Jonatan (14) om korona: – Folk tenkte det var ein joke

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me kjem alltid til å vera meir forsiktige med handvask enn me var tidlegare, seier Emma Folgerø-Gjerde (14).

– Eg hugsar at då me kom tilbake til skulen, så lukta det antibac over overalt heile tida. Men no merkar eg det ikkje lenger. Det er akkurat som om eg har blitt immun mot lukta, seier Mathea Onarheim Grønnevik (15).

– Eg trur eg vaskar hendene 30-40 gongar kvar dag, skyt Jonatan Furnes (14) inn.

Som eit tiltak for smittvern er det ikkje lov å gå inn i klasserommet til andre klassar. I friminutta er det lov å vera med kvarandre, så lenge ein held éin meters avstand.

Men det sosiale livet på fritida er nesten tilbake som normalt. Heile gjengen går på teater i kulturskulen i lag. Det har dei fleste gjort i mange år.

Utanfor Bremnes ungdomsskule møter Framtida.no sju tiandeklassingar som har vore med på å laga videoar som del av eit større dokumentarfilmprosjekt om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Hannah Stokkenes Jenkins (14), Emma Folgerø-Gjerde (14), Edith Nilsen Ådnanes (15), Jonatan Furnes (14), Ylva Våge Bjørklund (14) og Håvard Folgerø-Holm (15) var med på lanseringa av dokumentarfilmprosjektet «Generation Corona» i regi av Moster 2024.

– To månader med drit

I starten trudde dei at koronaviruset berre var ein influensa og alle gjekk rundt sa at dei var forkjølte.

– Folk tenkte det var ein joke heilt i starten, seier Jonatan Furnes.

Men det var ingen spøk, og skulen stengde brått.

– Eg tenkte «ja, ferie, det blir gøy!», men så blei det to månader med drit, seier Mathea Onarheim Grønnevik.

Teamsmøte i senga

Då det var heimeskule blei det seigare å koma seg opp om morgonen. Dei fleste stod opp fem minuttar før alle skulle møta klassen på Teamsmøte.

– Eg hadde klokka mi på 0858, seier Edith Nilsen Ådnanes (15). Klokka 09 starta teamsmøtet.

Teamsmøta hadde dei fleste i senga.

– Av og til sa læraren at alle måtte ta på kameraet. Då skrudde alle på mikrofonen og skreik «NEI!» ler Mathea Onarheim Grønnevik.

Elevane ved Bremnes ungdomsskule har gått på teater i lag i fleire år, og treffest ofte i fritida.

Elevane er litt usamde om korleis det var å læra i heimeskuletida.

– Eg synest det var ganske greitt, for me fekk jobba i vårt eige tempo og gjera ei oppgåve om gongen heilt til me forstår han, seier Edith Nilsen Ådnanes.

Men det er forskjell på kva fag som passar med heimeskule. Språkfag, som spansk, er vanskelegare.

– Den hjelpa du har er å googla, for det er ikkje garantert at læraren svarar når du ringer, fortel Mathea Onarheim Grønnevik. Vanlege fag som naturfag og samfunnsfag går fint å jobba med åleine. Matte er det verre med.

– Det er eit fag som er veldig vanskeleg å få hjelp med, når du ikkje kan få hjelp fysisk.

Å ta ordet som den einaste i klassen i eit Teams-møte er heller ikkje så lett, sjølv for scenevande teaterelevar.

Klassen hadde eigen klassechat som dei brukte. Viss nokon ikkje turde å spørja om pause eller å jobba i grupper, så blei det alltid éin dei spurde om å spørja læraren.

Elevane ved Bremnes ungdomsskule er ikkje heilt einige om kven som har hatt der verst i koronatida.

Kven har hatt det verst?

– Kven har hatt det verst, under koronatida, trur de?

– Eg trur det er dei 40 år gamle mennene som ikkje får reisa på skitur til Alpane, seier Mathea Onarheim Grønnevik og ler.

