Eitt år sidan Noregs første koronatilfelle: – Ikkje få panikk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vi veit i dag, visste vi ikkje då. Både når det gjaldt kor smittsamt det var og kor lang periode det var nødvendig med isolasjon. FHI visste heller ikkje, seier kommuneoverlege Kathrine Kristoffersen i Tromsø kommune til NTB.

For eitt år sidan var verda på full fart inn i ein global pandemi. Land etter land kunne rapportere om dei første smittetilfella av «det nye koronaviruset» frå Wuhan i Kina.

I Noreg var det Tromsø kommune som fekk det første tilfellet i fanget. Ei kvinne som hadde vore på reise i Kina, testa positivt. Ho hamna rett i isolasjon.

Kommuneoverlege Kathrine Kristoffersen i Tromsø fekk det første smittetilfelle i landet i fanget. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB/ NPK

– Smittevernlegen følgde henne opp personleg og ringde henne kvar einaste dag i alle dei vekene ho var i isolasjon. Det vart teke fleire testar, og det var ein langvarig prosess før ho kom ut av isolasjon. Den gong var det ikkje sett nokon reglar om at isolasjonstida var så og så lang, så det varte ekstra lenge, seier Kristoffersen.

– Ikkje få panikk

I ei fråsegn formidla av smittevernoverlege Trond Brattland i Tromsø, dagen etter at smittetilfellet vart kjend, forklarte kvinna korleis ho opplevde situasjonen:

– Eg føler meg frisk og har det bra. Eg får tett oppfølging frå kommunen og andre helsestyresmakter. No vil eg oppmode alle til å setje seg inn i råda som kjem frå styresmaktene og ikkje få panikk, sa kvinna, som ønskte å vere anonym.

Det er ikkje noko som tyder på at kvinna i Tromsø smitta fleire.

I dagane som følgde, vart det òg registrert fleire andre smittetilfelle over heile landet, spesielt frå skituristar som kom heim frå Alpane.

Hugsar du kva vi tenkte om koronaviruset før det kom til Noreg? Her er to saker frå pre-koronatida:

Høie: – Ikkje tid for heimekontor

Helseminister Bent Høie (H) kunne fortelje at han ikkje var overraska over at Noreg hadde fått det første smittetilfellet.

– Sannsynlegvis vil vi få mange fleire smitta i Noreg. Det førebur vi samfunnet og helsetenesta på no. Det kan bli krevjande, men vi har gode tiltak for å hindre spreiing, sa han då Tromsø-tilfellet vart kjent.

Bent Høie møter pressa 26. februar 2020 etter at det er påvist covid-19 i Noreg før første gong.
Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sidan den gong har nærare 70.000 nordmenn fått påvist sjukdommen.

Sjølv om smitten hadde komme til landet, meinte Høie at det ikkje var nødvendig å rigge til heimekontor og unngå offentlege rom på dåverande tidspunkt.

– Nei, definitivt ikkje. No er det tid for å vaske hendene, hoste i papirhandkle og å følgje råda frå helsetenestene, sa helseministeren.

Spesielt år

I Tromsø kommune visste dei ikkje heilt kva dei var med på starten av.

– Eg hadde ei vond kjensle av at dette kunne bli stort og langvarig, men det var veldig vanskeleg å sjå ut over dei konsekvensane det har hatt, som vi no ser i ettertid, seier kommuneoverlegen.

Det har vore eit svært spesielt år.

– Vi har vorte nøydde til å handtere heilt nye oppgåver og tenkje på smittevern på ein heilt ny måte. Eg har hatt ekstremt mykje arbeid i periodar. Det har nesten ikkje vore forskjell på jobb og fritid, seier Kristoffersen.

620 døde

Fasit etter eitt år er at pandemien enno ikkje er over – og framleis veit ingen når han er det. Men ein vaksine er på plass.

– Eg prøver å sjå framover mot lyset i det fjerne. Eg har eit håp om at vi snart ser løysingar og kan leve meir normalt når vi får vaksinert den delen av befolkninga som treng og ønskjer det, seier Kathrine Kristoffersen.

Slik ser tala ut etter eitt år med korona i Noreg:

* Totalt er det teke 3.767.906 koronatestar:

* 69.436 personar har fått påvist smitte

* 2.677 har vore innlagt på sjukehus med covid-19

* 505 har vore innlagt på intensivavdeling

* 620 er døde av sjukdommen

* 298.742 har fått første dose med koronavaksine, og 104.343 andre dose.


Nys korona

Illustrasjon: Colourbox