Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vinnarane av skrivekonkurransen er:

  • Thea Holand (17) frå Heggen videregående skole i Harstad
  • Synne Solberg (18) frå Vinstra vidaregåande skole
  • Celine Rognaldsen Mietle (18) frå Nøtterøy videregående skole

Vinnarane svarte på desse oppgåvene og får 5000 kroner kvar frå Fridthiov Oos’ legat.

Totalt 170 bidrag frå heile landet kom inn til skrivekonkurransen. Juryen ved Anders A. Fitje og Synnøve Marie Sætre synest det er stor stas at så mange har sendt inn bidrag til skrivekonkurransen.

– Bidragsytarane har vist skrivelyst og kreativitet, og det har resultert i mange gode svar på oppgåvene og ein utfordrande jobb for juryen, skriv Synnøve Marie Sætre.

Thea Holand (17) frå Harstad er den yngste av vinnarane av skrivekonkurransen. Foto: Privat

«– Dæsken!»

Vinnar Thea Holand (17) synest det er utruleg stor stas å vinna konkurransen.

– Eg måtte ropa «dæsken» til mor mi då eg fekk mailen frå deg, skriv Thea Holand på epost til Framtida.no.

Ho valde å skriva eit essay om dialektar.

– Det er ein spennande sjanger med mange moglegheiter. Temaet var også noko eg tenkjer er interessant, og eg er fascinert av alle dialektane i Noreg. Sidan bokmål eigentleg er hovudmålet mitt, synest eg det er veldig fint å skriva på nynorsk, og eg tenkjer at det er eit vakkert skriftspråk, slår harstadværingen fast.

– Utruleg glad i dialekta

I teksten hennar skriv Thea Holand om at bestefar hennar alltid pleidde å retta på ho då dei åt fisk ved middagsbordet.

«Det hete ikkje fisk, Thea, det hete fesk!».

– Kva betyr dialekten din for deg personleg?

– Eg er utruleg glad i dialekta mi! Eg føler at den er ein stor del av kven eg er, og eg føler at dialekta mi knyter meg til staden eg er ifrå. Eg må også seia at eg er glad i nokre nordnorske frasar sjølv om eg ikkje alltid er den fyrste til å seia dei, og at eg synest det er gøy med lokale ord som er unike for kvar stad.

Juryen synest teksten hennar er eit særs godt svar på oppgåva, og skriv at forfattaren på elegant vis greier å balansera kunnskap om temaet, artige anekdotar og gode drøftingar.

QUIZ: Test deg sjølv kor god du er på dialektar!

Steingalen

Thea Holand er snart ferdig med andre året på Heggen vidaregåande skule i Harstad, og tek studiespesialiserande med realfag som programfag. Skulen har vore prega av gult og raudt om ein annan.

– Eg er skikkeleg lei av orda «avlyst» og «restriksjonar»! Men eg har hatt det greit og det kunne ha vore mykje verre. No får eg vera på skulen kvar dag, noko eg er veldig glad for.

Etter vidaregåande tenkjer ho å studera geologi i Trondheim.

– Eg er «steingalen» og er kjempeinteressert i geologi og bergartar. Eg er også utruleg glad i å teikna og gjera noko kreativt, så eg tenkjer også å ta nokre år på kunstskule. Draumen er ein gong å gje ut ei eiga bok med sjølvlaga illustrasjonar og tekstar.

«Eg har opp gjennom åra høyrt store forskjellar mellom min generasjon, foreldregenerasjonen og besteforeldregenerasjonen sin talemåte», skriv Synne Solberg (18) i vinnarinnlegget sitt. Foto: Privat

«Kæn é få `n påsså?»

Synne Solberg frå Harpefoss er òg strålande nøgd med å vinna.

– No blir norsklæraren min glad!

3.klassingen ved Vinstra vidaregåande skule er veldig interessert i språk.

– Då eg såg skrivekonkurransen, og attpå til fekk ein liten dytt av norsklæraren min, takk Arnhild, så var valet av oppgåve veldig enkelt! skriv ho på epost til Framtida.no.

Synne Solberg seier ho lenge har tenkt på korleis ho og andre unge blir påverka av kvarandre og verda rundt oss, og korleis vår talemåte skil seg ut frå dei eldre generasjonane.

– Dette var jo ei perfekt oppgåve for å reflektera over akkurat dette.

Juryen skryt over teksten hennar «Kæn é få ’n påsså?» om dialektar i Noreg, og utsiktene til å få eitt felles talemål:

«Ho syner fram eit stort register av språklege reidskapar for å få fram ulike syn på saka, og til slutt sitt eige. Til slutt sit lesaren att med ei stolt kjensle ikkje berre for sitt eige talemål, men for alle dei ulike talemåla i landet.»

– Stor del av identiteten vår!

Dialekten betyr mykje for ho personleg.

– Eg pratar jo midt-gudbrandsdøl og er veldig stolt av det! Eg synest absolutt fleire burde vera stolte av dialekta si og bruke alle særeigne ord som finst. Det er jo det som gjer språket vårt så unikt og fint! Eg er jo kanskje litt overdriven interessert i språk og spesielt dialektar, men det er jo ein stor del av identiteten vår som vi absolutt burde behalda!

3.klassingen i musikk har søkt på fleire studium til hausten.

– Planen min er å gå rett på studium etter sommaren, og har prioritert studium som har med kultur å gjera, både musikk men også litteraturrelaterte retningar.

LES OGSÅ: Synne Vo skriv songar på dialekt, og nektar å knota

– Det var veldig overraskande og hyggjeleg å vinna konkurransen, seier Celine Rognaldsen Mietle. Foto: Privat

Skreiv om nynorskrobot

Celine Rognaldsen Mietle (18) frå Tjøme valde å skriva om nynorskroboten og korleis han kan påverka norskundervisinga i skulen.

– Klassen min fekk denne oppgåva i samband med at skulen eg går på hadde besøk av nokre studentar som skulle gjennomføra eit opplegg med oss. Eg tenke at eg like gjerne kunne senda inn eit bidrag då eg blei kjend med konkurransen, skriv tredjeklassingen på Nøtterøy videregående skole i ein epost til Framtida.no.

I vinnarteksten skriv ho at det er viktig å tenkja på kor avhengige vi vel å gjera oss av nynorskroboten, og åtvarar mot at elevar kan gjera seg ei stor bjørneteneste til eksamen om ein bruker denne i skulen.

Juryen var samstemde om at teksten var eit særdeles godt svar på oppgåva:

«Det er ein tekst som på eksemplarisk vis drøftar emnet om nynorskroboten si rolle i skulen, som viser ulike sider ved denne viktige saka, og som tek tydeleg stilling til ei aktuell sak som opptek mange. Den har god og etterretteleg kjeldebruk og verkar solid på alle vis.»

Kan du tenkja deg å bli med på ein ny skrivekonkurranse?
Framtida.no, Magasinett og Den norske Helsingsforskomité arrangerer skrivekonkurranse om menneskerettar og LHBTQI+!

Illustrasjon: Colourbox. Kollasj: Framtida