Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noko ein har vore klare på heile skuleåret er at elevar med symptom ikkje skal møte på skulen. Korleis er denne avgjerda forsvarleg? For det blir garantert elevar som møter sjølv om dei ikkje burde.

Det uttalar elevrådsleiar Leander Fjeldstad ved H20 Hersleb videregående skole til Framtida.no.

Han er kritisk til at retningslinjene for årets munnlege eksamen seier at elevar med koronasymptom ikkje får vitnemål før dei har bestått utsett eksamen.

– Eg fryktar dette vil føre til at mange elevar kan vere smitteberarar på eksamen, då dei ikkje tør å la vere å møte opp fordi dei må ta att eksamen og risikerer å ikkje få vitnemål, seier Leander Fjeldstad.

Skriftleg eksamen er avlyst våren 2021 på grunn av koronapandemien, men elevar på 10. trinn i ungdomsskulen og elevar på VG3 må framleis gjennomføre munnleg eksamen.

Risikerer å miste studieplassen

Avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i Utdanningsdirektoratet. Foto: Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet (Udir) opplyser at elevar ikkje skal møte på eksamen om dei har koronasymptom, er i karantene eller isolasjon på eksamensdatoen, og at det er utarbeidd smittevernrettleiarar for eksamen.

– Elevar og vaksne har rett til utsett eksamen til hausten og vil få vitnemål når dei har bestått eksamen, skriv avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i ein e-post til Framtida.no.

Elevane får ikkje vitnemålet før dei har bestått den utsette eksamenen, men kan likevel søke høgare utdanning på vilkår i såkalla «betinget opptak».

– Det vil seie at dei får eit kompetansebevis og søker på grunnlag av det. Dei må framleis fylle opptakskrava etter at dei har teke eksamen om hausten. Dersom dei stryk, mistar dei studieplassen, skriv Larsen-Evjen i Udir.

Dette reagerer Fjeldstad på. Han er spesielt uroa for elevane som allereie slit med å få ein 2-ar.

– Korleis skal ein vente at eleven skal klare å stå eit halvt år seinare utan noko undervising? Og stryk du på eksamenen har du jo ikkje vitnemål.

Skuffande

Utdanningsdirektoratet skriv til Framtida.no at dei forstår at elevane er bekymra for uheldige konsekvensar, og minner om at regelverket gjer det mogleg for elevar å søke om opptak på vilkår dersom dei ikkje får gjennomført eksamen.

– Det gir dei nøyaktig same sjanse til å få studieplass som dei ville ha med eit vitnemål, skriv direktoratet.

Leander Fjeldstad er elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole og leier koronakomiteen til elevrådet. Foto: privat

At elevane har like sjansar synest Leander Fjeldstad er uriktig. Han føler Udir ikkje forstår problemstillinga, og synest svaret er skuffande.

Eleven må søke på grunnlag av dei andre karakterane, og det kan vere små marginar som gjer at ein ikkje kjem inn på eit studium.

– Eleven må framleis ta eksamen eit halvt år seinare, medan personen då har eksamen på studiet sitt, seier han og legg til:

– Ved å seie ein har nøyaktig same sjansar til å kome inn, seier dei jo at eksamen ikkje er viktig.

Varetek ikkje elevane

Den munnlege eksamensperioden våren 2021 startar tysdag 18. mai og varer til fredag 4. juni.

Udir skriv på sidene sine at kva for krav som blir stilt til dokumentasjon i tilfelle der kandidaten ikkje kan møte til eksamen på grunn av milde symptom, karantene eller isolasjon, ikkje er avklart.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs er kritisk til handsaminga frå Udir og regjeringa.

– Dette er berre enda eit døme på det vi har peikt på – det er vanskeleg å gjennomføre munnleg eksamen i år. Udir har ikkje vore på ballen, men vi kan ikkje berre skulde på dei. Det er også ei regjering som ser ei dårleg avgjerd og tar ho likevel, seier Udnæs til Framtida.no.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Edvard Botterli Udnæs. Foto: Elev.no

– Vi ser at viss sensor er sjuk eller er i karantene, kan sensor møte digitalt, viss lærar er sjuk eller i karantene, så blir eksamen annullert for elevane, men viss elevane er sjuke eller i karantene, så får dei ikkje vitnemål, seier Udnæs.

Han synest ikkje ordninga for munnleg eksamen varetek elevperspektivet, og minner om at opptak på særskilt vilkår i år vil råke mange fleire elevar enn eit vanleg år på grunn av den høge terskelen for å møte opp med symptom.

– Det skapar usikkerheit og gjer det meir uføreseieleg for veldig mange elevar, og det legg enda meir stress til det dei allereie har i dette forferdelege året.

– Inga skam å snu

Dersom eksamen blir avlyst, slepp elevane å ta opp att den munnlege eksamenen eit halvt år seinare for å få vitnemål.

– Munnleg eksamen er eit lokalt ansvar. Dersom skuleeigar tek avgjerda om å avlyse, vil det gjelde på lokalt nivå. Eksamen kan bli avlyst for éin elev, eitt parti eller ein heil skule, skriv Udir.

Elevrådsleiar Leander Fjeldstad meiner at å avlyse munnleg eksamen for alle er den beste løysinga, og er skuffa over at kunnskapsminister Guri Melby ikkje lyttar til elevane.

Udnæs i Elevorganisasjonen meiner regjeringa er stabeisar i denne saka, og vil minne Melby om fjellvettreglane:

– Vend i tide det er inga skam å snu!

Framtida.no har forsøkt å få ein kommentar frå kunnskapsminister Guri Melby (V). Kunnskapsdepartementet viser til Utdanningsdirektoratet, då det er dei som har ansvar for å handtere eksamen. 


Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat