Jukseroboten

Celine Rognaldsen Mietle
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget er éin av tre vinnarar i skrivekonkurransen til Fridtiov Oos´legat, Framtida.no og Magasinett. 170 bidrag var med i konkurransen.

Nynorskroboten er eit omsetjingsprogram utvikla av NTB og Nynorsk pressekontor der ein kan omsette heile tekstar og dokument frå bokmål til nynorsk. Programmet skal vere i stand til å omsetje tekstar til god nynorsk. Målet er å gjere nynorsken meir tilgjengeleg.

Elevar i skulen har mellom anna hatt nytte av denne «roboten» når dei skal skrive oppgåver på nynorsk gjennom programmet Apertium som er fritt tilgjengeleg for alle. Dette bekymrar lærarane da dei ikkje lærer nynorsk av det, og vert rekna som juks. Men er Nynorskroboten berre eit verktøy elevane brukar for å jukse på skulen, eller kan det vere eit verktøy vi kan ha nytte av?

Og ikkje minst: kva vil programmet ha å seie for nynorsken si framtid og opplæringa i nynorsk?

Auka tilgjenge på nynorsk i dagleglivet vil truleg gjere nynorsk som skriftspråk meir akseptert og utbreidd.

I utgangspunktet er Nynorskroboten ein genial programvare. Med programmet har ein moglegheit til å omsetje lengre tekstar og dokument på sekund, og utan å kunne språket.

I arbeidslivet kan det mellom anna vere eit godt hjelpemiddel for auka effektivitet og kvalitet. Særleg i mediebransjen er det ein super moglegheit til å spare resursar på å omsetje tekstar eller skrive ein heilt ny tilsvarande artikkel. I staden kan ein bruke tida og ressursane på å skape meir og betre innhald. Ved hjelp av Nynorskroboten får ein derav høve til å ha alle artiklar på begge skriftspråka sidan det ikkje krev særleg mykje meir ressursar. Dette vil igjen auke tilgjengelegheita på nynorsk i dagleglivet.

«Personleg tykkjer eg at det er bra at det ikkje er tillate å bruke Nynorskroboten i skulen», skriv Celine Rognaldsen Mietle (18) i dette innlegget. Foto: Privat

Auka tilgjenge på nynorsk i dagleglivet vil truleg gjere nynorsk som skriftspråk meir akseptert og utbreidd.

Mange av dei som snakkar dialektar i Noreg har eit talemål som er nærare nynorsk enn bokmål, og det vil vere meir naturleg for desse å lese nynorsk framfor bokmål. Viss tekstane òg finst på nynorsk vil dei ikkje bli tvinga til å lese tekstane på bokmål, som kan gjere at nynorsken blir betre bevart og meir utbreidd.

Uheldigvis blir Nynorskroboten misbrukt.

Skuleelevane skriv oppgåvene sine på bokmål og brukar «roboten» til å omsetje til nynorsk. Slik bruk av omsetjingsprogram vil vanlegvis oppdagast av lærarane og stemplast som juks. Men sidan omsetjingsprogram har vorte så gode har lærarane problem med å avsløre jukset og elevane slepp unna. Dette uroar lærarane da elevane ikkje lærer seg skriftspråket og gjer seg sjølv ein stor bjørneteneste. For den dagen eksamen kjem har ikkje elevane tilgang til internett og omsetjingsprogram og får eit stort problem. I tillegg vil vurderingsgrunnlaget bli heilt feil dersom elevane bruker Nynorskroboten. Eleven vil da bli vurdert ut ifrå eit språk dei ikkje kan.

Eit argument som talar for at ein bør revurdere bruken av Nynorskroboten er at det ikkje lenger vil vere naudsynt å lære seg skriftspråket på skulen. Viss ein alltid har tilgang til gode omsetjingsprogram vil det ikkje vere naudsynt å lære seg skriftspråket og opplæringa i nynorsk vil etter kvart takast ut av læreplanen.

Sidan berre 12 prosent av grunnskoleelevane brukar nynorsk, kan ein gå ut ifrå at skriftspråket sakte, men sikkert døyr ut eller at skiljet mellom nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar veks dersom opplæringa i nynorsk forsvinn.

Utviklinga kan føre til at det ikkje lenger er naudsynt at alle skal lære seg nynorsk.

For å samanfatte vil eg seie at Nynorskroboten kan bringe med seg både føremon og ulemper. Nynorskroboten kan gjere arbeid meir effektivt og mindre resurskrevjande. Det kan også gjere nynorsken meir tilgjengeleg og gjere at fleire i samfunnet får anledninga til å møte språket sitt i kvardagen.

Samstundes kan denne utviklinga føre til at det ikkje lenger er naudsynt at alle skal lære seg nynorsk. Viss alle tekstar finst på begge skriftspråka, og ein enkelt kan omsetje tekstar til det skriftspråket ein vil, treng ein i hovudsak berre å lære seg det skriftspråket ein vel å bruke. Dette kan moglegvis få langvarige konsekvensar.

Sjølv om elevane misbrukar Nynorskroboten for å jukse, er det gode moglegheiter for at vi kan dra nytte av han i arbeidet.

Personleg tykkjer eg at det er bra at det ikkje er tillate å bruke Nynorskroboten i skulen. Ein lærer ikkje god nynorsk av å omsetje tekstane frå bokmål til nynorsk i eit omsetjingsprogram, og elevane gjer seg sjølv ein stor bjørneteneste til eksamen. Likevel meiner eg at Nynorskroboten kan vere eit supert verktøy for auka effektivitet og mangfald i mellom anna arbeidet. Men eg tykkjer det er viktig å tenkje på kor avhengige vi vel å gjere oss av Nynorskroboten. Vi må stille oss spørsmålet om vi vil velje bort kunnskap og erstatte han med ein «robot».


Referansar

Caroline Tolfsen, S. V. (2020, november 25). Fryktar nynorsk-robåtgjer det enklare å jukse. Henta frå nrk.no: https://www.nrk.no/osloogviken/fryktar-nynorsk-robot-gjer-det-enklare-a-jukse-1.15250576

Haugtrø, B. (2018, august 12). Vil styrke nynorsken med omsetjingsrobot. Henta frå Framtida.no: https://framtida.no/2018/08/08/nynorskrobot-ei-god-loysing-for-a-dekke-nynorskprosenten

Lønnum, E. (2020, januar). Nynorskrobot styrker mediespråket. Henta frå Språkrådet: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/spraknytt-12020/nynorskrobot-styrker-mediespraket/

Redaksjonen. (2017, 8 11). Synkende prosentandel med nynorsk i grunnskolen . Henta frå SSB: https://www.riksmalsforbundet.no/ssb-synkende-andel-nynorsk-grunnskolen/

LES INTERVJU MED VINNARANE HER!

Vinnarane av skrivekonkurransen er frå venstre: Thea Holand (17) frå Heggen videregående skole i Harstad, Celine Rognaldsen Mietle (18) frå Nøtterøy videregående og Synne Solberg (18) frå Vinstra vidaregåande skole. Foto: Privat