Dette skjer om det nye coronaviruset når Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag møttest Beredskapsutvalet mot biologiske hendingar for første gong for å diskutere virusutbrotet, som førebels i hovudsak har ramma Kina.

– Vi drøfta strategiane vi har for å gi tilbod til dei som blir sjuke og ei aktiv smitteoppsporing for å hindre at smitte brer seg, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB.

Aktørane i helsevesenet samarbeider allereie tett i førebuingane på at viruset kan nå Noreg, men i utvalet som møttest måndag, deltar òg mellom anna Mattilsynet, Forsvaret, politiet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Utanriksdepartementet.

– Vi har ein god beredskap viss vi skulle få smitta personar, seier helsedirektøren.

Heimeisolasjon

Guldvog forklarer dei viktigaste punkta i beredskapen slik:

– Dei første sjukdomstilfella vil truleg bli avdekte ved at nokon blir sjuke og kan fortelje at dei anten har vore i Kina eller har vore i kontakt med nokon virussjuke utanfor Kina. Dette må ha skjedd innan fjorten dagar før dei sjølv vart sjuke.

Når det dukkar opp slike tilfelle, vil det bli tatt ein test av dei.

– Dei vil bli tatt hand om av den lokale helsetenesta først. Viss dei ikkje er veldig alvorleg sjuke, vil dei i første omgang bli bedne om å frivillig isolere seg sjølv i sin eigen heim. Er dei alvorleg sjuke, blir dei innlagt på sjukehus med eit sikkert smitteregime og behandling, seier Guldvog.

Direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet seier Wuhan-viruset ser ut til å vere ein relativt mild sjukdom for dei aller, aller fleste. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Sporar opp nettverket

Når pasienten er isolert, byrjar helsestyresmaktene arbeidet med å nøste i nettverket rundt.

– Vi byrjar med intervju av pasienten om kven dei har vore i kontakt med. Så prøver vi å finne alle dei kan ha vorte smitta av – og folk dei kan ha smitta, nettopp for å hindre at dei smittar vidare til anna folk. Dette er effektive tiltak som vi er godt trena på i Noreg.

Guldvog ber folk som mistenkjer at dei er smitta av Wuhan-viruset, om å ta kontakt med helsetenesta.

– Men vi ønskjer ikkje at dei skal møte opp fysisk. Dei bør ringje fastlegen sin eller 116 117, som er det nasjonale legevaktnummeret. Då vil dei få profesjonell hjelp, både med sjukdommen og til å ikkje smitte vidare, seier han.

Mykje sjukefråvær

Grunnen til at etatar som politiet og forsvaret var med på møtet på måndag, er mellom anna for å planleggje kva som skal skje dersom ein stor del av folket blir smitta samtidig.

– Vi kan kome i ein situasjon der mange har sjukefråvær samtidig, både i politiet og i behandlingstenesta. Då er det viktig å førebu seg. I tillegg er det viktig at til dømes politiet har gode rutinar for korleis dei handterer folk som kan vere smitta.

Guldvog understrekar at det framleis er mykje dei ikkje veit om det nye viruset.

– Vi veit framleis ikkje nok om kor smittsamt og kor alvorleg viruset er. Men slik situasjonen er no, ser det ut til å vere ein relativt mild sjukdom for dei aller, aller fleste. Folk med kroniske lidingar, nedsett immunforsvar og eldre, kan vere meir sårbare. Det er for å verne dei vi gjennomfører tiltaka for å avgrense smitten.

Kina har innført massive smitteverntiltak og sette opp eit nytt sjukehus på berre 10 dagar: