Munnleg eksamen vert avlyst – håpar det skapar ro

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no oppdaterer saka. 

– Det er grunn til å tru at karantene og smitte vil røre ganske mange av dei som er involverte i eksamen. Vår vurdering no er at situasjonen er så uføreseieleg og rører så mange elevar at det gjev grunnlag for nasjonal avlysing av eksamen.

Det melde kunnskapsminister Guri Melby (V) i ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

Kunnskapsministeren snudde

Tidlegare i veka heldt Melby fast på at munnleg eksamen skulle gjennomførast, med mindre smittesituasjonen gjorde det umogeleg, noko mange har vore kritiske til.

Førre veke gjekk alle fylksordførarane i landet ut og kravde at munnleg eksamen vart avlyst, noko Elevorganisasjonen også har teke til orde for i fleire månadar.

I dag hadde kunnskapsministeren gjort heilomvending og fortalde at hovudgrunnen for avlysinga er smittesituasjonen og usikkerheita kring kor vidt ein kan avhalde ein rettferdig og trygg eksamen.

– Den informasjonen som vi har fått fortel oss at per no er det fleire tusen elevar og ganske mange hundre lærarar som er i karantene. Det er grunn til å tru at det òg vil vere situasjonen dei næraste vekene, sjølv om det sjølvsagt kan endre seg.

Elevleiar: – Felte ei lita tåre

På telefon til Framtida.no fortel påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Edvard Botterli Udnæs, at han vart overraska over beskjeden kunnskapsministeren kom med i føremiddag, då det var lite som tyda på avlysing i går.

– Eg hadde den reaksjonen eg trur dei fleste elevar hadde i Noreg i dag: Eg felte ei lita tåre.

– Det må vel ha kome ei openberring til Kunnskapsdepartementet i Kvadraturen, seier Edvard Botterli Udnæs om eksamensavlysinga. Foto: EO

Botterli Udnæs påpeikar at Elevorganisasjonen har bede om at årets munnlege eksamen skal verte avlyst sidan november i fjor, og meiner det er kritikkverdig at avgjersla ikkje kom tidlegare.

– Det kan rettast mykje kritikk mot regjeringa sitt mattestykke, men så vart i alle fall svaret rett. 

Elevorganisasjonen gler seg over at eit år som har vore lite føreseieleg kan verte avslutta med ro.

– No kan vi få oss vitnemål dei neste vekene, utan stresset om å hamne i karantene, få ein sensor som ikkje veit korleis opplæringa har vore eller eksamensoppgåver som ikkje er tilpassa oss, avsluttar den påtroppande leiaren. 

Elevrådsleiar Leander Fjeldstad frå H20 Hersleb videregående skole fortel Framtida.no at kunnskapsministeren i dag har teke avgjersla heile skule-Noreg har venta på.

– Eg trur kunnskapsministeren har forstått at ho og regjeringa stod på ei tapt sak, seier han.

– Håpar avgjersla kan skape ro

På torsdagens pressekonferanse fortalde kunnskapsminister Guri Melby at ho ikkje tek lett på avgjersla om å avlyse munnleg eksamen.

– Eg håpar dagens avgjersle kan skape ro for elevar, lærarar og skuleeigarar over heile landet, som no er i ferd med å avslutte eit veldig krevjande år, sa Melby.

Kunnskapsministeren poengterer at privatistar som er avhengige av eksamen for å få vitnemål, kjem til å kunne ta eksamen.