og smittevern er tydelegvis ikke nok for å avlyse munnleg eksamen. Kunnskapsminister Guri Melby seier:

«Fordi munnleg eksamen er lokalgitt, og dermed utforma av lærarane og skular i kommunen eller fylkeskommunen der elevane går på skule, betyr det at dei i langt større grad enn skriftlege, kan tilpassast den opplæringa elevane har fått».

Kunnskapsminister Guri Melby står fast på at munnleg eksamen skal gjennomførast. Foto: Oda Scheel/Venstre

Men, det er noko som ikkje stemmer heilt.

Det at ein lokalt gitt eksamen i større grad kan tilpassast, er det ikkje noko tvil om. Faglærarane kan no tilpasse eksamensoppgåva i større grad, ut frå kva emne klassen har gått gjennom, og det høyres bra ut.

Men kva med ulikheiter mellom elevane i ein enkelt klasse?

Fleire elevar har ufrivillig blitt tvinge i karantene eller isolasjon mange gonger, medan andre elevar har sloppe unna utan ein einaste karantene. Det er ikkje berre mellom klassane vi ser forskjellar på opplæringa, men også blant dei enkelte elevane i ein klasse, utan at elevane kan gjere noko for å endre på denne situasjonen sjølv.

Dersom eksamen blir gjennomført, så er det ikkje så mykje ei vurdering av kompetanse, som det er ei vurdering av heimeforhold, læraren sin tekniske kompetanse og skulen si handtering av smitteverntiltak.

Teams og PowerPoint

Når skular blir plassert på raudt nivå, slik som mange skular i Viken og Oslo har opplevd mesteparten av skuleåret, betyr det mykje heimeundervisning.

For elevane, betyr ikkje heimeundervisning berre ei skuffande undervisningsøkt over Teams der læraren prøver sitt beste for å få vist den PowerPointen, og ordna lyden.

Oppfølging, det har mange elevar sakna dette skuleåret

I mange tilfelle betyr det også meir sjølvstendig undervisning. Læraren legg ut ein plan som består av nokre sider å lese på og oppgåver å gjere, og resten blir overlete til eleven sjølv å fikse, kanskje utan oppfølging frå læraren. Og oppfølging, det har mange elevar sakna dette skuleåret.

Ikkje ei rettferdig prøving

Det seier seg sjølv at motivasjonen for å stå på gjennom eit allereie tøft år, ikkje er mykje til stades dette skuleåret, og heimeundervisning og karantenar gjer det berre verre.

Avgjersla om å behalde munnleg eksamen verkar heilt motstridande til opplæringslova som viser til tilrettelegging av elevens faglege, sosiale, emosjonelle læring og utvikling.

Grunngjevinga for å avlysa skriftleg eksamen var at det skulle vere rettferdig.

Burde ikkje dette også bety at munnleg eksamen skal avlysast, då det openbert ikkje er ei rettferdig prøving av elevane sin kompetanse? Ein eksamen skal vere lik, rettferdig og helst nasjonal, og ei gjennomføring av ein eksamen dette skuleåret vil bryte heilt med desse prinsippa.

Fleire tek til orde for å avlyse

Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, Barneombudet, Utdanningsdirektoratet og andre faginstansar anbefalar å avlysa munnleg eksamen.

Elevar, lærarar, sensorar, skuleleiarar og fylkestoppar har teke til orde for at eksamen må avlysast.

Vi har heile tida høyrt at barn og unge skal bli prioriterte, men det ser ikkje ut til at regjeringa held løftet sitt om dette, og at dei ikkje viser noko respekt eller omsorg for elevane som har slite gjennom dette vanskelege skuleåret.

Guri Melby forsvarte også si avgjerd med: «Derfor meiner vi det er riktig at alle får éin, og maks éin, eksamen».

Men, det stemmer ikkje at alle får éin eksamen i år, mellom anna fordi munnleg-praktisk eksamen er avlyst, og det ikkje blir utført eit nytt eksamenstrekk.

Det betyr at elevane i ein klasse som har blitt trekt opp til eit munnleg-praktisk fag, til dømes naturfag, fysikk, kjemi eller biologi, slepp eksamen heilt, medan resten av klassen må gjennomføre han, til dømes i matematikk.

Digital munnleg eksamen

Kan du tenkje deg korleis det er å lære matematikk gjennom ein PowerPoint? Utan tavleundervisning? Kor er rettferda i dette?

I fjor fekk i det minste alle elevane sleppe eksamen, ikkje berre nokon, eller halve klassen. Å avlyse eksamen heilt ville ha blitt ei meir rettferdig løysing også i år, då elevane dette skuleåret har hatt eit mykje dårlegare opplæringstilbod samanlikna med eit normalt skuleår.

Kan du tenkje deg korleis det er å lære matematikk gjennom ein PowerPoint?

Det er ikkje så lenge sidan rammene for korleis munnleg eksamen i år skal gjennomførast blei lagt ut. Der får ein lese at elevane i år praktisk sett er prøvekaniner for ei ny eksamensform: Digital munnleg eksamen.

Det er faktisk sånn at sensor kan stille til eksamen digitalt, gjennom eit videomøte på datamaskin. Dette vil føre til mange tekniske problem, og fører også til at elevane ikkje får vist kva dei kan på best mogleg måte.

Lærar meiner situasjonen er uhaldbar

Dei fleste elevar vil nok ikkje få noko øving i denne nye eksamensforma, men av dei klassane som har forsøkt dette omtalast situasjonen som heilt uhaldbar frå læraren sitt perspektiv.

Meiner Guri Melby også at det er rettferdig at nokon skal gjennomføre munnleg eksamen digitalt, medan andre får utført det fysisk, på «vanleg» måte?

Om ikkje manglande undervisning og kompetanse, isolasjon, karantene og raudt nivå i eit lite føreseieleg år er eit godt nok argument for å avlyse munnleg eksamen, så kva med smittefaren?

Straff for smittevern

I år vil elevar bli straffa hardt for å følgje smittevernreglane.

Det er nemleg slik at om eleven ikkje får møtt opp, til dømes på grunn av ventekarantene, karantene, isolasjon eller om dei har koronasymptom, så får dei ikkje gjennomført eksamen dette skuleåret.

I år vil elevar bli straffa hardt for å følgje smittevernreglane.

Dei får den ikkje avlyst heller, dei må faktisk gjennomføre eksamen i neste eksamensperiode!

Det betyr at eleven må søkja opptak på vilkår, halde på kunnskapen gjennom sommaren og til hausten, kanskje til juletider, få eit nytt eksamenstrekk i eitt av dei aktuelle faga, avleggje eksamen og håpa dei gjer det bra nok for å ikkje miste studieplassen sin og alt dette medfører.

Sensor kan avlyse

Er sensor borte, så blir eksamen avlyst, som betyr endå mindre rettferdig blant elevar, der nokre må avleggje eksamen, og andre vil få sleppe unna. Det lønar seg nemleg ikkje å følgje smittevernreglane for avgangselevar i år.

Guri Melby og andre folk er ganske naive dersom dei trur russ og andre avgangselevar ikkje møter opp med symptom framfor å ikkje få vitnemål og måtte søkja opptak på vilkår. Elevar vil møta opp sjuke, og ein ser jo kor mykje smitte det er blandt mellom anna russen no.

Folk vil bli smitta, og det påverkar elevar, lærarar og sensorar og deira næraste. Det er ikkje berre eit spørsmål om manglande undervisning, men også liv og helse.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Les også: Elevrådsleiar er uroa for at elevar vil føle seg nøydde til å møte sjuke på eksamen

Leander Fjeldstad, elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole. Foto: privat