Mina (27) har droppa ut av studia to gongar – med heimeundervisning fekk ho toppkarakter

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg gjekk inn for å sjekka karakteren og fann den A-en, så trudde eg først det var ein skrivefeil. Eg begynte faktisk å grina, for det var så veldig stort. Ikkje berre hadde eg klart å følgja med, men eg hadde fått toppkarakter.

I haust starta Mina Edvardsen på ein bachelorgrad i sosiologi ved Universitetet i Stavanger.

Ho har stor medkjensle med studentane som dette året har slite med dalande motivasjon og dårleg psykisk helse fordi dei ikkje har fått møte opp fysisk på studiestaden, men for henne har situasjonen vore heilt motsett.

Dårlege skuleår sette spor

Sidan ungdomsskulealder har 27-åringen frå Jæren slite med angst og depresjon, noko som har gjort skulegangen vanskeleg.

– Eg har dårlege erfaringar med skule frå før. Eg vart mykje mobba og hengt ut og slit med konsentrasjonen. Særleg det å sitja i eit stort rom og prøva å konsentrera seg når det er nokon som byrjar å snakka nokre rader bak, forklarar Edvardsen.

Etter å to år på helsefag tok ho eit pauseår, før ho gjekk vidare på påbygg, som gav allmenn studiekompetanse. Det var eit tøft år, men Mina gjennomførte med god tilrettelegging frå ein kontaktlærar, som mellom anna lot ho sitja bakerst i klasserommet.

– Eg har følt meg litt dum

Bak seg har ho to avslutta studieløp, det eine i reiselivsleiing og det andre i historie. Siste gongen ho freista å studera vart det totale arbeidspresset med jobb og studier så stort at det enda med innlegging.

Å droppa ut av studia har gått ut over både motivasjon og sjølvbilete.

– Eg har følt meg litt dum. Eg veit at ein ikkje må ha ei utdanning for å vera smart og koma nokon plass, men eg har hatt lyst på ei utdanning, forklarar Mina Edvardsen.

For Mina Edvardsen er det vanskeleg å konsentrera seg i ein førelesningssal, men heimefrå går det mykje betre. Foto: Privat

Digital suksess

Dei siste åra har ho hatt fleire mellombelse- og deltidsstillingar i butikkbransjen, men har ikkje trivest og strevd med å sjå føre seg ei jobbframtid.

På grunn av koronarestriksjonane sa ho difor opp jobben sin i haust, for å ta fatt på digitale studier.

Heimanfrå følgjer ho studia direkte og kan sjå det i opptak så mange gongar ho vil. Sidan studiet ikkje legg opp til Zoom-førelesningar der ein ser alle studentane på skjermen, men videooverføringar av førelesaren, slepp ho òg dilemmaet med om ein skal slå på kamera.

– Slik ting er for meg i dag trur eg ikkje eg hadde sett på det som eit stort problem, men eg har øvd mykje på å godta den eg er, seier Edvardsen, som trur det kan vere vanskelegare for vidaregåandeelevar.

Fleire fortel om positive studieopplevingar

På grunn av dei mange som slit under koronapandemien har ho faktisk kvidd seg litt for å seie det høgt, men:

– Eg føler faktisk at 2020 har vore mitt år.

27-åringen har hatt det så bra i det siste, at ho nyleg hadde sin siste terapitime.

– Eg har fått mykje betre karakterar enn forventa, er supergira på å starta på eit nytt semester og håpar vaksinen snart kan hjelpa oss å få ein normal kvardag.

Då Edvardsen delte historia si på Twitter, viste det seg at ho ikkje var åleine om å ha positive erfaringar med den nye studiekvardagen. Ho håpar difor at hennar erfaring kan bidra til å visa at digital tilrettelegging er noko ein bør halde fram med – òg når kvardagen kjem tilbake.

Line Toft er kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom. Foto: Mental Helse Ungdom

Mental Helse Ungdom: – Viktige erfaringar

– Det er nok ikkje ei sanning at alle med angst eller depresjon vil ha same effekten som Mina, då sjukdomstrykket for mange aukar når ein er mykje åleine/isolert. Mange vil ha godt av dei sosiale interaksjonane som følgjer ved oppmøte på skule.

Kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom, Line Toft, forklarar i ein e-post til Framtida.no at ho ikkje kjenner til nokre historier som er like fantastiske som Mina Edvardsen si, men har høyrt fleire fortelje at dei finn meir ro og konsentrasjon ved å sitje heime.

– Det er ikkje overraskande at nokon vil prestere betre heimanfrå enn ved fysisk oppmøte. I arbeidslivet er nokon som føretrekker ope landskap medan andre jobbar betre med eiget kontor eller heimanfrå, understrekar ho.

Toft synest det er kult å lesa om Mina sine erfaringar.

– Dette vil vere viktige erfaringar å ta med seg i planlegginga av framtidige skulesystem, avsluttar ho.

– Eg har veldig lyst å jobbe

For første gong på lenge ser Mina Edvardsen for seg ein draumejobb, kanskje ta ein master og jobba vidare med forsking, som studia har opna auga hennar for.

For 27-åringen er det ei hjartesak at alle har rett på utdanning, også dei som har psykiske problem eller andre utfordringar i kvardagen. Ho håpar difor at utdanningsinstitusjonane vert endå betre på tilrettelegging framover.

Til NRK.no seier minister for forsking- og høgare utdanning Henrik Asheim at dei i løpet av våren vil leggja fram ein ny digitaliseringsstrategi.

– For min del har det ført til at eg har fått eit håp om at eg kan ta ei utdanning som fører til ein jobb eg trivst i. At eg slepp å verte sjukemeld, ufør og gå på NAV, seier Edvardsen, som understrekar at det ikkje er noko gale i å få hjelp frå NAV.

– Men eg har lyst på ei utdanning. Eg har veldig lyst å jobbe, men eg må finna ein jobb som passar meg.


Skjermbilete frå vinnartalen til Isak Svarstad Ellefsen (17). Video: TaOrdet!