Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Funna våre gir grunn til bekymring, seier Gustaf B. Skar, professor i norskdidaktikk ved Skrivesenteret ved NTNU. Han har skrive rapporten saman med Julius K. Björnsson ved Universitetet i Oslo på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.

I nokre fag er sensorane så usamde at eksamenskarakteren er  betre på å skilja mellom kor strenge sensorane er, enn kompetansen til elevane , ifølgje NTNU-professoren.

– Viss eksamensresultata ikkje er i samsvar landet over, så vil det gjera det vanskeleg og urettferdig for elevane som skal bruka desse karakterane på å koma inn på universitet og høgskular seinare, legg han til.

Gustaf Bernhard Uno Skar er professor i norskdidaktikk ved NTNU og har skrive rapporten om forskjellane i vurderingane til sensorane på eksamen. Foto: NTNU

Fleire karakterar i forskjell

– Det vanlegaste er ein forskjell på 1-2 karaktarar mellom vurderinga til sensorane. Men det er heller ikkje uvanleg med 3-4 karakterar i forskjell, seier Gustaf B. Skar til Framtida.no på telefon.

Størst forskjellar er det i norsk, samfunnsfag og språkfag, medan det innanfor realfaga er mindre forskjellar mellom sensorane.

Analysane er baserte på førebelse karakterar frå dei to sensorane som gjorde ekstern sensurering. Etter at sensorane kjem med førebelse karakterar, møtest dei og blir einige om ein sluttkarakter.

I dag er det ikkje mogleg å gjera denne typen analysar på dei endelege eksamenskarakterane. Derfor er det vanskeleg å seia kor mange elevar som har fått feil karakter, ifølgje Gustaf B. Skar.

– Ikkje grunnlag for seks karakterar

Analysen  viste  vidare  at det ikkje  er  statistisk grunnlag for å skilja mellom seks nivå av kompetanse. I gjennomsnitt klarte eksamen å skilja tre nivå av kompetanse presist nok, men her er det òg forskjellar mellom faga, ifølgje rapporten.

– Eg tenkjer at ein anten må auka talet på oppgåver som skal vurderast, eller vurdera om kompetansen faktisk skal delast opp i seks nivå, seier Gustaf B. Skar.

Han er glad Utdanningsdirektoratet har bestilt rapporten, og håpar den blir følgd opp med meir forsking på sluttkarakter på eksamen.

Ikkje obligatorisk med sensorskolering

Eit anna funn i rapporten er at tolkingsfellesskapet er tilsynelatande lite i mange fag. I dag er det ikkje krav til sensorskolering i vidaregåande skule. Det betyr at ein nyutdanna lærar kan bli sensor utan erfaring med å gi karakterar på eksamen.

Gustaf B. Skar trur at obligatorisk sensorskolering med rigorøs trening vil bidra til å auka samsvaret mellom sensorane. Eit anna grep kan vera å la eit lite tal eksamensoppgåver vera felles for alle sensorar i eit fag.

Avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen i Utdanningsdirektoratet seier til Framtida.no at erfaringa deira er at dei fleste sensorane deltar i sensorskoleringa.

– Vårt ønskje er at flest mogleg gjennomfører sensorskoleringa, seier han.

Elevorganisasjonen: – På høg tid med ny vurderingsform

Kristin Schultz, leiar i Elevorganisasjonen, er ikkje overraska over rapporten.

– Me har fått tilbakemeldingar i fleire år om at elevar klagar på karakteren, og går både opp og ned i karakter.

Kristin Schultz er leiar av Elevorganisasjonen. Foto: Elevorganisasjonen

Ho meiner rapporten viser at eksamen ikkje er ei god vurderingsform.

– Den viser at sensorane vurderer eksamenssvara subjektivt, og at eksamen ikkje er ein treffsikker måte som garanterer at elevane blir vurdert rettferdig, seier Kristin Schultz og held fram:

– Det er på høg tid at me sett oss ned og finn ei ny vurderingsform.

Elevorganisasjonen er positive til å prøva ut mappeevaluering som eit alternativ til eksamen.

Gjer endringar på eksamen

Avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen seier at det ikkje er aktuelt å erstatta eksamen med mappeevaluering med det første. Men han seier at Utdanningsdirektoratet vil koma med fleire endringar i den skriftlege eksamen som skal gjennomførast til neste år etter nye læreplanar. Det er eit mål at det skal bli meir samsvar mellom vurderingane til sensorane.

– Eksamen vil vera sett saman av fleire oppgåver som i større grad skal visa kompetansen til elevane. Me vil òg laga tydelege vurderingskriterium. Forskinga viser at fleire, ulike oppgåver og tydelege vurderingskriterium vil auka samsvaret i vurderingane til sensorane, seier han.

Per Kristian Larsen-Evjen påpeikar at fagleg skjønn fortsatt vil vera viktig.


Hovudfunn i rapporten:

  • Sensorreliabiliteten på skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring varierer ganske mykje.
  • Sensorreliabiliteten er i nokre fag stabilt høg over tid, medan han i andre fag er stabilt låg.
  • Det er ikkje statistisk grunnlag for å skilja mellom seks nivå av kompetanse.
  • Det moglege tolkingsfellesskapet var tilsynelatande lite i mange fag
  • Analysane er baserte på førebelse karakterar frå dei to sensorane som gjorde ekstern sensurering. I dag er det ikkje mogleg å gjera denne typen analysar på endelege eksamenskarakterar. Analysane er gjort med utgangspunkt i vurderingar av 726.440 elevsvar frå åra 2015–2019, i 40 utvalde fag
  • Les rapporten her!