Treng vi å frykte koronaviruset i Noreg?

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 10.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I Kina, og spesielt Hubei-regionen, er det høg risiko, men der har Kina sette i gong store isolasjonstiltak. Så langt er faren låg i Noreg, då det ikkje er tilfelle av viruset her.

Det er oppsumeringa frå professor Rebecca Cox, leiar av influensasenteret ved Universitetet i Bergen.

Utbrotet starta i desember 2019. Kinesiske myndigheiter identifiserte viruset som koronavirus den 7. januar 2020.

Viruset kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske, som i fleire tilfelle har gitt mild sjukdom, men òg alvorleg sjukdom og død.

Ifølgje Johns Hopkins University, som følgjer spreiinga av viruset, har 28.296 menneske blitt smitta av viruset sidan 2019. Talet aukar dagleg. 1. februar var det 11 000 smitta, det gir ein dobling av smittetilfelle på under fem dagar.

Av dei 28 296 som har fått viruset har det vore 565 dødsfall, medan 1254 menneske har blitt friske.

Må sjå sjukdomen i perspektiv

Samstundes som Cox beskriv faresituasjonen som låg, påpeikar ho at det er viktig å sjå viruset i perspektiv.

Tysdag 4. februar blei eit konferansesenter gjort om til midlertidig sjukehus i Wuhan i Hubei-regionen. Fleire enn 20 000 menneske var smitta av koronaviruset på dette tidspunktet. Foto: Chinatopix via AP

Kvart år døyr omkring 1000 nordmenn av influensa. Faren for nordemenn er at nokon med koronaviruset kjem til landet og smittar andre.

Den største frykten er at viruset skal bli ein pandemi.

Pandemi er sjukdom som rammar mange menneske og breier seg over eit stort geografisk område, som fleire verdsdelar. WHO meldte den 4. februar at utbrotet av koronaviruset ikkje er ein pandemi.

– På kart over smitta ser vi at det er dei som har reist frå Kina som har smitten i det landet, men det har ikkje smitta seg vidare til andre i andre land utanfor Kina. I Hubei-regionen i Kina er det ein epidemi, men framleis er det eit lokalisert utbrot, då over halvparten av totale tilfelle er i denne regionen, seier Cox.

Ein epidemi er auka forekomst av sjukdomar eller dødsfall blant menneske innanfor eit avgrensa eller definert tidsrom.

Med dagens mengde reising kan faren for spreiing av sjukdom vere større enn tidlegare. I 2002 var SARS eit anna virus som spreidde seg i Kina, men på få år har reisevanane forandra seg nok til at pandemifaren er større.

– Kinesarane reiste mindre inn og ut av landet i 2002, då SARS-utbrotet føregjekk. Med auke i reising blir det auke i sannsynlegheit for at smitta spreier seg raskare.

Mediahandtering

Koronaviruset har vore noko av det mest omtalte i norske og utanlandske medier dei siste vekene, trass i at viruset endå ikkje utgjer ei fare utanfor Kina.

– Det var lenge eit utkjent virus, men dei siste fire vekene har vi fått meir kunnskap. Når det kjem ny kunnskap raskt blir det ein stor nyheit. No veit vi kva virus det er, og på Haukeland har vi diagnostikk på å dektere virus og begynner å få eit betre bilete til å gi behandling.

Rebecca Cox er virusekspert ved Universitetet i Bergen. Foto: UiB

Ho trur at å sette utbrotet i perspektiv, spesielt knytt til at det er høgsesong for influensa, som ho seier er mykje farlegare enn korona for oss, har mangla i mediebiletet.

– Eg forstår media godt. Det er heile tida noko å rapportere om. Men årstida vi er i er høgtid for liknane sjukdomar som er farlegare. Vi må òg hugse på at vi har god bereiskapsplan og godt helsevesen i Noreg, som begge er førebudd på store utbrot.

Tidlegare sjukdomsutbrot

Sist det var liknande fare for pandemi var i 2013. Då blei det meldt om utbrot av ebolaviruset i Vest-Afrika. Dette var verdshistorias største utbrot av ebolaviruset. Lenge blei det frykta at viruset skulle spreie seg til Noreg. Sjølv om ei norsk kvinne blei smitta av viruset, blei ho isolert ved Rikshospitalet og behandla utan skadar.

– Ho var lege frå Leger Utan Grenser og blei isolert på Riksospitalet der dei hadde nødvendig smitteisolasjon. Ho fekk behandling der og blir frisk igjen.

Samanlikna med ebolaviruset er koronaviruset meir smittsamt, sidan det er ein luftsvegsinfeksjon. Samtidig har koronaviruset ein dødelegheit på 2% av smitta, som er mykje lågare enn kva ebola hadde.

– Dei som er mest utsette for å bli smitta er helsearbeidarar som jobbar med dei sjuke. Det er mogleg at koronaviruset spreier seg til Noreg, men om det blir isolert er faren låg.

Store byar blir stengde

Kina har sett i gong tiltak for å stanse spreiinga. Store byar er i isolasjon, det er kutt i transport mellom store byar, bedrifter og hotell er stengt. Fleire nasjonar seier no ein skal revurdere  å reise til Kina.

Talet på smitta av koronaviruset er 20 000 menneske, med nærare 15% auke kvar dag.

80% av smitta har det som ei mild forkjøling, medan 20% har alvorleg smitte. Av dei 2% av smitta som døydde var 80% av dei over 60 år og 75% hadde underliggande sjukdom.

– Eg tenker ein må følge med på situasjonen, men treng ikkje vere bekymra.  Vi forstår meir og meir, og Kina har vore open om kva som skjer.

Coalition for Epidemic Preparedess Inovations finansierte nyleg utviklinga av ein vaksine mot viruset som kan nedkjempe sjukdom

Ein mann i Macao i Kina brukar munnbind for å beskytte seg mot infeksjon av koronaviruset. Foto: Macau Photo Agency on Unsplash