– Eg trur både vaksne og ungdommar har hatt det ganske gale begge to, seier Hannah Stokkenes Jenkins (14). Unge har gått glipp av skulen, men dei vaksne har hatt heimekontor.

Eg trur ikkje det har vore lett for nokon. Det er ikkje så lett å jobba heimefrå

– Eg trur ikkje det har vore lett for nokon. Det er ikkje så lett å jobba heimefrå, seier Emma Folgerø-Gjerde.

Det sosiale er også noko dei sakna. Men ungdommane synest meir synd på besteforeldre og oldeforeldre som ikkje kunne få besøk. Ungdommane sjølve trefte kvarandre maks tre om gongen. Det sosiale livet blei nesten heildigitalt.

– Me sat og snakka saman éin og éin – heile tida. Snapscoren til alle fauk i vêret! ler Mathea Onarheim Grønnevik.

Generasjon korona?

Tiandeklassingane synest det var kjekt å spela inn videoar om koronatida. Dokumentarfilmprosjektet dei har vore med på er i regi av Moster 2024-jubileet – 1000-årsjubileet for innføringa av kristenretten – og har namnet «Generation Corona».

Ikkje alle er samde i at dei er koronagenerasjonen.

– Me er generasjon Z, seier dei i kor. – Det er veldig viktig!

– Men me kjem til å bli det, seier Emma Folgerø-Gjerde. Og trur det vil stå om dei i framtidige lærebøker. Og når dei sjølve er besteforeldre, så kan dei fortelja barnebarna om den gongen dei hadde heimeskule i to månader.

Hannah Stokkenes Jenkins (14) (t.v.) skal konfirmera seg snart, men korona gjer at faren hennar i England ikkje får bli med. – Det er trist, men sånn er det, seier ho.

Saknar å klemma

Men kva er det dei saknar frå tida før korona?

– Ikkje halda avstand heile tida, seier Jonatan Furnes.

– Å klemma kven me vil, seier Emma Folgerød Gjerde.

– Og å kunne hosta, utan at folk ser stygt på deg og får panikk, seier fleire av dei i kor.

Elles er Bergens-tur og vera meir med venner i fritida på lista.

Alt er mogleg

Elevane trur koronasituasjonen vil påverka dei i framtida også, også ved sida av handvasken.

Eg trur eg alltid kjem til å kjenna på det når eg dreg utanlands, og til og med til Bergen

– Det vil alltid ligga i bakhovudet: Kva viss eg gjer det, og kva viss eg gjer det. Det var jo ikkje lov før. Eg trur eg alltid kjem til å kjenna på det når eg dreg utanlands, og til og med til Bergen. Eg kjem til å føla at det ikkje er heilt trygt, seier Hannah Stokkenes Jenkins.

– Men det er jo positive ting med det me har opplevd òg. For eksempel at me lært oss sjølv gode læremåtar når me må læra oss sjølv meir, seier Ylva Våge Bjørklund (14).

– Men trur de at det de har opplevd i koronatida vil påverka dykk når de blir vaksne?

– Ja! seier dei i kor.

– Det har vore eit heilt spesielt år, seier Mathea Onarheim Grønnevik, og held fram:

– Det kjem til å følast som om alt er mogleg. For det kom som fort, sant. Eg kjem til å tenka på at noko slikt som dette kan skje igjen, for det kom så fort. Du kjem alltid til å ha ein sånn følelse og vera litt redd for at noko skal skje.

Følg oss på Instagram og Facebook!

________________________________________________________________________

Emilie Hansen vart verande i Barcelona, sjølv etter all undervisning vart digital og alle vart sette i karantene. Foto: Privat

Fakta: «Generation Corona»

  • Med koronapandemien som bakgrunn ynskjer Moster 2024 å få innblikk i ungdom sitt liv i koronatida, fortald gjennom korte eigenproduserte filmar på inntil 2 min.
  • Bidraget kan vere utan ord, uttrykt gjennom musikk, dans eller andre uttrykk.
  • I løpet av oktober vil desse bli sett saman til eit dokumentarprosjekt.