Høgre vil ha eit 11. skuleår mellom ungdomsskulen og vidaregåande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me veit at éin av fem elevar ikkje kan lese og skrive godt nok når dei går ut av ungdomsskulen. Difor er det viktig å rette fokus mot grunleggjande ting, som å læra å lesa og skriva godt nok.

Det seier Arina Aamir, som er nestleiar i Aker Unge Høgre.

– Målet er at dei skal fullføre

16-åringen går siste året på ungdomsskulen og skal byrja på vidaregåande til hausten.

Unge Høgre-politikaren gler seg over at Høgre på landsmøtet i helga gjekk inn for ei ordning med eit frivillig ellevte skuleår mellom ungdomsskulen og vidaregåande.

Målet er å hindre fråfall i vidaregåande skule, noko Aamir trur det vil gjera.

Ho peikar på at unge som ikkje har karakterane til å koma inn på den studieretninga dei vil står i fare for å droppa. Difor trur Aamir at eit 11. skuleår kan vere eit alternativ til friår og risiko for varig utanforskap.

– Såklart ein kan seie at dei som er skuleleie står i fare for å droppe ut, men dette kan vere eit år der dei kan hente seg inn att og få motivasjon. Målet er at dei skal fullføre vidaregåande, ikkje berre begynne, seier Aamir.

– Framleis mykje som må gjerast

I likskap med regjeringa meiner Unge Høgre-politikaren at den omdiskuterte fråværsgrensa har vore ein suksess, som har senka fråværet betydeleg.

– Men det er framleis mykje som må gjerast for å hindra fråfall, seier Aamir, som trur eit 11. skuleår kan vera eit viktig tiltak.

Vidare trur ho på auka nivådeling frå barneskulen av, som er eit anna landsmøtevedtak i Høgre sin skulepolitikk.

Bør norske elevar få tilbod om eit ekstra skuleår etter ungdomsskulen?

Bør norske elevar få tilbod om eit ekstra skuleår etter ungdomsskulen?

Ja, det kan tetta kunnskapshola13
Nei, dei er skuleleie nok24
Det kan gjerne prøvast ut15
Veit ikkje3
Svar totalt: 55

 

Elevleiar: – Ikkje nødvendigvis mot forslaget, men…

Men Høgre er ikkje åleine om å føreslå eit ellevte skuleår. Også KrF vedtok på landsmøtet i år å gå inn for eit 11. skuleår, som allereie har vore prøvd ut i Oslo og Drammen.

Då KrF sitt vedtak fekk fleirtal i april var påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs lunken.

– Me er ikkje nødvendigvis mot forslaget, men me meiner det vil vere meir effektivt med ei ordning med frivillige innføringsfag, slik Lied-utvalet føreslår, sa han på telefon til Framtida.no.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs. Foto: Elev.no

Han meiner det å starta på vidaregåande saman med resten av kullet sitt kan gje motivasjon.

– Me trur eit år der ein berre fokuserer på det ein har tapt kan følest litt som eit venterom før vidaregåande skule. Ein bør heller satsa på eit løp der ein får tetta faglege hol og fylle på med nye ting. At ein får innføringsfag og jobbar vidare med fag ein var flink i på ungdomsskulen, seier Botterli Udnæs, som likevel ikkje er negativ til ei prøveordning.


– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien, fortel Jens Martin Hartvedt Arvesen. Foto: Karina Rønning