Kunnskapsministeren ber om forklaring frå statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
mm

– Me har gjennom Utdanningsdirektoratet tatt kontakt med statsforvaltaren for å få ei nærare forklaring for dei vurderingane og den rettleiinga som er gitt i samband med avlysinga av eksamen i Grenlandsdistriktet, skriv kunnskapsminister Guri Melby (V) i ein e-post til Framtida.no.

Seks kommunar i Grenland blei fredag samde om å avlysa munnleg eksamen i tiande klasse. Kommunane grunngjev dette med ei totalvurdering, som tar vare på smittevern og det pedagogiske.

– Vil ikkje gå inn i enkeltsaker

Kunnskapsministeren har fleire gonger den siste tida stått fast på at det berre er smittesituasjonen under avviklinga av munnleg eksamen som avgjer – ikkje pedagogiske omsyn.

På spørsmål om ho vil overprøva vedtaket i Grenland, svarar ho dette:

– Eg kan ikkje gå inn i enkeltsaker eller i avgjerdene som blir tatt lokalt. Men generelt kan eg seia at kommunane har tilgang til å avlysa dersom den aktuelle smittesituasjonen ikkje gjer det mogleg å gjennomføra eksamen, men dei kan ikkje avlysa av omsyn til opplæringssituasjonen eller høgt smittetrykk gjennom året.

Statsforvaltaren: «Ekstra krevjande»

Framtida.no har fått tilgang på ein e-post som Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark skreiv til kommunalsjefen for oppvekst i Skien kommune, Grete Gjelten. I e-posten står det mellom anna:

«Me ser at det å gjennomføra munnleg eksamen viss skulane skal drivast på raudt tiltaksnivå, vil vera ekstra krevjande. Smittesituasjonen endrar seg raskt, i begge retningar, og moglegheita for å gjennomføra munnleg eksamen må de vurdera når de er nærare gjennomføringstidspunkt for eksamen.»

Vil få vitnemål uansett

Kunnskapsministeren understrekar at det er kommunane sjølve som må avgjera om smittesituasjonen lokalt betyr at eksamen må avlysast.

– Men dei kan sjølvsagt rådføra seg med Utdanningsdirektoratet, helsestyresmaktene og statsforvaltarane.

– Viss ein kommune har avlyst munnleg eksamen på feil grunnlag, kan det få konsekvensar for elevane på nokon måta?

– Alle elevar på 10. trinn vil få vitnemål frå grunnskulen uansett om dei har gjennomført eksamen eller ikkje.


Oppdatert: onsdag 26. mai 2021 14.23

LES OGSÅ

ANNONSE