Dette er FHIs korona- og influensaråd

Folkehelseinstituttet (FHI) ventar at influensa- og koronatilfelle vil auke utover vinteren. Dette er råda.

NPK-NTB
Publisert

Talet på nye innleggingar med stadfesta covid-19 har auka gjennom fleire veker.

Influensautbrotet i sesongen er enno ikkje i gang, men FHI trur at det kanskje kjem rundt juletider i år. Førekomsten er framleis på eit lågt nivå, men han har også vore aukande over fleire veker, opplyste FHI i den siste vekerapporten sin.

Om ein kjenner seg sjuk, er dei viktigaste råda til FHI å følgje med på allmenntilstanden og pusten.

Ved nyoppstått luftvegssymptom og nedsett allmenntilstand bør ein halde seg heime til ein kjenner seg frisk.

– Fastlegen og legevakta er tilgjengeleg viss ein er uroleg og treng råd, seier FHI-overlege Preben Aavitsland til NTB.

Dårlegare immunitet ved mindre sjukdom

Sjølv om ein ønskjer å halde seg frisk, kan lange periodar utan sjukdom føre til dårlegare immunitet.

– Kan ein unngå å bli sjuk?

– Ein kan prøve å utsetje tidspunktet for neste episode med korona eller influensa, til dømes ved å vaksinere seg og halde seg unna andre menneske, særleg innandørs. Jo lenger ein utset, jo dårlegare immunitet har ein neste gong ein blir smitta, og då kan sjukdommen bli verre. Dette er noko folk får bestemme sjølv, seier Aavitsland.

– Vi må leve med at både korona, influensa og fleire andre luftvegsvirus vil vere her for alltid. Det betyr at vi alle blir smitta ein gong iblant, seier han.

Vanskeleg å skilje symptom

I periodar med mykje sjukdom kan det vere vanskeleg å skilje symptoma på dei ulike sjukdommane.

– Ein klarer normalt ikkje å skilje symptoma på influensa, korona og kikhoste. Men hos spedbarn kan kikhoste gi hosteanfall som er så kraftige at barnet har problem med å puste inn, seier Aavitsland.

I veke 45 var det under fem innleggingar for kikhoste og RSV-infeksjon hos barn mellom null og fire år.

Koronatest er unødvendig

FHI følgjer utbreiinga av koronasmitten gjennom fleire ulike system. Mellom anna via overvaking av koronavirusmengda i avløpsvatn, og vekevise spørsmål til eit befolkningspanel. Likevel seier Aavitsland at koronatesting er valfritt.

– Det bestemmer ein sjølv. Det er ikkje nødvendig, for våre råd er dei same anten ein testar seg eller ikkje, og same kva testen viser, seier Aavitsland.

Viss ein er eldre eller tilhøyrer ei risikogruppe, kan det likevel vere aktuelt med testing slik at ein eventuelt kan ta medisin mot korona.

Tilrådd vaksinasjon for risikogrupper

Dette er råda frå Folkehelseinstituttet om kven som bør ta oppfriskingsdose av koronavaksine for vinteren 2023/24.

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Personar i aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Barn frå 6 månader – 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom legen til barnet vurderer dette som viktig
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko