Nesten halvparten av norske vgs-elevar får lågare eksamenskarakter enn standpunkt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åtte åra med eksamen har 47 prosent av norske elevar fått lågare eksamenskarakter enn standpunkt i same fag.

Det viser statistikk frå Utdanningsdirektoratet frå 2020.

Fire av ti elevar får same karakter på eksamen som i standpunkt. Berre 14 prosent får betre karakter på eksamen enn i standpunkt i same fag.

Divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet Sissel Skillinghaug. Foto: Udir

Udir: – Eksamen skal vera lik og rettferdig

Førre veke kom Utdanningsdirektoratet med tilråding til Kunnskapsdepartementet om å avlyse vårens eksamenar for 10. klasse og vidaregåande skule på grunn av det spesielle undervisningsåret norske elevar har hatt.

– Det er eit viktig prinsipp for eksamen at han skal vera lik og rettferdig for elevane, og i dette skuleåret kan me ikkje vera sikre på at alle elevar har fått den opplæringa dei har rett på, understreka divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet Sissel Skillinghaug til Framtida.no.

Rekordhøge karakterar for «koronakullet»

I fjor fekk norske tiandeklassingar rekordhøge 4,32 i karaktersnitt. Det tilsvarar 43,2 grunnskulepoeng og er meir enn eitt poeng høgare enn året før.

Avlyste eksamenar fekk delar av æra for det rekordhøge karaktersnittet, saman med seinare fastsetting av standpunkt.

Også på vidaregåande steig elevane sin snittkarakter i fellesfaga, frå 4,1 til 4,2.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Fleire reagerte difor på at «koronakullet» fekk eit urettvist fortrinn då dei søkte høgare utdanning.

Melby leitar etter rettvis løysing

Både Elevorganisasjonen, lærarorganisasjonar og opposisjonen på Stortinget meiner eksamen 2021 må avlysast.

SV meiner kunnskapsminister Guri Melby somlar i saka, og vil leggja fram eit representantforslag på Stortinget 4. februar.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Overfor VG avviser kunnskapsminister Guri Melby at ho vegrar seg for å ta ei avgjerd.

– Vi må finne ei løysing for sluttvurdering av elevane dette skuleåret som bidreg til eit så godt som mogleg læringstrykk fram mot sommaren, som sikrar at alle kan få vitnemål, samstundes som det skal opplevast rettvist både for noverande og tidlegare elevar, seier Melby til avisa.

 


Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat